Verbspå

Elevane lagar ein spå som dei bruker til å repetere verbbøying med.

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren deler ut kvadratiske ark til alle elevane i klassen.
  • Elevane brettar kvar sin spå. Dei vel åtte verb som dei teiknar eller skriv på norsk på utsida av flikane. På innsida av flikane skriv dei omsetjinga og bøyinga av verbet i alle personar.
  • Når elevane er ferdige, går dei rundt i klassen og finn ein partnar.
  • Elev A seier eit tal mellom null og ti på målspråket. Elev B tel fram til dette talet og viser innsida av spåen. Elev A vel ein av flikane og omset verbet til målspråket. Elev B seier eit pronomen som elev A skal bøye verbet med.
  • Elev B sjekkar svaret ved å løfte fliken. Dersom svaret er rett, får elev A eitt poeng. Deretter byter dei roller.
  • Når begge elevane har svart, byter dei spå og finn nye partnarar.
  • Når tida er ute, kårar læraren ein spåmeister, det vil seie den eleven som har flest poeng.

 

Publisert 29. jan. 2020 14:40 - Sist endret 15. des. 2020 14:19