La Guerra Civil Española (1936-1939)

Trinn: Nivå III. Tema: Den spanske borgarkrigen. Tid: 1 veke (5 timar)

Kompetansemål

Kommunikasjon

  • forstå innholdet i lengre muntlige og skriftlige autentiske tekster i ulike sjangere
  • bruke hensiktsmessige lese-, lytte-, tale- og skrivestrategier

Språk, kultur, samfunn

  • formidle kunnskap om aktuelle samfunnsforhold, historie, geografi og religion i språkområdene

Læringsmål

  •  lære vokabular og få kunnskapar om årsakene til, utviklinga i og konsekvensane av den spanske borgarkrigen 
  •  trekkje ut sentrale aktørar og hendingar i den spanske borgarkrigen ved å lese og lytte til ulike tekstar om emnet 
  •  fortelje om nordmenns deltaking i den spanske borgarkrigen

Ressursar

Internettsider

Videoklipp med tilhøyrande kommentarar som tekstvedlegg (ArteHistoria)

Aktuell litteratur på norsk

  •  Slapgard, Sigrun. 2002. Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk. Oslo: Gyldendal.
  •  Moen, Jo Stein og Rolf Sæther. 2009. Tusen dager. Oslo: Gyldendal. Sjå også Tusen dager 
  •  Grieg, Nordahl. 1937. Spansk sommer
  •  Grieg, Nordahl. 1938. Ung må verden ennu være
  • Lindbæk, Lise. 1938. Bataljon Thälmann.

Filmar

  •  ¡Ay, Carmela! av Carlos Saura
  •  La lengua de las mariposas av José Luis Cuerda

Førbuingar

Læraren bør introdusere emnet med eigen presentasjon / eige foredrag.
Elevane kan lage kjenneteikn på måloppnåing for den munnlege presentasjonen.

Plan for opplegget

1. Introduksjon
Lærarforedrag om Den andre republikken, kuppforsøket og utbrotet av borgarkrigen.

2. Krigsgangen 
Videoen La Guerra Civil Española visualiserer korleis frankistane la Spania under seg, og elevane kan i tillegg følgje kommentarane på eige ark 

3. Republikansk og nasjonal sone

4. Den internasjonale dimensjonen og dei internasjonale brigadane

5. Oppgåve 
Lag di eiga liste over vokabular, organisasjonar og personar i tilknyting til den spanske borgarkrigen. Lag ei oversikt over avgjerande hendingar og slag. 

6. Oppgåve 
Lag eit foredrag / ein presentasjon om nordmenn i den spanske borgarkrigen for spansktalande. Ta utgangspunkt i Slapgard 2002 eller Moen 2009.

7. Oppgåve 
Gerda Grepp og Lise Lindbæk var norske journalistar som rapporterte frå den spanske borgarkrigen til norske aviser. Lag eit foredrag / ein presentasjon for spansktalande der du presenterer den eine av eller begge desse krigskorrespondentane og kva dei gjorde i Spania. Bruk internett og/eller Slapgard 2002 og Moen 2009 som kjelder.

8. Oppgåve
Nordahl Grieg skreiv diktet Til ungdommen i 1936 på bakgrunn av utbrotet av den spanske borgarkrigen. Presenter forfattaren og diktet for eit spansktalande publikum, og gjenfortel innhaldet i diktet på spansk.

Forslag til differensiering 
Elevane kan

  •  velje mellom songar eller dikt om den spanske borgarkrigen. Setje seg inn i innhaldet og presentere songane/dikta for medelevar 
  •  lage eigne ordlister og fordjupe seg i ulike emneord
  •  velje ut / arbeide meir med éi av skriveoppgåvene
  •  velje ut eitt eller færre moment i oppgåve 4) og konsentrere seg om det/dei

Refleksjon og vurdering

Formell vurdering 

Munnlegg presentasjon av nordmenns deltaking i den spanske borgerkrigen.

Uformell vurdering

Elevane kan vurdere kva dei har lært av dei andre sine presentasjonar. 

Oppfølging

  • Sjå filmen Soldados de Salamina av David Trueba.
  • Los años de la posguerra. El régimen de Franco.
  •  Los maquís.
  • La transición y la democracia.
  • La Ley de Memoria Histórica de España.
  •  La literatura de exilio y de memoria (utdrag frå bøkene nedanfor): 

Jorge Semprún: El largo viaje 
Max Aub: El laberinto mágico
María Teresa León: Memoria de la melancolía 
Constancia de la Mora: Doble esplendor 
Almudena Grandes: El corazón helado

Kommentarer

Den spanske borgarkrigen er eit dagsaktuelt tema i dagens nyheitsbilete i Spania. Ein kan såleis både finne stoff om korleis spanske borgarar i dag prøver å handtere dette traumet, og dokumentarstoff/reportasjar frå borgarkrigen i ei rekkje spanske medium. Her er t.d. ei lenkje til den republikanske presidenten Azañas siste tale til folket før republikanarane kapitulerte

Idé og utarbeidelse

 

Margrethe Heltzer Anderssen

Publisert 7. feb. 2020 17:06 - Sist endret 7. feb. 2020 17:47