Soldados de Salamina

Trinn: Nivå III. Tema: Forteljingar om Den spanske borgarkrigen. Tid: 1-3 veker (5-15 timer).

Kompetansemål

Språklæring

  • bruke Internett og andre medier kritisk og bevisst som ledd i egen språklæring 

Kommunikasjon

  • forstå innholdet i lengre muntlige og skriftlige autentiske tekster i ulike sjangere
  • gi uttrykk for egne synspunkter og tanker, opplevelser og følelser muntlig og skriftlig

Språk, kultur og samfunn

  • formidle kunnskap om aktuelle samfunnsforhold, historie, geografi og religion i språkområdene
  • diskutere flerkulturelle forhold i målspråkområdet, reflektere over kulturforskjeller og vise forståelse i møte med andre kulturer
  • formidle opplevelser knyttet til estetikk og kulturformer og analysere innhold og form i litteratur, film, musikk, kunst og andre kulturformer

Læringsmål

  • snakke om / analysere film (og utdrag av bok)
  • fortelje om fortida (preteritumsformer)
  • setje seg inn i ein hypotetisk situasjon og uttrykkje hypotesar i fortid på spansk
  • ta i bruk ulike kjelder for å tileigne seg kunnskapar om spansk historie
  • gi uttrykk for eigne synspunkt og tankar

Ressurser

Film

  •  Soldados de Salamina 2003 (1t 58 min)

Bok

  • Soldados de Salamina av Javier Cercas 

Song

  •  Suspiros de España (pasodoble, sentral i filmen), finst i mange variantar med ulike artistar på YouTube.

Internettsider

Forberedelser

Elevane bør ha vore gjennom eit opplegg om den spanske borgarkrigen for å kunne tolke filmen/boka. Elles treng elevane vokabular for å kunne analysere narrative- og filmatiske verkemiddel.

Plan for opplegget

Her er eit sett med differensierte oppgåver (Word) som ein kan plukke frå, alle med utgangspunkt i filmen. Ulike innfallsvinklar gjer at ein kan få mykje ut av filmen om ein tek i bruk Internett og bibliotek for å finne ekstramateriale. Etter at elevane har arbeidd skriftleg med oppgåvene, vil fleire av dei kunne brukast til klasseromssituasjonar. Oppgåvene opnar for å lage skriftlege tekstar eller multimediale produkt. Eit minimumsopplegg der ein berre ser film og skriv referat, tek ca. ei veke / 5 timar.

Evaluering og vurdering

Oppgåveframlegga opnar for at elevane kan lage ulike produkt for vurdering, t.d. skriftlege arbeid, multimediale produkt eller klasseromspresentasjonar og foredrag. Vurderingskriteria kan utarbeidast av lærar og elevar i fellesskap. Dei fleste oppgåvene er omfattande og høver godt som grunnlag for formell vurdering av både språk og innhald.

Oppfølging

Debatten om Den spanske borgarkrigen og lova om det historiske minnet er aktuell og levande i dei spanske media.

Avisartikler (El País)

 

Eleven kan og undersøkje kor mange nordmenn som deltok i Brigadas Internacionales, kvifor dei deltok, korleis det gjekk med dei og liknande.

Kommentarer

Nokre andre filmar som handlar om Den spanske borgarkrigen og etterkrigstida: 
¡Ay Carmela! av Carlos Saura, Libertarias av Vicente Aranda, Tierra y libertad av Ken Loach og Los girasoles ciegos av José Luis Cuerda. 
Los girasoles ciegos, roman av Alberto Méndez.

Idé og utarbeiding

Aase Norunn Digernes

Publisert 7. feb. 2020 17:06 - Sist endret 7. feb. 2020 17:43