Forskning, utvikling og analyse

På desse nettsidene informerer Framandspråksenteret om forsking og utvikling innanfor framandspråk og framandspråkdidaktikk. Du finn òg informasjon om kor mange elevar/studentar det er på dei ulike språkfaga.

FoU-prosjekt

Som eit ledd i arbeidet med strategiplanen Språk åpner dører 2005–2009 sette Framandspråksenteret i gang ei rekkje forskings- og utviklingsprosjekt som blei gjennomførte av engasjerte fagpersonar ved ungdomsskular, vidaregåande skular og universitet rundt omkring i landet. Dei ulike prosjekta kan du lese meir om under knappane i menyen til venstre.

Statistikk og analyse

Framandspråksenteret samlar årleg informasjon om fagvala til elevar og studentar innanfor engelsk og framandspråk, og vi utarbeider korte analysar som er baserte på tilgjengeleg statistikk og talmateriale. Meir informasjon finn du under knappen «Elevenes fagvalg – statistikk og analyse».

Fokus på språk

Framandspråksenteret har ein eigen skriftserie, Fokus på språk. Her publiserer vi resultat frå forsking og utvikling innanfor framandspråk og didaktikk, både frå senteret sine prosjekt og frå eksterne bidragsytarar. Meir informasjon om skriftserien finn du i menyen til venstre.

Temasider

Vi er for tida i ferd med å byggje opp ei samling temasider (sjå menyen til venstre). Her vil du finne informasjon om og frå forsking på ulike språkovergripande tema med relevans for framandspråklæring og  didaktikk.

Masteroppgåver og doktorgradsavhandlingar

Her kan du laste ned oversiktar over masteroppgåver og doktorgradsavhandlingar om framandspråk (didaktikk) frå 2011 og 2012 (Excel)

Her kan du laste ned oversikta over masteroppgåver og doktorgradsavhandlingar om framandspråk (didaktikk) frå 2013 (Excel)

Her kan du laste ned oversikta over masteroppgåver og doktorgradsavhandlingar om framandspråk (didaktikk) frå 2014 (Excel)

Her kan du laste ned oversikta over masteroppgåver og doktorgradsavhandlingar om framandspråk (didaktikk) frå 2015 og 2016 (Excel)

Her kan du laste ned oversikta over masteroppgåver og doktorgradsavhandlingar om framandspråk (didaktikk) frå 2017 og 2018 (Excel)

Forsking og utvikling

Forsking og utvikling driv skulen framover. På desse sidene informerer vi om forsking og utvikling innanfor framandspråk og framandspråkdidaktikk. Du finn òg informasjon om kor mange elevar/studentar det er på dei ulike språkfaga.

Publisert 21. feb. 2020 08:20 - Sist endret 21. feb. 2020 08:20