Fokus på språk

Fokus på språk er publikasjonsserien til Framandspråksenteret.

Serien har som mål å bidra til auka kvalitet i framandspråkopplæringa. Vi publiserer døme på god praksis, rapportar frå forsøksprosjekt, spesialutgåver om språka vi har ansvar for, og vitskaplege artiklar som set fokus på framandspråk (didaktikk) i Noreg. Serien er open for eksterne bidragsytarar.


Spesialutgåver av Fokus på språk

I 2007 og 2008 kom det ut fem spesialutgåver i serien vår: Fransk i verden, Russisk i verden, Tysk i verden, Spansk i verden og Engelsk i verden. I 2009 og 2010 har vi oppdatert hefta for fransk, russisk, tysk og spansk. I tillegg har vi publisert fleire nye hefte: Antikkens språk i verden, Kinesisk i verden, Portugisisk i verden, Koreansk i verden, Japansk i verden og Arabisk i verden. Desse publikasjonane er trykte i fargar og i eit litt mindre og hendigare format enn til vanleg. Hefta gir eit overblikk over dei ulike områda der språket blir snakka, og dei er mynta på elevar, foreldre og rådgivarar som ønskjer å bli kjende med språka og finne ut kvifor dei er nyttige å kunne.

Hefta er gratis og du kan bestille dei frå Framandspråksenteret sitt bestillingstorg.

Kontakt Fremmedspråksenteret dersom du har spørsmål: info@fremmedspraksenteret.no 

Publisert 25. feb. 2020 12:21 - Sist endret 26. feb. 2020 12:47