Presentasjon av prosjekt for Universitets- og høgskolerådet (UHR)

Det var stor interesse blant medlemmene i Universitets- og høgskolerådet for Lærerutdanning (UHR-LU) da resultat frå fire prosjekt med fokus på studentaktive og studentintensive læringsformer (STIL) blei presentert under møte i Trondheim fredag 22. mars.

Foto: Privat

Studieåret 2017-2018 var  Ilka Nagel, Gunhild Brænne Bjørnstad og Benthe Kolberg Jansson prosjektleiarar for utviklings- og forskingsprosjektet Studentaktive læringsformer, også kalla STIL 2.0. Prosjektet er eit av fem prosjekt som fekk støtte frå Senter for fremragende lærerutdanning (ProTed) ved Universitetet i Oslo. Støtta var på 1,4 millionar kroner. Hausten 2018 vart det utarbeidd ein sluttrapport for alle dei fem prosjekta, og resultata vart presentert for Universitets- og høgskolerådet for lærarutdanning på møte i Trondheim 22. mars. 

Prosjektet er knytt opp mot innføring av dei nye femårige grunnskulelærarutdanningane og blei ved Høgskolen i Østfold gjennomført blant føresteårsstudentar på desse studia. Samarbeidslæring og respons med bruk av digitale verktøy stod sentralt.

Samarbeidslæring og respons. 

Resultata viser blant anna at strukturert samarbeid kan styrke profesjonsfagleg innsikt, og studentane opplever at digitale verktøy (ARC) er nyttige når dei skal gi kvarandre respons.

Les om STIL-prosjektet og rapportane frå dei fem prosjekta på heimesidene til ProTed (Senter for fremragende lærerutdanning, UiO).

Publisert 22. mars 2019 15:29 - Sist endret 23. apr. 2019 15:30