Pågående prosjekt

Valfag og karakterar i Ungdomskulen

På bakgrunn av at entusiastar hevdar at programmering er godt for alle typar evner frå problemløysing til kreativitet har eg lyst til å finne ut av nettopp det. For å finne ut av dette vil eg sjå på korleis elevar utviklar seg i laupet av ungdomsskulen. Eg vil samanlikne dei som vel «programmering valfag» med dei som vel andre ting. Ein kan undersøkje denne utviklinga på mange ulike vis, men eg har lyst å sjå på utviklinga i karakterar frå nasjonale prøver på 8. trin (som vert gjennomført på hausten) til avgangskarakterane på 10. trin.

Karakterdata

Det er rundt rekna 60 000 personar i kvart årskull i Noreg. Valfaga vart gjeninnført i si noverande form i 2012. I nasjonal utdanningsdatabase (NUDB) fins karakterar for alle elevar på alle nasjonale prøver samt avgangskarakterar. Dermed er det mogeleg å fylgje utviklinga til kvar einskild elev frå byrjinga til slutten av ungdomsskulen. Eg har fått låne data for to årskull, dei som byrja på ungdomsskulen i 2012 og 2013. Desse vart ferdige med 10. trin 2015 og 2016.

Kva samanhengar kan ein sjå etter?

Med eit så stort datamateriale på personnivå kan ein sjå etter mange interessante samanhengar (som sannsynlegvis høyrer heime i ulike publikasjonar). Korleis val av dei ulike valfaga påverkar karakterutviklinga i kvart av dei andre faga er ein måte å analysere dette datamaterialet på. Eg trur også at sjølve metodeutviklinga kanskje fortener ein eigen publikasjon. Dette fordi det vil vere svært viktig å konstruere gode kontrollgrupper (val av kontrollgrupper vil i stor grad avgjere kva for samanheng ein studerer). Vidare kan ein sjå på mindre komplekse ting som kva karakterar har dei som vel dei ulike valfaga? Kva akademisk bakgrunn har foreldra til dei som vel dei ulike valfaga? Kva kjønn har dei som vel dei ulike valfaga? Dersom ein lærer meir i alle fag av t.d. å velje programmering valfag, kva grupper ser den største effekten (svake elevar, innvandrarelever, gutar, barn av foreldre utan akademisk bakgrunn)? Dette er nokre eksempel på alle dei samanhengane ein kan sjå etter i eit slikt datamateriale.

Deltakere

Publisert 4. okt. 2018 10:58 - Sist endret 4. okt. 2018 13:32