Forskningskonferanse om norsk som andrespråk (NOA 9)

Neste NOA blir arrangert ved Høgskolen i Østfold i februar 2022, studiestad Halden. Hovudtemaet for konferansen er Fleirspråklegheit som ressurs for individ og samfunn. Det blir mulegheit for å leggje fram arbeid i form av ordinære foredrag i sesjonar og som posterpresentasjonar. Det blir også dugnadsgrupper og plenumsforedrag.

Plenumsforedrag ved

  • Kristin Mehlum Eide, professor NTNU
  • Kenneth Hyltenstam, professor emeritus, Stockholms universitet
  • Gisela Håkansson, seniorprofessor Linnéuniversitetet

Innsending av abstract

Frist for å sende inn abstract er gått ut (21. november 2021). 

Program blir lagt ut i veke 49.

Dugnadsgrupper

På konferansen inviterer vi til fire ulike dugnadsgrupper:

  1. Polskspråklege i Norge i et fleirdimensjonalt perspektiv
  2. Fleirspråklegheit, fleirspråklege praksiser og andrespråkslæring på barnehagefeltet
  3. Læring av språk - og krav til språk - blant innvandrarar med låg utdanning frå heimlandet
  4. Norsk i sykepleie eller sykepleienorsk?

Les om dugnadsgruppene her.

Fristen for påmelding til dugnadsgrupper: 1. desember (klikk lenka til dugnadsgruppene for å sjå korleis du melder deg på).

 

Frist for påmelding til konferansen: måndag 13. desember 2021 (lenke for påmelding kjem snart). Thon Hotel Halden har halde av 100 rom (70 på Brygga og 30 på Park) fram til 13. desember 2021.

 

NORAN-skolen

Vi planleggjer også å arrangere NORAN-skolen, eit kollokvium der vi samtaler om eit særlig aktuelt emne innafor andrespråksfeltet med utgangspunkt i nyare relevant faglitteratur vi har vald ut. Vanligvis blir NORAN-skolen arrangert i forleninga av noa-konferansen. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette i byrjinga av desember.

 

 

    Emneord: NOA, norsk som andrespråk, norsk som andrespråkskonferanse, NOA 9
    Publisert 2. juli 2021 11:55 - Sist endret 25. nov. 2021 09:28