Fire nye fullfører hovudfag

Tysdag 6. desember skal fire av hovudfagstudentane på Avdeling for lærarutdanning opp til avsluttande munnleg eksamen og forsvara avhandlinga si. Når dei fire er ferdige, har 10 studentar fullført hovudfaget i spesialpedaglogikk. Då er det sju som ikkje er ferdige - dei har tida fram til 1. juli 2007 til å fullføra.

- Avdelinga er litt stolt over at vi har greid å få 10 studentar gjennom eit langt og arbeidskrevjande deltidsstudium som starta hausten 2002, seier professor Alfred Lie som er leiar for hovudfagsstudiet. Og han legg til: Dette hadde aldri gått utan at studentane hadde gjort ein kjempegod innsats, så vi er stolte over studentane også - som har skrive flotte avhandlingar. Her kjem titlane på dei:

Anita Amundsen: Å lære med dysleksi. Om kompenserende mekanismer ved tekstlesing og mestring av læring på tross av ordavkodingsvansker.

Tone Jensen: Fra hjelp til ansvar. Et teoristudium av hvordan skolen kan tilpasse undervisningen for barn og unge med ADHD.

Inga Klevås: Aldersblanding. En oversikt over forskning om aldersblandet opplæring og en kvalitativ studie omkring en skoles erfaringer med aldersblandet opplæring av 1. og 2. klasse.

Liv Godal Skagestad: Bruk av læringsstrategier i videregående opplæring med vektlegging på strategibruk hos elever i en vanskelig livssituasjon.

Publisert 1. des. 2005 00:00 - Sist endret 1. des. 2005 17:10