Rektors blogg

Elin Nesje Vestli har vore aktiv på internett denne hausten. Høgskulens rektor har forfatta 38 innlegg på sin blogg. Innhaldet er variert og skrive på nynorsk.
1166430521.pjpeg

Sist veke har rektor Elin Nesje Vestli mellom anna vore i Helsinki saman med høgskulens internasjonale utval: - Studentar og tilsette som vil på utveksling har gode mogelegheiter.

Aktuell lenkje: 
Les rektors blogg

Fotomontasjen under viser nokre døme på kva rektor skreiv om då ho byrja å blogge.

Rektor forteljer 12. desember om Open dag på Remmen, kor studentar på årseining i musikk stilte opp til ein julekonsert i biblioteket (bilete).


Bloggen blir lesen av fleire enn høgskulens studentar og tilsette:
"Det er ikkje ofte Høgskulen i Østfold får skryt for nynorskbruk, så dette er verdt eit blogginnlegg: Leiar i Østfold mållag, Magne Aasbrenn, sendte meg ein mail og gav honnør for nynorskbruk i rektorbloggen." (Rektors blogg, 11. desember 2006)

Aktuelle lenkjar: 
Les rektors blogg (Alle innlegg)
Ordbok på nett (bokmål og nynorsk)

Publisert 18. des. 2006 00:00 - Sist endret 18. des. 2006 10:11