Negotiating Multilingual Resources in English Writing Instruction for Newly Arrived Students

Tysdag den 4. desember kl. 12:00 inviterer forskargruppa Språkdidaktikk til open gjesteførelesing med Ingrid Rodrick Beiler ved Universitetet i Oslo.

Ingrid er stipendiat i engelsk fagdidaktikk ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning ved Universitetet i Oslo. Ho forskar på korleis lærarar og elever nyttar elevane sine fleirspråklege ressursar i engelsk skriveundervisning.

Føredraget hennar tek utgangpunkt i data frå to innføringsklasser på ungdomstrinnet. Ho har tidlegare erfaring som høgskolelektor i engelsk språk og didaktikk ved tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus (no OsloMet) og som lærar i engelsk som andre- og framandspråk i USA, Palestina, Irak og Jordan.

Ingrid startar kl.12, og føredraget hennar har tittelen: Negotiating Multilingual Resources in English Writing Instruction for Newly Arrived Students.

Sjølve føredraget er på engelsk, men diskusjonen etterpå kan vere på norsk og/eller engelsk.

Det blir servering.

Velkommen!

Publisert 28. nov. 2018 14:48 - Sist endret 28. nov. 2018 14:48