Bloggen SPRUT er lansert

Tysdag 3. april 2018 vart bloggen SPRUT (Språk i Utdanninga) lansert, ein felles plattform for språkmiljøa ved Høgskolen i Østfold.
Bildet viser Åshild Søfteland (til venstre) og Camilla Bjørke, leiarar av språksatsinga i SKuL ved H

BLOGGLANSERING: Åshild Søfteland, LU, og Camilla Bjørke, ØSS, leiarar av språksatsinga i SKuL, er stolte over at samarbeidsbloggen SPRUT (Språk i Utdanninga) er etablert. Foto: Bård Halvorsen, HiØ

Eit samarbeidsprosjekt mellom språkfaga ved HiØ

Høgskolen i Østfold har eit aktivt språkfagleg miljø innanfor både engelsk, framandspråk, nordisk, norsk som andrespråk og spesialpedagogikk.

Bloggen er eit samarbeidsprosjekt mellom forskargrupper ved Avdeling for lærarutdanning (LU) og Avdeling for økonomi, språk og samfunnsfag (ØSS) som arbeider med språk, litteratur, kultur og kommunikasjon. 

I kraft av å leie arbeidspakke II Språkdidaktikk i satsingsområdet SKuL, er Camilla Bjørke, førstelektor i framandspråksdidaktikk, og Åshild Søfteland, førsteamanuensis i norsk, både initiativtakarar til og redaktørar av bloggen, med god draghjelp av Gro-Anita Myklevold, høgskulelektor i engelsk, og Arnstein Hjelde, dosent i norsk.

Lanseringa

Blogglanseringa starta ved at Arnstein Hjelde, FoU-leiar ved LU, ønskte velkomen til dei oppmøtte frå avdelingane ØSS og LU. Han gav fleire døme på det gode samarbeidet mellom språkmiljøa. Mellom anna viste han til forskargrupper og satsingsområdet Språkdidaktikk som arbeider med fagspesifikke og tverrfaglege tema som er relevante for språklæring og språkfaga i skulen.

Deretter gjekk Camilla Bjørke nærare inn på bloggens funksjon. - Bloggen SPRUT skal bidra til å synleggjere og vidareutvikle det gode samarbeidet vi allereie har, seier ho.

– Ikkje minst skal bloggen vere ein stad som informerer om aktuelle hendingar og publikasjonar frå fagfolka ved HiØ.

Åshild Søfteland påpeika vidare at bloggen skal vere eit vindauge for både HiØ og også nasjonalt.

– Vi med vår eineståande kompetanse innan både disiplinretta og didaktisk orienterte språkfag har eit unikt utgangspunkt for å vere eit nasjonalt kraftfelt på området språk i opplæringa, seier ho.

Til slutt presenterte Gro-Anita Myklevold, ØSS, blogginnlegget for april, der ho fortalde om si deltaking på symposiet Vurdering for læring i Oxford 28. februar 2018. Med dette gav ho eit godt døme på kva bloggen SPRUT skal vere: synleggjering av språkfagleg relevante aktivitetar innan- og utanlands.

Publisert 4. apr. 2018 00:00 - Sist endret 4. apr. 2018 11:59