Fakta om emnet

Studiepoeng:
10
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden.
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

LA102NOR07 Norsk 102: Barne- og ungdomslitteratur, elevtekster og skriveopplæring (Vår 2010)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Norsk 1 og allmenlærarstudiet.

Forkunnskapskrav utover opptakskrav

Studentane som tek emnet Norsk 102 bør også ha kunnskapar tilsvarande emnet Norsk 101.

Undervisningssemester

2. semester (vår).

Innhold

Følgjande tema blir gjennomgått:  

  • Barne- og ungdomslitteratur på norsk, dansk og svensk og minst eitt verk i omsetjing frå den klassiske, internasjonale allalderslitteraturen
  • Elevtekstar og skriveopplæring

I begge tema vil ein ha ei didaktisk tilnærming til fagstoffet, og i arbeidet med elevtekstar vil ein nytte mange typar tekstar frå ulike alderstrinn og kjønn, tekstar skrivne av elevar med eit anna morsmål enn norsk, multimodale tekstar osb.

 

Undervisnings- og læringsformer

Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det vert og arrangert fagseminar der studentane m.a. får praktisk erfaring med prosessorientert skrivepedagogikk som arbeidsform. Deltaking på seminara er obligatorisk. Studentane får rettleiing i samband med fagseminar og produksjon av fagtekstar. 

I løpet av dette emnet skal studentane skrive fagtekstar, minst to av tekstane skal skrivast på nynorsk.

Studentane må og rekne med å bruke egen tid på å skaffe seg innsikt i heile pensumet.

Praksis

Sjå punktet "Tilhøvet mellom teori og praksis" i studieplanen til dei ulike studia.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

1. Studentane skal delta på 2 obligatoriske fagseminar.

2. Studentane skal produsere minst to fagtekstar på nynorsk på dette emnestudiet. Tekstane skal vere godkjente av faglærar før studenten kan framstilla seg til eksamen. Arbeidskrav som ikkje er godkjende kan gjerast om og leverast på nytt ein gong.

Nærare informasjon om fristar og gjennomføring vil bli gitt ved semesterstart.

Arbeidskrava må være gjennomført og godkjent av faglærar før studentane kan framstilla seg til eksamen.

Eksamen

Individuell skriftleg eksamen på 8 timar.

Målforma er nynorsk. Tillatne hjelpemiddel er gjeldande læreplan for grunnskolen og ordbok eller ordliste.

Prøva blir vurdert av ein intern og ein ekstern sensor etter ein karakterskala frå A til F.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 16.12.2009

A: Elevtekster:

Dagrun Skjelbred: "Elevens tekst", Cappelen Akademisk forlag, 2006

Dysthe, Olga, Frøydis Hertzberg og Torlaug Løkensgard

Hoel 2000: ”Skrive for å lære. Skriving i høyere utdanning”. Oslo: Abstrakt forlag. Kapittel 6, 7, 8 og 9.

B: Barne- og ungdomslitteratur:

Bildebøker:

Gro Dahle: Snill, Jon Fosse: Kant, Torill Kove: Den danske dikteren

Europeisk all-alderslitteratur:

Én av disse bøkene: "Alice i eventyrland" eller "Robinson Crusoe" eller "Gullivers reiser" eller "Den hemmelighetsfulle øya".

Nyere norsk barnelitteratur:

Rune Belsvik: "Den kjempestore, småstilige Dustefjertboka"

Arne Berggren: "Fisken"

Klaus Hagerup: "Høyere enn himmelen"

Erlend Loe: "Kurt 3"

Erna Osland: "Perfekte par"

Dansk barnebok:

Ragnar Arntzens nettsted om H.C. Andersen

Svensk barnebok:

Astrid Lindgren: "Bröderna Lejonhjärta" (må leses på svensk)

Litteraturkunnskap:

Kaldestad, Per Olav m.fl.: "Diktboka", LNU/Cappelen, 1997 eller seinere

Mjør m.fl.: "Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar", LNU/Cappelen 2000 (eller seinere)

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 18. okt. 2019 13:03:45