Fakta om emnet

Studiepoeng:
10
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden.
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

LA103NOR07 Norsk 103: Litteratur (Vår 2010)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Norsk 1 og allmennlærarstudiet.

Forkunnskapskrav utover opptakskrav

Studentane som tek emnet Norsk 103 bør også ha gjennomført emnet Norsk 101.

Undervisningssemester

  • 4. semester (vår) i allmennlærarstudiet
  • For andre studentar kan undervisninga liggje over heile studieåret, men vanlegvis vert undervisninga gjennomført i vårsemesteret parallelt med emnet Norsk 102.

 

Innhold

Følgjande tema blir gjennomgått:  

  • vaksenlitteratur (skjønnlitteratur) på norsk, dansk og svensk
  • tekstar frå andre kulturar
  • norsk som andrespråk
  • tilpassa opplæring i norskfaget

Undervisnings- og læringsformer

Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Studentane må og rekne med å bruke egen tid på å skaffe seg innsikt i heile pensumet.

I tillegg blir det arrangert obligatorisk skriveseminar med bruk av POS-modellen (prosessorientert skriving).

Praksis

Sjå punktet "Tilhøvet mellom teori og praksis" i dei ulike studieplanane.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

1.

  • Deltaking på skriveseminar med bruk av POS-modellen der det skal jobbast med oppgåver der innhaldet er knytt til eitt eller fleire av dei litterære emna som er gjennomgått på modulen.
  • Arbeidet skal munne ut i ein individuelt skriven tekst i fagartikkelsjangeren. Valfri målform. Vurdering: Godkjent/ikkje godkjent.

2.

  • Munnleg prøve og foredrag med rammer og innhald mest mulig likt eksamen. Arbeidskravet knytast til ein gjennomgang av temaet munnlegheit/retorikk. Vurdering: Godkjent/ikkje godkjent.

Arbeidskrav må være godkjent før studenten kan fremstille seg til eksamen.

Eksamen

Undervegs i studiet:
Studentane får rettleiing.

Sluttvurdering:
Individuelt fagleg foredrag og munnleg eksaminasjon.

Foredraget skal vare i ca. 10 minutt over oppgjeve tema innafor pensum. Tema blir gjeve 3 dagar før eksamen. Studentane leverar ein disposisjon på inntil ei side føre foredraget. Tidspunkt for innlevering går fram av eksamensinstruksen Deretter vert kandidaten eksaminert munnleg i fagstoffet. Prøva er på totalt ca. 30 minutt inkludert karakterfastsetjing og tilbakemelding. Hjelpemiddel: manuskript eller stikkord.

Prøva blir vurdert av ein ekstern og ein intern sensor. Gradert karakterskala frå A til F.

Ved vurderinga vil det i tillegg til det faglege innhaldet òg bli lagt vekt på språkleg framstillingsevne.

 

Litteratur

Primærtekstar:

  • mytar, eventyr og segner frå ulike kulturar
  • essayistiske tekstar frå nordisk og internasjonal essaytradisjon
  • essayistiske elevtekstar
  • noveller og kortprosa frå norsk og internasjonal litteratur
  • narrative elevtekstar frå majoritets- og minoritetsspråklege elevar
  • eksamenssvar frå studentar
  • multimodale tekstar
  • Henrik Ibsen: Peer Gynt
  • fire norske romanar frå nyare tid
  • svenske og danske tekstar på originalspråket

Begge dei norske målformene skal vere representerte.

 

Kva for tekstar som blir lesne, vil variere frå år til år. Tekstlista vil vere klar 1. juli.

 

Teori:

Kaldestad/Knutsen: Diktboka

 

Litteraturteoretiske tekstar i eit omfang av om lag 300 sider

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 15. okt. 2019 22:05:02