Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig fakultet:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Camilla Häbler
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

LUNOR10110 Arbeid med litteratur og munnleg opplæring (5-10) (Høst 2013)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i valfaget Norsk for grunnskolelærarutdanning 5-10 (60 studiepoeng).

Undervisningssemester

1. semester (haust)

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

KUNNSKAP
Studenten
- har brei kunnskap om relevante teoriar om lesing og leseopplæring
- har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing kan ha for elevars utvikling og læring
- har kunnskap om lesestrategiar
- har omfattande kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
- har god kunnskap om relevante teoriar innan munnleg opplæring
- kan nytte retorisk kunnskap i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar
- kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har inngåande kjennskap til ungdomslitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- har kunnskap om barnelitteratur og nyare litteratur som vender seg mot vaksne lesarar

FERDGHEITER
Studenten
- kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i leseopplæring frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar med bokmål som hovudmål og elevar med nynorsk som hovudmål
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av munnlege og elevtekstar for å fremje læring
- kan leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan analysere, tolke og vurdere tekstar og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
- kan bruke varierte estetiske arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane
- kan samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskap og kulturell bakgrunn hos mottakarane
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa, skape og vurdere digitale, samansette tekstar

GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
- kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle ei kulturforståing som tar den fleirkulturelle røynda på alvor
- kan nytte fagleg kunnskap til kritisk og konstruktivt refleksjon
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

Innhold

Norsk 101 er konsentrert om tre fagområde:

- Lesing og leseopplæring
- Litteratur og litteraturdidaktikk
- Munnleg opplæring

Det vil bli arbeidd både teoretisk og skoleretta med alle tema, i samsvar med måla for læringsutbyte. Det fleirspråklege og fleirkulturelle perspektivet vil bli integrert i alle dei tre fagområda.

Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal utvikle eigen kompetanse i både skriftlege og munnlege sjangrar.

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal møte varierte arbeidsformer. Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi skal også gå inn som ein sentral del av norskstudiet. IKT blir brukt som ein reiskap for læring, rettleiing, samarbeid og dokumentasjon. Norskfaget samarbeider dessutan med høgskolebiblioteket om emne som litteratursøk, referanseteknikk og akademisk skriving.

Arbeidsomfang

Forventet studieinnsats i emnet er beregnet til minst 20 timer pr uke inkludert undervisning.

Praksis

3 uker i semesteret. Studentane følgjer praksisplanen for utdanninga. Erfaringar frå praksis vil bli brukt i arbeidet med norskfaget.

 

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

Mappeoppgåver
Det er fire arbeidskrav som studentane må få godkjent før dei kan framstille seg til eksamen. Arbeidskrav må leverast til fastsett tid.

Studentane får i løpet av semesteret oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til emna som det blir arbeidd med. Dei skriftlege arbeida skal lagrast digitalt i ei arbeidsmappe. Begge målformer skal vere representert i mappa, kvar med om lag 50 % av tekstmengda. Tilbakemelding på desse arbeida vil dels vere frå faglærarar og dels frå andre studentar, og nokre av arbeida skal dessutan vurderast av studenten sjølv, f.eks. i form av refleksjonslogg.
 

Eksamen

Individuell skriftleg eksamen, 8 timar
Målform: bokmål.
Hjelpemiddel:  Ordbok/ordliste og Kunnskapsløftet.

Det blir nytta bokstavkarakter A-F, der A er beste og E dårlegaste beståtte karakter. Karakteren F betyr ikkje bestått.

Vurderinga blir gjort av ein intern og ein ekstern sensor.

Evaluering av emnet

Fagansvarleg har ansvar for at det blir gjennomført evaluering av emnet (EVA3). Dette vil skje gjennom ei sluttvurdering i form av eit spørjeskjema, som kan bli supplert med munnlege tilbakemeldingar frå studentane.

Litteratur

Litteraturlisten er sist oppdatert 4. juli 2011.

Teoripensum:

  • Lesing og leseopplæring
    • Lesedidaktikk av Astrid Roe (2008) (ca. 224 sider)
    • Sylvi Penne: " Å bli en som leser litteratur - en utviklingshistorie om lesing fra 6 til 16" i Sylvi Penne: Norsk som identitetsfag - norsklæreren i det moderne (2001) (ca. 19 sider) (K)
  • Litteratur og litteraturdidaktikk
    • Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar av Mjør, Birkeland og Risa (2006) (ca. 263 sider)
    • Diktboka av Per Olav Kaldestad (2006) (Teoridelen, dei første 130 sidene)
  • Munnleg opplæring
    • Liv Marit Aksnes: "Muntligheten i norskfaget. Oversikt over feltet norsk muntlig" i: Frøydis Hertzberg og Astrid Roe Muntlig norsk (1999) (ca. 16 sider)
    • Helene Dam: "Hvordan arbejde med mundtlig formidling i skolen?" i: Frøydis Hertzberg og Astrid Roe Muntlig norsk (1999) (ca. 12 sider)
    • Torlaug Løkensgard Hoel: "Den første gang, den første gang... Bygging av munnleg klasseromskultur i norskfaget" i: Frøydis Hertzberg og Astrid Roe Muntlig norsk (1999) (ca. 17 sider)
    • Sylvi Penne: "Nadia og retorikken" i: Frøydis Hertzberg og Astrid Roe Muntlig norsk (1999) (ca. 20 sider)
    • Frøydis Hertzberg: "Vurdering av muntlig - det går an" i: Frøydis Hertzberg og Astrid Roe Muntlig norsk (1999) (ca. 9 sider)
    • Retorikk i skolen av Jonas Bakken (2009) (ca. 120 sider)


Primærtekster:

3 biletbøker:

  • Gro Dahle og Svein Nyhus: Snill
  • Jon Fosse og Akin Düzakin: Kant
  • Bjørn Sortland og Hilde Kramer: Det hjertet husker

Fem verk frå nyare nordisk barne- og ungdomslitteratur:

  • Johan Harstad: Darlah - 172 timer på månen
  • Klaus Hagerup: Høyere enn himmelen
  • Arne Berggren: Fisken
  • Astrid Lindgren: Bröderna Lejonhjärta (på svensk) 
  • Erlend Loe: Kurt 4

Eitt drama

  • Henrik Ibsen - Peer Gynt

 Ei fagbok for barn eller ungdom

  • Erna Osland: Skarpe tenner

Fire nordiske romanar frå nyare tid:

  • Lars Amund Vaage: Kunsten å gå
  • Mikael Niemi: Populärmusik från Vittula
  • Ingeborg Arvola: Forsiktig. Glass
  • Hanne Ørstavik: Like sant som jeg er virkelig

I tillegg er følgjande kompendium pensum

  • Lyrikkompendium
  • Essay, kortprosa og novellekompendium
  • Kompendium i folkedikting

 

 

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 29. mars 2024 02:49:54