Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Benthe Kolberg Jansson
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

LUMNOR40117 Lesing, skriving og munnlegheit (Høst 2019)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Masterstudium i norsk i skolen (120 studiepoeng) (heiltid og deltid).

Masterstudentar som har greidd tre studieår i 4-årig grunnskolelærarutdanning (GLU), etter rammeplan av 2010, kan søke om å få emnet innpassa som fjerde studieår og del av vitnemålsgrunnlaget for GLU etter nærare retningslinjer.

Undervisningssemester

Heiltid: 1. semester (haust)
Deltid: 1. semester (haust)

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Kandidaten

  • har avansert forståing av literacy-omgrepet og kan sjå dette i eit tverrfagleg skoleperspektiv
  • har inngåande og forskingsbasert kunnskap om utvikling av lese- og skrivekompetanse, og om vurdering og prøving av slik kompetanse
  • har god kunnskap om retorikk og om kva som kjenneteiknar munnleg språkbruk i ulike situasjonar
  • har avansert kunnskap om forholdet mellom skriftspråk og talespråk og om karakteristiske trekk ved skriftleg og munnleg kommunikasjon

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan reflektere over korleis forskingsbasert kunnskap kan brukast i arbeidet med lese- og skriveopplæring
  • kan drøfte korleis det kan leggast til rette for utvikling av lesekompetanse knytt til eit breitt spekter av tekster, blant anna læreboktekster og andre typar multimodale tekster
  • kan reflektere over korleis kunnskapar om likskapar og forskjellar mellom tale- og skriftspråk kan bidra til å gi god undervisning i skriftleg og munnleg bruk av språket
  • kan drøfte korleis arbeid med både nynorsk og bokmål i skolen kan vere ein ressurs i utviklinga av språkleg kompetanse

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan sjå betydninga av å utvikle lesing, skriving og munnleg bruk av språket for den enkelte eleven og for samfunnet
  • kan sjå samanhengen mellom gode kunnskapar i lesing og skriving og demokrati og deltaking

Innhold

Emnet Lesing, skriving og munnlegheit tar utgangspunkt i ei fagleg drøfting av det mangefasetterte omgrepet literacy. Omgrepet vil bli behandla både i eit skole- og undervisningsperspektiv og i eit vidare samfunnsperspektiv, og det vil bli sett inn i ein norskfagleg samanheng.

Det vil vere ei forskingsbasert tilnærming til lese-, skrive- og munnlegopplæring, og drøftingar av korleis ny kunnskap innanfor dette feltet kan brukast i praksis. Lesing og skriving vil også bli tematisert i ein spesifikt norskspråkleg kontekst, med nynorsk og bokmål som jamstilte skriftspråk og opplæringsspråk i skolen.

Forholdet mellom skriftspråk og talespråk og karakteristiske trekk ved skriftleg og munnleg kommunikasjon vil også bli behandla.

Lesing, skriving og munnlegheit vil vere eit fagleg grunnlag for arbeidet med andre emne i masterstudiet.

Arbeidet med ei fagtekst er sentralt i emnet. I denne fagteksta kan studentane velje å konsentrere seg om det skoletrinnet dei rettar seg inn mot etter avslutta studium.

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli lagt opp til varierte undervisningsformer:

  • forelesingar
  • gruppearbeid
  • seminar med munnlege presentasjonar og tilbakemelding frå lærar og medstudentar
  • sjølvstudium og arbeid i kollokviegrupper

Arbeidsomfang

Emnet har eit forventa arbeidsomfang på om lag 400 timar.

Praksis

Det er ikkje knytt praksis til dette emnet.

Masterstudentar som vil ha emnet innpassa som del av siste år i 4-årig grunnskolelærarutdanning, skal ha praksis i samsvar med rammeplanen for GLU.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Individuell, munnleg presentasjon av utkast til fagtekst på eit fagseminar. Utkastet skal vere grunnlag for arbeidskrav 2.
  2. Levere ei individuell fagtekst etter vanlege normer for fagtekster til fastsett tid. Omfang: 8-10 sider, eksklusiv litteraturliste. Målform: nynorsk.

Studenten vil få rettleiing og tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar i arbeidet med den obligatoriske fagteksten.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen

Eksamen

Individuell, munnleg eksamen
Eksamen varer i om lag 40 minutt.

Eksamen er todelt: Kandidaten skal presentere eit fagleg relevant emne etter eige val. Presentasjonen skal vare i 5-10 minutt. Deretter vil det vere ein samtale om faglege spørsmål mellom kandidaten og sensorane. Både fagkunnskapar og evne til formidling og munnleg kommunikasjon vil bli vurdert.

Karakterregel A-F.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane midtvegs/undervegs og sluttevaluering.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 30. mai 2019.

Bøker

Bakken, Jonas (2009). Retorikk i skolen. Oslo: Universitetsforlaget ISBN 978-82-15-01519-4

Bråten, Ivar (Red.) (2007). Leseforståelse: Lesing i kunnskapssamfunnet – teori og praksis. Oslo: Cappelen Akademisk. ISBN 9788202261757. Kap. 2, 3 og 10 (77 sider)

Penne, Sylvi & Hertzberg, Frøydis (2015). Muntlige tekster i klasserommet (2. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 9788215025360 . (140 sider)

Pressley, Michael & Allington, Richard L. (2014). Reading instruction that works. The case for balanced teaching. 4th Edition. New York: Guilford Press. (kap. 1, 4 og 5) (147 sider)

Skovholt, Karianne & Veum, Aslaug (2014). Tekstanalyse. Ei innføring. Oslo: Cappelen Damm akademisk. (178 sider)

Artiklar og kapittel

Aase, Laila (2012). Skriveprosesser som danning. I Matre, Synnøve, Dagrun K. Sjøhelle & Randi Solheim (red.). Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksiser. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 978-82-15-02044-0 (s. 48-58) (11 sider) K

Andreassen, Rune & Bråten, Ivar (2010). Examining the prediction of reading comprehension on different multiple-choice tests. Journal of Research in Reading, 33, 263-283 (21 sider) Tilgjengeleg frå http://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/j.1467-9817.2009.01413.x/full  

Andreassen, Rune & Bråten, Ivar (2011). Implementation and effects of explicit reading comprehension instruction in fifth-grade classrooms. Learning and instruction,21, 520-537 https://doi.org/10.1016/j.learninstruc.2010.08.003 (19 sider)

Bakken, Jonas og Andersson-Bakken, Emilia (2016). Forståelser av skjønnlitteratur og sakprosa i norskfagets oppgavekultur. I Tidsskriftet Sakprosa vol 8 (3) (36 s.) Tilgjengeleg: https://www.journals.uio.no/index.php/sakprosa/article/view/3669/3552

Berge, Kjell Lars (2014). Å kunne uttrykke seg skriftlig. I Stray, Janicke H. & Line Wittek (red.). Pedagogikk – en grunnbok. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (s. 488-502) (14 sider) K

BLIKSTAD-BALAS, Marte (2018). Skrivediskurser i norskfaget - en analyse av hvordan norsklærere snakker om skriving på åttende trinn. Nordic Journal of Literacy Research, Vol. 4, pp. 42–60. http://dx.doi.org/10.23865/njlr.v4.1020 (18s.)

Børresen, Beate (2015). En egen form for samtale. I Christensen, Hanne & Seierstad, Ruth Stokke (Red.) Samtalens didaktiske muligheter. Oslo: Gyldendal Akademisk. ISBN 978-82-05-48265-4 (14 sider). K

Bueie, Agnete (2016). Nyttige og mindre nyttige lærerkommentarer - slik elevene ser det. I Nordic Journal of Literacy Research, vol. 2, pp. 1-28. Tilgjengeleg frå https://nordicliteracy.net/index.php/njlr/article/view/188#alm

Bueie, Agnete (2017). Å utvikle elevenes revisjonskompetanse. I Kverndokken, Kåre, Askeland, Norunn og Siljan, Henriette Hogga (Red.), Kvalitet og kreativitet i klasserommet – ulike perspektiver på undervisning, s. 71-97. Bergen: Fagbokforlaget. ISBN 978-82-450-2227-8 K

Engblom, Charlotte (2016). Prefabricated Images in Young Children’s Text-Making at School. I Designs for Learning, 8(1), s. 37–47 (10 sider), DOI: http://dx.doi.org/10.16993/dfl.70 Digitalt tilgjengelig

Evensen, Lars S. (2009). Vurdering av elevers skrivekompetanse. En kompleks utfordring. I Haugaløkken, Ove K., Lars S. Evensen, Frøydis Hertzberg & Hildegunn Otnes (red.). Tekstvurdering som didaktisk utfordring. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 15-23) (9 sider) K

Flower, Linda og Hayes, John [1981] (1991). En teori om skriving som kognitiv prosess. I Bjørkvold, Eva og Penne, Sylvi (red.) Skriveteori. Oslo: LNU/Cappelen. ISBN 82-02-12831-5 (s. 102-127) K

Frønes, Tove S. (2016). Kap. 7 Resultater i lesing. Kjernsli, Marit. & Fredrik Jensen. (red.). Stø kurs: Norske elevers kompetanse i naturfag, matematikk og lesing i PISA 2015. Oslo: Universitetsforlaget. Tilgjengeleg frå https://www.idunn.no/sto-kurs-pisa-2015/7-resultater-i-lesing

Jansson, Benthe K. og Traavik, Hilde (2017). God i både nynorsk og bokmål allereie på barnesteget? I Norsklæreren. Tidsskrift for språk, litteratur og didaktikk. Nr. 1/41. Bergen: LNU/Fagbokforlaget (s. 104-119). Tilgjengeleg frå http://www.norskundervisning.no/wp-content/uploads/2016/02/NL1.2017_Jansson_Traavik.pdf

Kjernsli, Marit. & Fredrik Jensen (2016). Kap. 1 PISA 2015 – gjennomføring og noen sentrale resultater. https://www.idunn.no/sto-kurs-pisa-2015/1-pisa-2015-gjennomforing-og-noen-sentrale-resultater I: Kjernsli, Marit. & Fredrik Jensen (red.). Stø kurs: Norske elevers kompetanse i naturfag, matematikk og lesing i PISA 2015. Oslo: Universitetsforlaget.

Kress, Gunther (2000). Multimodality. I Cope, Bill & Mary Kalantzis (red.). Multiliteracies. Literacy learning and the design of social futures. London/New York: Routledge. (kap. 9) (21 sider). K

Ledin, Per (2015). Listans og tabellens semiotik. I Sakprosa Vol.7 Nr.2 ISSN 1891-5108 (25 sider). Tilgjengelig frå https://www.journals.uio.no/index.php/sakprosa/article/view/947/986

Matre, Synnøve og Solheim, Randi (2014). Lærarsamtalar om elevtekstar – mot eit felles fagspråk om skriving og vurdering. I Hvistendahl, Rita og Roe, Astrid (red.), Alle tiders norskdidaktiker. Festskrift til Frøydis Hertzberg på 70-årsdagen. (s. 219-243). Oslo: Novus forlag. ISBN 978-82-7099-784-8 K

Ongstad, Sigmund (2009). Kan skriveutvikling planlegges? Enkelteleven i møte med skolens oppgavekultur. I Haugaløkken, Ove K., Lars S. Evensen, Frøydis Hertzberg & Hildegunn Otnes (red.). Tekstvurdering som didaktisk utfordring. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 74-83) (10 sider) K

Otnes, Hildegunn (2014). Å designe skriveoppgaver. I Skaftun, Atle, Per H. Uppstad & Arne J. Aasen (red.). Skriv! Les! 2. Artikler frå den andre nordiske konferansen om skriving, lesing og literacy. Bergen: Fagbokforlaget. (s. 237-255) (18 sider) K

Roe, Astrid & Svein Lie (2009). Nasjonale leseprøver i et didaktisk og testteoretisk perspektiv. I: S. Dobson, A.B. Eggen & K.Smith (Red.) Vurdering, prinsipper og praksis (s.145-165) Oslo: Gyldendal Akademisk. ISBN 978-82-05-39173-4 (20 sider) K

Skolinspektionen (2011). Lika eller olika? Omrättning av nationella prov i grundskolan och gymnasieskolan. Rapport från regeringsuppdrag, s. 1 - 31. Tilgjengeleg: file:///C:/Users/bkj/AppData/Local/Microsoft/Windows/INetCache/Content.Outlook/YMVK07OW/Lika%20eller%20olika%20-%20Omrättning%20av%20nationella%20prov%20i%20grundskolan%20och%20gymnasieskolan%20(002).pdf

Veum, Aslaug og Eilertsen, Anders (2019). Kritisk lesing av historiske saktekster. Fire vg3-elevers forståelse av en antisemittisk tekst. I Norsklæreren, nr. 1 (36 s.). Tilgjengeleg: http://www.norskundervisning.no/wp-content/uploads/2019/03/Vitenskapelig_artikkel.-Endelig-versjon.pdf

Valfritt pensum:
Ca.100 sider emnerelevant, nyare forskingslitteratur knytt til det skoletrinnet studenten rettar seg inn mot etter avslutta studium. Det valfrie pensumet skal godkjennast av faglærar.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 21. nov. 2019 22:13:46