Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Karine Stjernholm
Undervisningsspråk:
Se pkt. Undervisnings- og læringsformer
Varighet:
½ år

LUMNOR40317 Språk og samfunn (Høst 2019)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Masterstudium i norsk i skolen (120 studiepoeng) (heiltid og deltid).

Masterstudentar som har greidd tre studieår i 4-årig grunnskolelærarutdanning (GLU), etter rammeplan av 2010, kan søke om å få emnet innpassa som fjerde studieår og del av vitnemålsgrunnlaget for GLU etter nærare retningslinjer.

Undervisningssemester

Heiltid: 1. semester (haust).
Deltid: 3. semester (haust).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Kandidaten

  • har avansert kunnskap om talespråkleg variasjon
  • har inngåande kunnskap om sosiolingvistisk teori og kan sjå regional språkvariasjon i lys av denne kunnskapen
  • har god kunnskap om tilnærming til dialekt og talemålsvariasjon i undervisningssamanheng i norsk skole
  • har avansert kunnskap om nordiske språkforhold, spesielt om ungdomsspråk i Norden

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan samle inn språkleg materiale og gjere grundige analysar av dette materialet
  • kan analysere regionale og nordiske språklege data og vurdere resultata i lys av spørsmål om identitet og stad
  • kan analysere sosiolingvistisk materiale av ulike slag og drøfte dette teoretisk og i eit undervisningsperspektiv

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan reflektere over korleis språkstudium kan nyttast didaktisk for å utvikle metaspråkleg medvit
  • kan formidle kunnskap om talespråkleg variasjon og har kompetanse til å rettleie i allmenne og faglege spørsmål om dette
  • er bevisst på korleis ein kan bruke språkvariasjon som ein ressurs i klasserommet for å styrke elevane sin språklege tryggleik og identitet

Innhold

I dette emnet vil språk og språkleg variasjon bli sett i eit regionalt, nasjonalt og nordisk perspektiv. Studentane vil få ein solid teoretisk basiskunnskap som vil gjere dei i stand til å forstå lokal språkleg variasjon i lys av globale utviklingstrekk.

Gjennom sjølvstudium av regional variasjon, og gjennom innsikt i samanhengen mellom stad, språk og identitetsbygging gjennom heile livsløpet, skal dei kunne sette den lokale dialektsituasjonen i samanheng med situasjonen elles i landet - og i Norden.

Eit sentralt mål i emnet vil vere å bevisstgjere studentane om at lærarrolla er viktig for å utnytte ressursane i elevanes språklege variasjon som eit gode i skolen.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisningsspråket er norsk, svensk og dansk.

Det vil bli lagt opp til varierte undervisningsformer:

  • Forelesingar
  • Organisert gruppearbeid, skriftleg og munnleg
  • Sjølvstudium og kollokviegrupper
  • Studentpresentasjonar
  • Datainnsamling/feltarbeid
  • Arbeid med semesteroppgåve/rettleiing

Studentar som vel oppgåver der dei kan komme i kontakt med særleg sårbare grupper (barn/unge), må levere politiattest før dei går i gang med oppgåva. Sjå generell del av studieplanen.

Arbeidsomfang

Emnet har eit forventa arbeidsomfang på om lag 400 timar.

Praksis

Det er ikkje knytt praksis til studiet.

Masterstudentar som vil ha emnet innpassa som del av siste år i 4-årig grunnskolelærarutdanning (GLU) skal ha praksis i samsvar med rammeplanen for GLU.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Individuell fagleg presentasjon for studentar eller kollegaer/feltarbeidsskolar, med refleksjonsnotat. Målform: bokmål eller nynorsk.

  2. Prosjektbeskriving som gjer greie for korleis språkdata til semesteroppgåva (eksamensarbeidet) skal samlast inn og som formulerer problemstilling(ar) knytt til materialet. Språkdata kan samlast inn enten som feltarbeid i skolen, eller på annan måte. Datainnsamling kan skje i grupper, og skal skje i samråd med faglærar.

Nærmare informasjon om tema og opplegg for begge arbeidskrava blir gitt ved undervisningsstart.

Studenten vil få rettleiing og tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar undervegs i arbeidet med datainnsamling og semesteroppgåve.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell semesteroppgåve
Semesteroppgåve er basert på data samla inn i arbeidskrav 2. Omfang: 10-15 sider. Målform: nynorsk.

Karakterregel: A-F.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Vilkår for ny/utsatt eksamen

Ved ny eller utsett eksamen kan kandidaten bruke datamaterialet (arbeidskrav 2) om igjen.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane midtvegs/undervegs og sluttevaluering.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 31. mai 2019.

Bøker
Boyd, Sally & Stina Ericsson (red.) (2015). Sociolingvistik i praktiken. Lund: Studentlitteratur. (kapittel 5 og 6). (40 sider)

Garrett, Peter (2010). Attitudes to language. Cambridge: Cambridge university press (257 sider)

Mæhlum, Brit (2007). Konfrontasjoner. Når språk møtes. Oslo: Novus. (221 sider)

Vikør, Lars (2001). The Nordic Languages. Their Status and Interrelations. Oslo: Novus (254 sider)

Artiklar og enkeltkapittel
Auer, Peter (2005). Europe’s sociolinguistic unity, or: A typology of European dialect/standard constellations. I Perspectives on variation: Sociolinguistic, historical, comparative. Berlin/New York: de Gruyter. (7-42) (36 sider)

Blommaert, Jan (2010). Sociolinguistics of globalization. Cambridge University Press. (kap. 1) (1-28) (27 sider)

Bourdieu, Pierre (1977). The economics of linguistic exchanges. Social Science Information 16/6. (645-668) (23 sider)

Dalen, Arnold (1993). Ingeborg Hoff 1911-1993. Norsk lingvistisk tidsskrift 11(2).

Eckert, Penny (2012). Three waves of variation study. The emergence of meaning in the study of variation. (32 sider). http://web.stanford.edu/~eckert/PDF/ThreeWavesofVariation.pdf

Gombert, Jean E. (1997). Metalinguistic development in first-language acquisition. Encyclopedia of language and education. Springer Netherlands. (43-51) (9 sider)

Jansson, Benthe Kolberg (2018). På sporet av Ingeborg Hoff. I Aasbrenn, Magne (red.). Aust i Vika. Årbok for Østfold Mållag. Fredrikstad: Kvitveis forlag, (20-42) (21 sider)

Johnstone, Barbara (2010). Indexing the local. I Coupland, Nikolas (red.). The handbook of language and globalization. Malden: Wiley-Blackwell. (386-405) (20 sider)

Jahr, Ernst H. (1992). Innhogg i nyare norsk språkhistorie. (”Bruk av dialektene i grunnskolen frå 1878 til i dag”) (28-37) (10 sider)

Kristiansen, Tore (2013). Language attitudes in the Nordic countries. I Giles, Howard & Bernadette M. Watson. The social meanings of language, dialect and accent. International perspectives on speech styles. New York: Peter Lang. (64-83) (20 sider)

Maegaard, Marie & Pia Quist (2005). Etnografi, praksis og sproglig variation. Om etnografisk metode i udforskningen af sproglig variation som social praksis. I NyS 33. København: Multivers. (42-73) (32 sider)

Melby, Guri (2008). Språk og symbolsk makt i Team Antonsen. Målbryting 9. (35-69) (32 sider)

Mæhlum, Brit (2009). Standardtalemål? Naturligvis! En argumentasjon for eksistensen av et norsk standardtalemål. I Norsk lingvistisk tidsskrift 1. (7-26) (19 sider)

Mæhlum, Brit (2009). Language and social spaces. I Auer, P. & Jürgen E. Smith Language and space: an international handbook of linguistic variation – 1 Theories and methods. De Gruyter Mouton. (259-274) (15 sider)

Mæhlum, Brit og Unn Røyneland (2011). ““Lasternes Hule” eller “Civilisationens Arnested”? Byens posisjon i norsk talemålsforskning”. I: Nordiskfaget - tradisjon og fornying. Oslo: Novus. (69–96) (28 sider)

Nilson, Jenny (2009). Dialect change? Nordic Journal of Linguistics 32(02) (207-220) (14 sider)

Nilsson, Nils Erik & Björn Bihl (2007). Dialektarbete i skolan – ett forsök att öka den språkliga medvetenheten hos eleverna. I Arboe, Torben (red.). Nordisk dialektologi og sociolingvistik. Århus: Aarhus universitet. (294-303) (10 sider)

Røyneland, Unn (2009). Dialects in Norway: Catching up with the rest of Europe? International journal of the sociology of language 2009/196-197. (7-30) (24 sider)

Sandøy, Helge (2009). Standardtalemål? Ja, men ...! Norsk lingvistisk tidsskrift 1. (27-47) (30 sider)

Skolseg, Ellen (2000). «Vi snakker bare litt bredt.» Problemer som kan oppstå når lingvister og ikkelingvister skal snakke om språk. Målbryting 4. (s. 149-166) (18 sider)

Sollid, Hilde (2014). Hierarchical dialect encounters in Norway. Acta Borealia 31(2). (s. 111-130) (20 sider)

Stjernholm, Karine (2019). Variasjon som virkemiddel – hiphop, språkvalg og identitetskonstruksjon i Oslo. Norsk lingvistisk tidsskrift 37(1). (25–57) (27 sider)

Stjernholm, Karine & Ingunn I. Ims (2014). Om bruk av Oslo-testen for å undersøke oslomålet. Norsk lingvistisk tidsskrift 32(1). (100-129) (30 sider)

Stjernholm, Karine & Åshild Søfteland (u.u.) Mellom to stoler – det norske dialektlandskapet sett fra nedsida.

Svendsen, Bente A. (2012). Et språklig bakholdsangrep? Østfold l-ens inntog i Oslo. I Enger, Hans Olav & Unn Røyneland (red.). Fra holtijar til holting. Språkhistoriske og språksosiologiske artikler til Arne Torp på 70-årsdagen. (17 sider)

Målføresynopsisen INL, Austfold, band 1. Tilgjengeleg frå http://inger.uib.no/perl/search/search.cgi

Støttelitteratur:
Mæhlum, Brit & Røyneland, Unn (2012). Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Kapittel 1, Dialektologi og sosiolingvistikk: to tradisjoner som må sees i sammenheng, s. 13-23. (11 sider)

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 13. nov. 2019 19:17:54