Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Barbro Bredesen Opset
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

LUMNOR40517 Tekst og tekstkulturar (Høst 2019)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Masterstudium i norsk i skolen (120 studiepoeng) (heiltid og deltid).

Absolutte forkunnskaper

Må ha greidd (bestått) emnet NOR401 Lesing, skriving og munnlegheit.

Undervisningssemester

Heiltid: 3. semester (haust).
Deltid: 5. semester (haust).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om barn og unges deltaking i ulike tekstkulturar, både i og utanfor skolen
  • har innsikt i korleis arbeid med tekster i ulike medium og sjangrar kan støtte opp under elevane sitt identitetsarbeid og vere kjelder til barn og unges lærings- og danningsprosessar
  • har kjennskap til teoriar om relasjonen mellom litteratur, identitet og fleirkulturalitet
  • har inngåande kunnskap om tekstteori generelt, og multimodal analyse spesielt

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan vurdere og bruke litteraturteori og litterær metode i studium av skjønnlitteratur
  • kan reflektere teoretisk og didaktisk over bruk av litteratur i klasserom med kulturelt og språkleg mangfald
  • kan analysere og vurdere ulike typar multimodale tekster, og kan reflektere over arbeid med denne typen tekster i skolen

Generell kompetanse
Kandidaten

  • har ei kritisk tilnærming til tekst- og mediekulturar som barn og unge deltar i
  • kan bidra i faglege diskusjonar som angår barn og unge i spørsmål om literacy, læring og multimodalitet i eit digitalt og fleirkulturelt prega samfunn

Innhold

I dette emnet står analyse av tekst i ulike sjangrar, medium og tekstkulturar sentralt. Her blir både skjønnlitterære tekster og barn og unges kvardagstekster behandla teoretisk, tolka og drøfta.

Emnet vidarefører literacy-perspektivet i NOR401 Lesing, skriving og munnlegheit ved at studentane skal analysere og kritisk vurdere ulike tekster som barn produserer og møter i heim og skole. Slike tekster kan til dømes vere bloggar, nettsider, multimodale elevtekster, dataspel, film, digitale læringsressursar og læreverk. Dette skal også sette studentane i stand til å forstå korleis ulike multimodale tekster kan vere kjelder til barns danning, læring og identitetsbygging.

Emnet utfyller NOR404 Fleirspråklegheit ved at studentane skal lese eit utval skjønnlitteratur som på ulike måtar tematiserer identitet, kulturmøte og oppvekst i samfunn prega av språkleg og kulturelt mangfald. Emnet vil ha ei didaktisk innretting med vekt på korleis denne typen litteratur og teoriar om litteratur og fleirkulturalitet kan trekkast inn i undervisning og anna formidling.

Tekstutvalet representerer ulike sjangrar og er valt både frå nordisk og internasjonal litteratur, hovudsakleg frå samtidslitteraturen. Teoripensumet skal bidra til å sette litteraturen inn i teoretiske og didaktiske samanhengar. Studentane skal gjere eit utval av skjønnlitteratur, og i samband med dette velje eit teoripensum som kan kaste lys over denne litteraturen (sjå litteraturlista).

Både i val av litteratur og i arbeidskrava kan studentane velje å konsentrere seg om problemstillingar som er spesielt relevante for det skoletrinnet dei rettar seg inn mot etter avslutta studium.

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli lagt opp til varierte undervisningsformer:

  • Forelesingar og seminar
  • Diskusjonar i grupper og i plenum
  • Tekstanalysar i grupper og aleine
  • Sjølvstudium og kollokviegrupper

Arbeidsomfang

Emnet har eit forventa arbeidsomfang på om lag 400 timar.

Praksis

Det er ikkje knytt praksis til emnet.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Individuell fagartikkel på 5-7 sider der ein vurderer ei skjønnlitterær bok ut frå relevante omgrep, t.d. oppbrot, kulturmøte, identitet, danning. Målform: bokmål.
  2. Individuell munnleg framføring på 15 minutt der ein analyserer og drøftar kritisk ei sjølvvald multimodal tekst ut frå sentrale fagomgrep, t.d. literacy, kultur- og situasjonskontekst, diskurs, metafunksjon, spesialisert språk.

Studenten vil få tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar på arbeidskrava.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell, skriftleg heimeeksamen, 5 dagar

Studentane får utdelt eksamensoppgåve fem dagar før innleveringsfristen. Eksamenssvaret skal vere på ca. 6 sider. Litteraturliste og innhaldsliste kjem i tillegg. Målform: Nynorsk eller bokmål etter eige val. Den målforma som blir vald, kan ikkje brukast i masteroppgåva.

Karakterregel: A-F.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane midtvegs/undervegs og sluttevaluering.

Litteratur

Litteraturlisten er sist oppdatert 14. mai 2018.

Bøker Andersen, Per Thomas. (2006). Identitetens geografi. Steder i litteraturen fra Hamsun til Naipaul. Oslo: Universitetsforlaget (s. 7-20, 138-194) (70 sider)

Nussbaum, Martha. (2016). Litteraturens etikk, Oslo: Pax.* (200 sider)

Artiklar og enkeltkapittel Askeland, Norunn (2006). Metaforar i fagtekstar og lærebøker. I Maagerø, M. & Elise S. Tønnessen. (red.). Å lese i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 89-109) (21 sider)

Askeland, Norunn & Eva Maagerø (2013). Tekstkulturer. I Askeland, Norunn & Benthe Aamotsbakken (red.). Syn for skriving.Om læringsressurser og skriving i skolens tekstkulturer. Oslo: Cappelen Damm akademisk. (s.43-55) (13 sider)

Bakhtin, Mikhail (1991). Epos og roman. Om romanstudiets metodologi. I Kittang, Atle m.fl. (red.). Moderne litteraturteori. En antologi. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 125-148) (24 sider)

Burn, Andrew (2009). Making new media. Creative production and digital literacies. New York: Peter Lang. (kap. 6 "Potterliteracy. From Book to Game and Back Again - Literature, Film, Game and Cross Media Literacy" og kap. 8 "Machinima, Second Life and the Pedagogy of Animation") (s. 91-110, 133-154) (33 sider)

Daugaard, Line M. & Martin B. Johansen (2012). Tosprogede børns møde med metafiktion i en postmoderne billedbog. Nordic journal of childlit aesthetics 3. (14 sider) http://www.childlitaesthetics.net/index.php/blft/article/view/18078

Ellingsen, Elisabeth (2007). Skjønnlitterære representasjoner av den Andre i et diskursanalytisk perspektiv. Noen utviklingslinjer i barne- og ungdomslitteraturen. NOA - Norsk som andrespråk 1. (s. 5-36) (32 sider)

Jewitt, Carey (2006). Technology, literacy and learning. A multimodal approach. London: Routledge. (kap. 5 "Multimodal learning") (s. 77-105) (29 sider)    

Kress, Gunther & Theo van Leeuwen (2015). Reading images. The grammar of visual design. London: Routledge. (kap. 2 "Designing social action" og kap. 5 "Modality: designing models of reality") (s. 45-79, 154-175) (55 sider)

Kongslien, Ingeborg (2007). New voices, new themes, new perspectives. Contemporary Scandinavian multicultural literature. Scandinavian studies 79(2). (s. 179-226) (28 sider)

Leeuwen, Theo van (1999). Speech, Music, Sound. London: MacMillian Press LTD(s. 1-11)

Livingstone, Sonia M. (2009). Children and the Internet. Great expectations, challenging realities. Cambridge: Polity. (kap. 1 "Changing childhood, changing media") (s. 1-32) (32 sider)

Maagerø, Eva & Elise S. Tønnessen (2014). Multimodal tekstkompetanse. Kristiansand: Portal Akademisk. (kap. 1)

McCloud, S. (1993). Understanding Comics. The Invisible Art. New York: HarperCollins Publishers. (Kap. 1, 2, 3, 4 og 5) (ca. 130 sider) Dansk overs. på bokhylla.no: https://www.nb.no/items/5e563653690bfc95820a4c33d214af7b;page=0;searchText=scott%20mccloud)

Michelsen, Maja (2016). Teksthendelser i barns hverdag. En tekstetnografisk og sosialsemiotisk studie av åtte barns literacy og deres meningsskaping på Internett (Doktorgradsavhandling). Universitetet i Oslo, Oslo. (Kap. 2 og 6) (80 sider) Tilgjengelig på nett, duo.uio.no: https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/51750/Teksthendelser_MajaMichelsen_avhandling.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Ommundsen, Åse M. (2008). Barndom i et flerkulturelt samfunn? Barndom, senmodernitet og kulturmøter i barnelitteraturen. I Otterstad, Ann Merete (red.). Profesjonsutøvelse og kulturelt mangfold. Fra innsikt til utsikt. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 31-54) (24 sider)

Strand, Torill (2010). Innvandrere i litteraturen - individer eller grupperepresentanter. I Årboka Litteratur for barn og unge. Oslo: Samlaget (s. 60-70) (11 sider)

Tonne, Ingebjørg & Inger Vederhus (2011). Gjenklang - utforsking av poetiske identitetstekster og lingvistisk kapital i det fleirkulturelle klasserommet. I Smidt, Jon, Elise S. Tønnessen & Bente Aamotsbakken (red.). Tekst og tegn. Lesing, skriving og multimodalitet i skole og samfunn. Trondheim: Tapir. (s. 237-254) (18 sider)        

 

Skjønlitteratur

Ask, Lene (2006): Hitler, Jesus og farfar. Oslo:Jippi forlag

Can, Mastafa (2006). Tätt intill dagarna. Stockholm: Norstedts förlag

Hassan, Yahya (2013). Digte. København: Gyldendal

Khemiri, Jonas Hassen (2003). Ett öga rött. Stockholm: Norstedts förlag

Shakar, Zeshan (2017). Tante Ulrikkes vei. Oslo: Gyldendal

Skaranger, Maria Navarro (2014). Alle utlendinger har lukka gardiner. Oslo: Oktober

Stranger, Simon (2015). De som ikke finnes. Oslo: Cappelen Damm AS

Vitanzas, Demian (2017). Dette livet eller det neste. Oslo: Aschehoug

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 22. nov. 2019 16:08:17