Fakta om emnet

Studiepoeng:
45
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Gisela Anne-Marie Håkansson
Undervisningsspråk:
Se pkt. Undervisnings- og læringsformer
Varighet:
1 år

LUMNOR40617 Masteroppgåve (Høst 2019–Vår 2020)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Masterstudium i norsk i skolen (120 studiepoeng) (heiltid).

Absolutte forkunnskaper

Alle dei fem første emna i Masterstudium i norsk i skolen må vere greidd (bestått) før masteroppgåva kan leverast til vurdering.

Undervisningssemester

Heiltid: 3.-4. semester (haust og vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Kandidaten

  • har avansert, spesialisert kunnskap innanfor eit avgrensa norskfagleg eller norskdidaktisk område
  • har inngåande kunnskap om vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske problemstillingar med relevans for eiga masteroppgåve og for arbeid med norskfaget i skolen
  • har inngåande kunnskap om aksepterte normer for vitskapleg framstilling

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan gjennomføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid
  • kan vurdere og bruke relevante metodar for norskfagleg og norskdidaktisk forsking på ein sjølvstendig måte
  • kan vurdere relevant forsking, og sjølv bidra med forskingsbasert kunnskap i arbeidet med å vidareutvikle norskfaget i skolen
  • kan sette seg inn i litteratur som er relevant for å drive forsking innanfor eit avgrensa norskfagleg eller norskdidaktisk område

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan reflektere over forskingsetiske spørsmål
  • kan formidle eit omfattande sjølvstendig forskingsarbeid innanfor fagområdet og beherskar fagspråk og fagsjangrar
  • kan bidra til utvikling av norsk som undervisningsfag i skolen

Innhold

Dette emnet består av sjølve masteroppgåva. Studenten skal under rettleiing utforme og gjennomføre eit forskingsprosjekt som blir dokumentert gjennom ei skriftleg oppgåve, masteroppgåva. Studenten vel sjølv tema for oppgåva i samråd med rettleiar. Temaet må vere knytt til det faglege innhaldet i studiet.

Arbeidet med masteroppgåva skal først og fremst gi eiga erfaring med vitskapleg arbeid. I tillegg gir arbeidet med oppgåva erfaring med språklege, litterære eller skolefaglege problemstillingar.

Normalt vil det første semesteret i dette emnet bli brukt til innsamling av data og lesing av faglitteratur, mens resten av tida vil bli brukt til analysar og skriving av oppgåva.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisningsspråket er norsk, svensk og dansk.

Det er fire obligatoriske oppgåveseminar á 5 timar undervegs, med lesing av modelltekster, tekster frå medstudentar og drøfting av relevante problemstillingar. Samlingane vil i hovudsak gå føre seg i første del av emnet; i haustsemesteret.

Det blir nytta varierte arbeidsformer og tilnærmingsmåtar:- litteraturstudium- tilbakemelding på andre studentar sine tekster- gruppediskusjonar- datainnsamling- planlegging og gjennomføring av ei større fagleg framstilling- oppgåveseminar- rettleiing

Det blir gitt inntil 15 timar personleg rettleiing.

I samarbeid med biblioteket vil det bli undervist i referanseteknikk og avansert litteratursøk.

Studentar som vel oppgåve der dei kan komme i kontakt med særleg sårbare grupper (barn/unge), må levere politiattest før dei går i gang med oppgåva. Sjå generell del av studieplanen.

Arbeidsomfang

Emnet har eit forventa arbeidsomfang på om lag 1200 timar.

Praksis

Det er ikkje knytt praksis til emnet.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Individuell prosjektbeskriving. Tema og design for masteroppgåva skal godkjennast av rettleiar og fagansvarleg for studiet på bakgrunn av ei prosjektbeskriving som presenterer tema, problemstilling og forslag til teoretisk og metodisk tilnærming.
  2. Deltaking på oppgåveseminar/skriveseminar med obligatorisk tilbakemelding på medstudentars skriftlege arbeid. Det er lagt opp til fire seminar á 5 timar. Studentane må vere til stades på minst tre seminar.
  3. Rettleiing er obligatorisk i arbeidet med masteroppgåva. Det skal utarbeidast kontrakt om rettleiing. Studenten skal møte til minimum tre individuelle rettleiingar.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell masteroppgåve
Omfang: 60-80 sider.

Målform: Den av dei to målformene nynorsk og bokmål som ikkje er brukt i heimeeksamen på NOR405 Tekst og tekstkulturar.

Vurderinga legg vekt på sjølvstende, originalitet, teoretisk forankring, metodisk refleksjon og god skriftleg framstilling i tråd med krava til vitskaplege arbeid.

Oppgåva skal skrivast med 12 pkt. Times New Roman eller tilsvarande, linjeavstand 1 ½. Oppgåva skal leverast i både papirformat og digitalt etter bestemte retningslinjer.

Masteroppgaven skal inneholde et sammendrag på ½-1 side som kommer til slutt i masteroppgaven. Det skal skrives på norsk, og gjerne også på engelsk. Studenten skal i et eget tillegg på inntil én side i masteroppgaven gjøre rede for masterarbeidets relevans for virket som lærer/lektor.

Karakterregel: A-F.

Masteroppgåva skal til elektronisk plagiatkontroll. Plagiering og avskrift av faglitteratur og andre skriftlege arbeid utan korrekt bruk av referansar/kjelder vil bli vurdert som forsøk på fusk. Sjå også forskrift om eksamen, studierett og grader ved Høgskolen i Østfold.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Vilkår for ny/utsatt eksamen

Ny/utsett eksamen i masteroppgåva er regulert i forskrift om eksamen, studierett og grader ved Høgskolen i Østfold, § 6, pkt. 9. Ved ikkje oppnådd resultat kan kandidaten levere omarbeidd oppgåve éin gong. Ved ønske om forbetring av karakter må kandidaten levere ny oppgåve med ny problemstilling. Ved levering av ny oppgåve har ikkje kandidaten krav på ny rettleiing.

Evaluering av emnet

Evaluering av dette emnet skjer i samband med samla evaluering av studiet i siste semester.

Litteratur

Det er ikkje felles litteratur knytt til dette emnet. Studentane vel sjølve relevant faglitteratur til masteroppgåva.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 16. nov. 2019 22:14:24