Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Maja Michelsen
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

LMUNOR10217 NOR102 Grammatikk, skriveopplæring og elevtekster (5-10) (Vår 2019)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Emnet er obligatorisk for studentar som vel norsk som

  • masterfordjuping (150 studiepoeng) i Grunnskolelærarutdanning 5-10
  • undervisningsfag (90 studiepoeng) i kombinasjon med Profesjonsretta pedagogikk som masterfordjuping i Grunnskolelærarutdanning 5-10
  • undervisningsfag (60 studiepoeng) i kombinasjon med Matematikk eller Engelsk som masterfordjuping i Grunnskolelærarutdanning 5-10

Undervisningssemester

2. semester (vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap

Kandidaten

  • har brei innsikt i korleis elevar på 5.-10. trinn kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
  • har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
  • har brei kunnskap om relevante teoriar om skriving og skriveopplæring
  • har kunnskap om dei ulike funksjonane skriving kan ha for elevars utvikling og læring
  • har kunnskap om skrivestrategiar
  • har kunnskap om gjeldande normering av bokmål og nynorsk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan analysere språket som system
  • kan legge til rette for at elevar får skrive sakprega tekstar og fiksjonstekstar av ulikt slag
  • kan rettleie elevar i ulike former for skriftleg argumentasjon og i variasjon i ordbruk og setningsoppbygging
  • kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av skriftlege elevtekstar
  • kan vurdere relevante undervisningsmetodar i skriveopplæring, skriftforming og grammatikk frå 5. til 10. trinn, både for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
  • kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med skriftlege tekstar
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

Generell kompetanse

Kandidaten

  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
  • kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
  • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø
  • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
  • kan legge til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

Innhold

NOR102 er konsentrert om desse fagområda:

  • Skriveopplæring og arbeid med elevtekster med vekt på 5.-10. trinn
  • Språket som system
  • Språknormering, bokmål og nynorsk

Det vil bli arbeidd både teoretisk og skoleretta med alle tema, i samsvar med måla for læringsutbytte. Sentrale området som er integrert i emnet, er grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering, fleirkulturelle perspektiv.

Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal utvikle eigen kompetanse i både skriftlege og munnlege sjangrar.

Undervisnings- og læringsformer

Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid, og lærestoffet skal bygge på anerkjent forskingsbasert kunnskap. I lærarutdanninga speler dessutan praksisperiodane ei viktig rolle, og samarbeid med praksisskolane opnar for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til læringsutbytta i emnet.

Digitale arbeidsmåtar i emnet er blant anna:
Innføring i akademisk bruk av Word (el. tilsv.) og referanseteknikk, opplæring i bruk av ordboksressursar og skrivehjelp på nett, grammatikkspel for barn og unge (t.d. GREI), samskrivingsverktøy til studentoppgåver.

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Praksis

Det er tre veker praksis i 2. semester. Sjå nærmare informasjon i programplan for Grunnskolelærarutdanning 5-10 og Plan for praksis (5-10).

Fagpulje 2, emne 102 (ENGELSK/MATEMATIKK/FRANSK/SPANSK/SAMFUNNSFAG) har hovedansvar for praksisperioden.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

I løpet av semesteret blir det gitt oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til tema i emnet, og i samband med praksis:

  1. Individuelt skriftleg arbeidskrav (grammatikk/språket som system). Målform: bokmål
  2. Individuelt skriftleg arbeidskrav (skriveopplæring/elevtekstanalyse). Målform: nynorsk
  3. Deltaking på profesjonsdagar

Tilbakemelding på arbeidskrav kan dels vere frå faglærarar, dels frå andre studentar, eventuelt kan dei bli vurdert av studenten sjølv (f.eks. refleksjonslogg). Meir detaljert beskriving av innhaldet i arbeidskrava vil bli gitt ved undervisningsstart.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Sluttvurdering i emnet består av to deleksamenar:

Deleksamen 1. Individuell skriftleg skoleeksamen, 4 timar
Skriftlig skoleeksamen tel 40 % av total karakter.
Målform: bokmål

Denne deleksamenen vektlegg grammatikkdelen av emnet, altså læringsutbytta knytt til språket som system.

Tillatne hjelpemiddel: Ingen.

Karakterregel: A-F.

Intern og ekstern sensor.

Deleksamen 2: Individuell heimeeksamen, tre dagar
Heimeeksamen tel 60 % av total karakter.
Målform: nynorsk

Denne deleksamenen vektlegg tema knytt til skrivedidaktikk og analyse av elevtekster.

Omfang: 3000 ord (+/- 10%). Innhaldsliste og litteraturliste kjem i tillegg.

Karakterregel: A-F.

Intern og ekstern sensor.

Kandidaten må ha greidd båe eksamenar for å få karakter i emnet.

Evaluering av emnet

Studentane får anledning til å delta i evaluering av emnet (EVA3). Resultata blir handsama av studieleiar og av faglærarane som er knytt til emnet.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 20.12.2017.

Bøker:
Kulbrandstad, Lars A. og Kinn, Torodd (2016). Språkets mønstre. Norsk språklære med øvingsoppgaver. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 17-56, 115-507) (433 sider)

Otnes, Hildegunn & Harald M. Iversen (2016). Å lære å skrive. Tekstkompetanse i norskfagets skriveopplæring. Oslo: Universitetsforlaget. (248 sider)

Artiklar og kapittel (i kompendium):
Aasen, Arne J. & Trygve Kvithyld (2012). Å skrive, det er å omskrive - funksjonell respons for å utvikle elevenes revisjonskompetanse. I Bedre skole 1. (s. 24-29) (6 sider) Henta frå: http://www.utdanningsforbundet.no/upload/Tidsskrifter/Bedre Skole/BS _nr_1_11/BS_1-12/UTD-BedreSkole-0112-WEB_Kvithyld_Aasen.pdf

Andreassen, Rune & Benthe K. Jansson (2014). Lese- og skrivevansker. I Jansson, Benthe K. & Traavik, Hilde (red.), Norskboka 2. Norsk for grunnskolelæreutdanning 1-7. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 183-217) (35 sider)

Berge, Kjell Lars (2014). Å kunne uttrykke seg skriftlig. I Stray, Janicke Heldal & Wittek, Line (red.), Pedagogikk - en grunnbok. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (s. 488-502) (15 sider)

Dysthe, Olga & Frøydis Hertzberg (2009). Den nyttige tekstresponsen - hva sier nyere forsking? I Haugaløkken, Ove K. m.,fl. (red.): Tekstvurdering som didaktisk utfordring. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 35-43) (8 sider)

Evensen, Lars S. (2010). En gyldig vurdering av elevers skrivekompetanse? I Smidt, J., Folkvord, I. & Aasen, A. J. (red.), Rammer for skriving. Om skriveutvikling i skole og yrkesliv. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag. (s. 13-31) (19 sider) Henta frå: http://www.skrivesenteret.no/ressurser/en-gyldig-vurdering-av-elevers-skrivekompetanse/

Hertzberg, Frøydis (2014). Grammatikk i skolen - klart for en omkamp? I Bedre skole 2. (s. 80-83) (4 sider) Henta frå: http://www.utdanningsforbundet.no/upload/Tidsskrifter/ Bedre Skole/BS_2_2014/UTD-BedreSkole-0214-WEB_Hertzberg.pdf

Hertzberg, Frøydis (2008). Grammatikk? I Nergård, Mette Elisabeth & Tonne, Ingebjørg (red.), Språkdidaktikk for norsklærere. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 17-26) (10 sider)

Hertzberg, Frøydis (2008). Sjangerskriving i ungdomsskolen: Fortelling er ikke nok. I Bjar, Louise (red.), Det er språket som bestemmer! Læring og språkutvikling i grunnskolen. Bergen: Fagbokforlaget/LNU. (s. 223-241) (18 sider)

Hognestad, Jan K. (2013). Fonetikk og fonologi. I Traavik, Hilde & Jansson, Benthe K. (red.), Norskboka 1. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 97-114) (17 sider)

Jansson, Benthe K. (2013). Språknormering. I Traavik, Hilde & Jansson, Benthe K. (red.), Norskboka 1. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 247-259) (13 sider)

Løvland, Anne (2007). Kva kjenneteiknar ein samansett tekst? I På mange måtar. Samansette tekstar i skolen. Bergen: LNU/Fagbokforlaget. (s. 20-40) (21 sider)

Matre, Synnøve og Nygård, Mari (2017), Språksyn og språkteoretiske tilnærmingsmåter (kap. 2), I: Igland, Mari og Nygård, Mari (red.), Norsk 5-10. Språkboka, s. 23-38. Oslo: Universitetsforlaget (26 sider)

Skovholt, Karianne & Veum, Aslaug (2014). Teoriar om tekst og kommunikasjon. I: Tekstanalyse. Ei innføring. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (s. 20-40) (21 sider)

Solheim, Randi & Matre, Synnøve (2014). Forventninger om skrivekompetanse. Perspektiver på skriving, skriveopplæring og vurdering i «Normprosjektet». Viden om Læsning, s. 76-89 (13 sider)

Solheim, Randi, Ann S. Larsen & Anne C. Torvatn (2010). 'Skrivekulturar på mellomtrinnet - tre døme'. I Smidt, Jon (red.), Skriving i alle fag - innsyn og utspill. Trondheim: Tapir akademiske forlag. (s. 39-65) (27 sider)

Traavik, Hilde (2009). Grunnleggende ferdigheter: Hvorfor er de så viktige? I Traavik m.fl. (red.), Grunnleggende ferdigheter i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 18-31) (14 sider)

Læreplanen i norsk og andre relevante offentlege dokument:
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova):
http://www.lovdata.no/all/nl-19980717-061.html

Forskrift til opplæringslova: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060623-0724.html

Læreplan i norsk: http://www.udir.no/kl06/NOR1-05/

Utdanningsdirektoratet (2014): Vurderingsrettleiingar og eksamensoppgåver: https://pgsf.udir.no/dokumentlager/EksamensOppgaver.aspx?proveType=EG
(Passord til eksempeloppgåver vil bli gitt av forelesar.)

Elevtekster
Eit utval elevtekster vil bli delt ut på forelesingane

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 15. nov. 2019 16:07:41