Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Undervisningsspråk:
Se pkt. Organisering og læringsformer
Varighet:
½ år

LMUNOR10317 NOR103 Språkleg mangfald, variasjon og endring (5-10) (Vår 2019)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Emnet er obligatorisk for studentar som vel norsk som

  • masterfordjuping (150 studiepoeng) i Grunnskolelærarutdanning 5-10
  • undervisningsfag (90 studiepoeng) i kombinasjon med Profesjonsretta pedagogikk som masterfordjuping i Grunnskolelærarutdanning 5-10
  • undervisningsfag (60 studiepoeng) i kombinasjon med Matematikk eller Engelsk som masterfordjuping i Grunnskolelærarutdanning 5-10

Forkunnskapskrav utover opptakskrav

  • Bestått praksisperiodar i 1. studieår.
  • Bestått NOR102 (5-10).

Undervisningssemester

4. semester (vår)

Høgskolen i Østfold tar forbehold om endringer i emnebeskrivelsen før semesterstart.

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap

Kandidaten

  • har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk, dialektologisk og sosiolingvistisk grunnlag
  • har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
  • har brei kunnskap om norsk språkhistorie (etter 1800)
  • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære seg norsk som eit andrespråk
  • har utvida innsikt i korleis elevar med norsk som andrespråk kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
  • har kunnskap om svensk, dansk og samisk og kjennskap til andre nordiske språk og nasjonale minoritetsspråk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa
  • kan legge til rette for og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane
  • kan bruke kunnskap om fleirspråklegheit for å legge til rette for god lese- og skriveopplæring på 5.-10. trinn for elevar med norsk som andrespråk
  • kan legge til rette for variert nabospråksundervisning
  • kan analysere og vurdere læremiddel i norskfaget

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfagets forsking og faghistorie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
  • kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

Innhold

NOR103 fokuserer på desse fagområda:

  • Talemålsvariasjon (dialektologi og sosiolingvistikk)
  • Språkhistorie etter 1800
  • Norsk som andrespråk og fleirspråklegheit generelt
  • Sidemålsdidaktikk
  • Nabospråksdidaktikk

Det vil bli arbeidd både teoretisk og skoleretta med alle tema, i samsvar med måla for læringsutbytte. Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal utvikle eigen kompetanse i både skriftlege og munnlege sjangrar.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisningsspråket er norsk, svensk eller dansk.

Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid, og lærestoffet skal bygge på anerkjent forskingsbasert kunnskap. I lærarutdanninga speler dessutan praksisperiodane ei viktig rolle, og samarbeid med praksisskolane opnar for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til læringsutbytta i emnet.

Digitale arbeidsmåtar i emnet er blant anna:
Innføring i bruk av PowerPoint (eller tilsvarande presentasjonsverktøy) inkludert bruk av lyd og bilde, nettressursar i nabospråksundervisning og nynorskundervisning, enkel innsamling av dialektdata via dialektkorpus eller opptak og transkripsjon.

Det er lagt opp til ein studietur til Schæffergården, Danmark. Studieturen varer i 4-5 dagar. Opphaldet er støtta av Fondet for dansk-norsk samarbeid (http://dansk-norsk.no/), men studentane må rekne med kostnader til reise/opphald. Sjå pkt. Arbeidskrav.

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Praksis

Det er tre veker praksis i 4. semester. Sjå nærmare informasjon i programplan for Grunnskolelærarutdanning 5-10 og Plan for praksis (5-10).

NOR103 har hovudansvar for praksisperioden.

Det er knytta arbeidskrav til praksisperioden; sjå pkt. Arbeidskrav.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

I løpet av semesteret blir det gitt oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til tema i emnet, og i samband med praksis:

  1. Analyse av bruk av læremiddel (kan vere tverrfagleg) (jf. Plan for praksis)

  2. Munnleg og/eller praktisk arbeidskrav om språkleg variasjon. (Kan innebere studietur til Danmark, sjå Undervisnings- og læringsformer).

  3. Individuell skriftleg oppgåve om språkhistorie (målform: nynorsk)

  4. Deltaking på profesjonsdagar

  5. Praksisrapport etter mal (jf. Plan for praksis)

  6. Praksis må vere greidd (jf. Plan for praksis)

Tilbakemelding på arbeidskrav kan dels vere frå faglærarar, dels frå andre studentar, eventuelt kan dei bli vurdert av studenten sjølv (f.eks. refleksjonslogg). Meir detaljert beskriving av innhaldet i arbeidskrava vil bli gitt ved undervisningsstart.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell munnleg eksamen

Varigheit: totalt ca. 35 minutt.

Den munnlege eksaminasjonen er todelt. Først presenterer studenten eitt av arbeidskrava sine (sjølvvalt, ca. 5 minutt). Presentasjonen skal vere reflekterande rundt eigen læringsprosess, ikkje berre eit referat av det faglege innhaldet. Deretter følgjer ein eksaminasjonsdel på omlag 30 minutt, der sensorane og studenten har ei fagleg samtale med utgangspunkt i tema frå emnet. I vurderinga vil både det faglege innhaldet og dei munnlege ferdigheitene bli vurdert.

Tillatne hjelpemiddel: Ingen.

Karakterregel: A-F.

Intern og ekstern sensor. 

Evaluering av emnet

Studentane får anledning til å delta i evaluering av emnet (EVA3). Resultata blir handsama av studieleiar og av faglærarane som er knytt til emnet.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 16.08.2016.

Bøker
Berggren, Harald, Kjartan Sørland & Vigdis Alver (2012). God nok i norsk? Språk- og skriveutvikling hos elever med norsk som andrespråk. Oslo: Cappelen Damm akademisk. (kap. 1-11) (195 sider)

Hårstad, Stian (2015). Nabospråk og nabospråksundervisning. Oslo: Cappelen Damm akademisk. (77 små sider)

Jansson, Benthe Kolberg & Synnøve Skjong (red.). (2011). Norsk = nynorsk ogbokmål. Ei grunnbok om nynorsk i skolen. Oslo: Samlaget. (Kap. 1 og 5-8) (114 sider)

Knudsen, S. V., Aamotsbakken, B. & Skjelbred, D. (2007). Tekst i vekst: teoretiske, historiske og analytiske perspektiver på pedagogiske tekster. Oslo: Novus. (247 sider)

Matsson, Anna F. & Gisela Håkansson (2011). Bedömning av svenska som andraspråk. En analysmodell baserad på grammatiska utvecklingsstadier. Lund: Studentlitteratur. (124 sider)

Mæhlum, Brit & Unn Røyneland (2012). Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter. Oslo: Cappelen Damm akademisk. (200 sider)

Mæhlum, Brit, Unn Røyneland, Gunnstein Akselberg & Helge Sandøy (2008). Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. Oslo: Cappelen Damm akademisk. (kap. 1-3, 5-7 og 10) (122 sider)

Otnes, Hildegunn & Bente Aamotsbakken (2006). Tekst i tid og rom. Norsk språkhistorie. Oslo: Samlaget. (279 sider)(kap. 1 og 5-11)

Artiklar og delkapittel
Engen, Thor O. & Lars A. Kulbrandstad (2004). Minoritetsspråk i Norge. I Tospråklighet, minoritetsspråk og minoritetsundervisning. (kap. 5) (37 sider)

Hasund, Ingrid K. (2006). Ungdomsspråk. Bergen: LNU/Fagbokforlaget. (kap. 1 'Introduksjon', kap. 5 'Slang' og kap. 7 'Småord') (50 små sider)

Svendsen, Bente A. & Unn Røyneland (2008). Multiethnolectal facts and functions in Oslo, Norway. International Journal of Bilingualism 12/1-2. (s. 63-83) (21 sider)

Todal, Jon (2007). Språkleg vitalisering - faktorar som vi ikkje skriv om. I Bull, Kuzmenko & Rießler (red.). Språk og språkforhold i Sápmi. Berlin: Nordeuropa Institut. (s. 201-210) (10 sider)

Generell kompetanse
Gjeldande læreplan for grunnskolen (LK 06)

Opplæringslova og forskrift til opplæringslova

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 15. nov. 2019 16:07:42