Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Benthe Kolberg Jansson
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

LMBNOR40117 NOR401 Lesing, skriving og munnlegheit (1-7) (Høst 2020)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Emnet er obligatorisk for studentar som vel norsk som

  • masterfordjuping (150 studiepoeng) i Grunnskolelærarutdanning 1-7
  • undervisningsfag (90 studiepoeng) i kombinasjon med Profesjonsretta pedagogikk som masterfordjuping i Grunnskolelærarutdanning 1-7

Forkunnskapskrav utover opptakskrav

  • Bestått praksisperiodar i 3. studieår.
  • Bestått minimum 150 studiepoeng frå 1.-3. studieår. Alle obligatoriske emne må være bestått (90 studiepoeng).
  • Bestått 60 studiepoeng frå masterfordjupingsfaget.
  • Bestått FoU-oppgåva i 3. studieår.

Undervisningssemester

7. semester (haust).

Høgskolen i Østfold tar forbehold om endringer i emnebeskrivelsen før semesterstart.

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Kandidaten

  • har avansert forståing av literacy-omgrepet og kan sjå dette i eit tverrfagleg skoleperspektiv
  • har inngåande og forskingsbasert kunnskap om begynnaropplæringa i lesing og skriving, og om vurdering og prøving av slik kompetanse
  • har god kunnskap om retorikk og om kva som kjenneteiknar munnleg språkbruk i ulike situasjonar på barnetrinnet
  • har avansert kunnskap om forholdet mellom skriftspråk og talespråk og om karakteristiske trekk ved skriftleg og munnleg kommunikasjon
  • har inngåande kunnskap om utforskande og kreative arbeidsmåtar innanfor lesing, skriving og munnlege ferdigheiter i norskfaget på barnetrinnet

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan vurdere korleis forskingsbasert kunnskap kan brukast i arbeidet med lese- og skriveopplæring og legge til rette for tilpassa opplæring
  • kan drøfte korleis det kan leggast til rette for utvikling av lesekompetanse knytt til eit breitt spekter av tekster, blant anna læreboktekster og andre typar multimodale tekster
  • kan reflektere over korleis kunnskapar om likskapar og forskjellar mellom tale- og skriftspråk kan bidra til å gi god undervisning i skriftleg og munnleg bruk av språket
  • kan drøfte korleis arbeid med både nynorsk og bokmål i skolen kan vere ein ressurs i utviklinga av språkleg kompetanse

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan sjå betydninga av å utvikle lesing, skriving og munnleg bruk av språket for den enkelte eleven og for samfunnet
  • har inngåande kunnskap om bruk av praktiske og estetiske arbeidsmåtar i begynnaropplæringa i norsk på barnetrinnet
  • kan sjå samanhengen mellom gode kunnskapar i lesing og skriving og demokrati og deltaking

Innhold

Emnet Lesing, skriving, munnlegheit og læremiddel tar utgangspunkt i ei fagleg drøfting av det mangefasetterte omgrepet literacy. Omgrepet vil bli behandla både i eit skole- og undervisningsperspektiv og i eit vidare samfunnsperspektiv, og det vil bli sett inn i ein norskfagleg samanheng.

Det vil vere ei forskingsbasert tilnærming til lese-, skrive- og munnlegopplæring, og til begynnaropplæring spesielt, og til drøftingar av korleis ny kunnskap innanfor desse felta kan brukast i praksis. Lesing og skriving vil også bli tematisert i ein spesifikt norskspråkleg kontekst, med nynorsk og bokmål som jamstilte skriftspråk og opplæringsspråk i skolen.

Forholdet mellom skriftspråk og talespråk og karakteristiske trekk ved skriftleg og munnleg kommunikasjon vil også bli behandla.

Lesing, skriving og munnlegheit vil vere eit fagleg grunnlag for arbeidet med andre emne i masterdelen av norskfaget.

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli lagt opp til varierte undervisningsformer:

- forelesingar
- gruppearbeid
- seminar med munnlege presentasjonar og tilbakemelding frå lærar og medstudentar
- sjølvstudium og arbeid i kollokviegrupper

Digitale arbeidsmåtar i emnet er blant anna:
Ordboksressursar på nett (didaktisk tilnærming - korleis lære elevar det?), studentsamarbeid om utvikling av fagsider på nett (blogg, Wiki etc.).

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Praksis

Det er ikkje rettleidd praksis i 7. semester. Sjå nærmare informasjon i programplan for Grunnskolelærarutdanning 1-7 og Plan for praksis (1-7).

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Individuell, munnleg presentasjon av utkast til fagtekst på eit fagseminar. Utkastet skal vere grunnlag for arbeidskrav 2.
  2. Levere ei individuell fagtekst etter vanlege normer for fagtekster til fastsett tid.
    Omfang: 8-10 sider, eksklusiv litteraturliste. Målform: nynorsk

Studenten vil få rettleiing og tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar i arbeidet med den obligatoriske fagteksten.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell skriftleg heimeeksamen.
Varigheit 5 dagar.

Studentane får utdelt eksamensoppgåve fem dagar før innleveringsfristen. Eksamenssvaret skal vere på ca. 6 sider etter nærmare retningslinjer. Litteraturliste og innhaldsliste kjem i tillegg. Målform: valfritt.

Karakterregel: A-F.
Intern og ekstern sensor.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane midtvegs/undervegs og sluttevaluering.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 16.08.2016.

Bøker
Bråten, Ivar (red.) (2007). Leseforståelse: Lesing i kunnskapssamfunnet - teori og praksis. Oslo: Cappelen Akademisk. (kap. 2 og 3) (58 sider)

Lundetræ, Kjersti & Tønnesen, Finn Egil (2014). Å lykkes med lesing - Tidlig innsats og tilpasset opplæring. Oslo: Gyldendal Akademisk (270 sider)

Penne, Sylvi & Frøydis Hertzberg (2015). Muntlige tekster i klasserommet (2. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. (140 sider)

Pressley, Michael & Richard L. Allington (2014). Reading instruction that works. The case for balanced teaching. 4th Edition. New York: Guilford Press. (kap. 1, 4, 5, 9, 10) (210 sider)

Artiklar og kapittel
Aase, Laila (2012). Skriveprosesser som danning. I Matre, Synnøve, Dagrun K. Sjøhelle & Randi Solheim (red.), Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksiser. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 48-58) (11 sider)

Andreassen, Rune & Ivar Bråten (2011). Implementation and effects of explicit reading comprehension instruction in fifth-grade classrooms. Learning and instruction 21. (s. 520-537) (19 sider)

Bereiter, Carl (1980). Development in writing. I Gregg, Lee W. & Erwin R. Steinberg (red.), Cognitive processes in writing. Hillsdale, New Jersey: Lawrence Erlbaum Associates Publishers. (s. 73-93) (18 sider)

Berge, Kjell Lars (2014). Å kunne uttrykke seg skriftlig. I Stray, Janicke H. & Line Wittek (red.), Pedagogikk - en grunnbok. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (s. 488-502) (14 sider)

Bueie, Agnete (2014). «Jeg synes det er ett fett om det er 'klarte' eller 'hadde'.» Om elevers forståelse og reaksjon på lærers tekstrespons i norskfaget. I Skaftun, Atle, Per H. Uppstad & Arne J. Aasen (red.). Skriv! Les! 2. Artikler fra den andre nordiske konferansen om skriving, lesing og literacy. Bergen: Fagbokforlaget. (s. 109-131) (23 sider)

Cope, Bill & Mary Kalantzis (2000). Literacy learning and the design of social futures. London/New York: Routledge. (kap. 1) (29 sider)

Evensen, Lars S. (2009). Vurdering av elevers skrivekompetanse. En kompleks utfordring. I Haugaløkken, Ove K., Lars S. Evensen, Frøydis Hertzberg & Hildegunn Otnes (red.). Tekstvurdering som didaktisk utfordring. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 15-23) (9 sider)

Halliday, M. A. K. (1998). Situasjonskonteksten. I Berge.Kjell.Lars, Coppock, Patrick & Maagerø, Eva (red.). Å skape mening med språk. Oslo LNU/Cappelen Akademisk Forlag. (13 sider)

Hoel, Torlaug L. (1999). «Den første gang, den første gang ». Bygging av munnleg klasseromskultur i norskfaget. I Hertzberg, Frøydis & Astrid Roe (red.), Muntlig norsk. Oslo: Tano Aschehoug. (s. 37-53) (16 sider)

Jansson, Benthe K. (1999). Skriveopplæring og vide skriftnormalar. Språklig Samling 40(1). (s. 8-13). (6 sider)

Jansson, Benthe K. (2012). Tidlig start med skriving på begge målformer. I Matre, Synnøve & Atle Skaftun (red.). Skriv! Les!. Akademika forlag. (s. 101-123) (21 sider)

Knobel, Michele & Colin Lanksheare (2008). Remix. The art and craft of endless hybridization. Journal of adolescent & adult literacy 52(1). (s. 22-33) (12 sider)

Kress, Gunther & Theo van Leeuwen (2006). Reading images. The grammar of visual design. New York: Routledge. (Introduction og kap. 1) (43 sider)

Kress, Gunther (2000). Multimodality. I Cope, Bill & Mary Kalantzis (red.). Multiliteracies. Literacy learning and the design of social futures. London/New York: Routledge. (kap. 9) (21 sider)

Ledin, Pär (2015). Listans og tabellens semiotik. Sakprosa 7(1). (25 sider)

Lie, Alfred (1991). Effects of a training program for stimulating skills in word analysis in first-grade children. Reading research quarterly 26. (s. 234-250) (16 sider)

Ongstad, Sigmund (2009). Kan skriverutvikling planlegges? Enkelteleven i møte med skolens oppgavekultur. I Haugaløkken, Ove K., Lars S. Evensen, Frøydis Hertzberg & Hildegunn Otnes (red.). Tekstvurdering som didaktisk utfordring. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 74-83) (10 sider)

Otnes, Hildegunn (2014). Å designe skriveoppgaver. I Skaftun, Atle, Per H. Uppstad & Arne J. Aasen (red.). Skriv! Les! 2. Artikler frå den andre nordiske konferansen om skriving, lesing og literacy. Bergen: Fagbokforlaget. (s. 237-255) (18 sider)

Prior, Paul (2006). A sociocultural theory of writing. I Charles A. MacArthur, Steve Graham & Jill Fitzgerald (red.). Handbook of writing research. New York: The Guilford Press. (s. 54-66) (13 sider)

http://www.udir.no/Upload/Forskning/Internasjonale_undersokelser/pisa_2009/5/PISArapporten.pdf?epslanguage=no

Solheim, Randi & Synnøve Matre (2014). Forventninger om skrivekompetanse. Perspektiver på skriving, skriveopplæring og vurdering i «Normprosjektet». I Viden om Læsning 15. København: Nationalt Videncenter for Læsning. (s. 76-89) (11 sider)
http://www.videnomlaesning.dk/wp-content/uploads/videnom_15_8.pdf

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 14. des. 2019 16:13:47