Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Marion Elisenberg
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

LMBNOR10317 NOR103 Variasjon og endring i tale og skrift (1-7) (Vår 2020)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Emnet er obligatorisk for studentar som vel norsk som

  • masterfordjuping (150 studiepoeng) i Grunnskolelærarutdanning 1-7

  • undervisningsfag (90 studiepoeng) i kombinasjon med Profesjonsretta pedagogikk som masterfordjuping i Grunnskolelærarutdanning 1-7

Absolutte forkunnskaper

  • Bestått praksisperiodar i 1. studieår.

  • Bestått NOR101 (1-7) og NOR102 (1-7)

Undervisningssemester

4. semester (vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Kandidaten

  • har brei kunnskap om språklege endringsprosessar i fortid og samtid

  • har god kunnskap om normeringsspørsmål i moderne norsk

  • har brei kunnskap om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar

  • har inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving

  • har kunnskap om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan organisere og drive lese- og skriveopplæring for trinn 1-7 etter fagleg grunngitte prinsipp, også i det fleirspråklege klasserommet

  • kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen

  • kan bruke kunnskap om talemål- og skriftspråksnormering i skriveopplæringa

  • kan vurdere og reflektere omkring ulike slags prøver i lesing og skriving, og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane

  • kan legge til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane

  • kan verke som ein ressursperson i samarbeidet med kollegaer om lesing, skriving og munnlegheit som grunnleggande ferdigheiter

  • kan gjennomføre teoribaserte analysar av læreverk og læringsressursar (digitale og papirbaserte) i norskfaget på barnetrinnet.

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan formidle norskfaglige innsikter og tilpasse form og innhold til ulike målgrupper

  • har innsikt i norskfaget historisk og ut frå forsking og kan reflektere kritisk og konstruktivt om praksis ut frå slike perspektiv

  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane

  • har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring

  • kan vurdere nytte, relevans og kvalitet på ulike læremiddel ut frå teoribasert kunnskap

Innhold

NOR103 er konsentrert om desse fagområda:

  • Språkhistorie, språknormering og talemålsvariasjon

  • Lese- og skriveopplæring i historisk perspektiv

  • Lese- og skrivedidaktikk etter den første opplæringa

Det vil bli arbeidd både teoretisk og didaktisk med alle fagområda, i samsvar med måla for læringsutbytte. Både grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring og vurdering for læring står sentralt, og emnet tar også opp fleirspråklege og fleirkulturelle perspektiv.

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal møte varierte arbeidsformer. Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid, og lærestoffet skal bygge på anerkjent forskingsbasert kunnskap. I lærarutdanninga speler dessutan praksisperiodane ei viktig rolle, og samarbeid med praksisskolane opnar for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til læringsutbytta i emnet.

Digitale arbeidsmåtar i emnet er blant anna:Innføring i bruk av PowerPoint (eller tilsvarande presentasjonsverktøy) inkludert bruk av lyd og bilde, nettressursar i nabospråksundervisning, enkel innsamling av dialektdata via dialektkorpus eller opptak og transkripsjon.

Det er lagt opp til ein studietur til Schæffergården, Danmark. Turen varer i 4-5 dagar. Opphaldet er støtta av Fondet for dansk-norsk samarbeid (http://dansk-norsk.no/), men studentane må rekne med kostnader til reise/opphald. Sjå pkt. Arbeidskrav.

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Praksis

Det er tre veker praksis i 4. semester. Sjå nærmare informasjon i programplan for Grunnskolelærarutdanning 1-7 og Plan for praksis (1-7).

Det er knytt arbeidskrav til praksisperioden; sjå pkt. Arbeidskrav.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

I løpet av semesteret blir det gitt oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til tema i emnet, og i samband med praksis:

  1. Læremidler i praksisklassen: analyse og bruk. Munnleg presentasjon i grupper på 2-4 studentar. Studentane skal gi hverandre tilbakemeldinger. (jf. Plan for praksis)

  2. Munnleg arbeidskrav med vekt på lese- og skriveopplæring.

  3. Skriftleg oppgåve om språkhistorie. Målform: nynorsk

  4. Munnleg og/eller praktisk arbeidskrav med vekt på språkleg variasjon (kan innebere studietur til Danmark).

Tilbakemelding på arbeidskrav kan dels vere frå faglærarar, dels frå andre studentar, eventuelt kan dei bli vurdert av studenten sjølv (f.eks. refleksjonslogg). Meir detaljert beskriving av innhaldet i arbeidskrava vil bli gitt ved undervisningsstart.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell munnleg eksamen.
Varigheit: totalt ca. 35 minutt.

Den munnlege eksaminasjonen er todelt. Først presenterer studenten eitt av arbeidskrava sine (sjølvvalt, ca. 5 minutt). Presentasjonen skal vere reflekterande rundt eigen læringsprosess, ikkje berre eit referat av det faglege innhaldet. Deretter følgjer ein eksaminasjonsdel på omlag 30 minutt, der sensorane og studenten har ei fagleg samtale med utgangspunkt i tema frå emnet. I vurderinga vil både det faglege innhaldet og dei munnlege ferdigheitene bli vurdert.

Tillatne hjelpemiddel: Ingen
Karakterregel: A-F

Sensorordning

Intern og ekstern sensor

Evaluering av emnet

Studentane får anledning til å delta i evaluering av emnet (EVA3). Resultata blir handsama av studieleiar og av faglærarane som er knytt til emnet.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 12.12.2018

Bøker:

Iversen, Harald Morten & Hildegunn Otnes (2014). Å lære å skrive. Tekstkompetanse i norskfagets skriveopplæring. Oslo: Universitetsforlaget. (utdrag)

Knudsen, S. V., Aamotsbakken, B. & Skjelbred, D. (2007). Tekst i vekst: teoretiske, historiske og analytiske perspektiver på pedagogiske tekster. Oslo: Novus. (utdrag)

Klinkenberg, J.E.2005: Å bedre barns leseflyt. Oslo: Aschehoug 

Lyster, Solveig-Alma Halaas (2012). Elever med lese- og skrivevansker. Hva vet vi? Hva gjør vi? Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (110 sider)

Mæhlum og Unn Røyneland (2012). Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (200 sider)

Otnes, Hildegunn & Bente Aamotsbakken (2012). Tekst i tid og rom. Norsk språkhistorie. Oslo: Det Norske Samlaget.

Roe, Astrid (2014). Lesedidaktikk - etter den første leseopplæringen. Oslo: Universitetsforlaget. (utdrag)

Skjelbred, Dagrun (2010). Fra Fadervår til Facebook: skolens lese- og skriveopplæring i et historisk perspektiv. Bergen: Fagbokforlaget. (utdrag)

Traavik, Hilde & Benthe K. Jansson (red.) 2013: Norskboka 1. Norsk for grunnskolelærerutdanning 1-7. Oslo:Universitetsforlaget. (kap. 12 'Tale og skrift' og kap. 13 'Språknormering') (s. 229-260) (32 sider)

 

Traavik, Hilde & Benthe K. Jansson (red.) 2014: Norskboka 2. Norsk for grunnskolelærerutdanning 1-7. Oslo:Universitetsforlaget. (kap. 13 «Grannespråksundervisning» og kap. 14 «læringsressurser: Vurdering og bruk» (ca. 25 sider))

Bokkapittel/artiklar:

Alver, Vigdis & Elisabeth Selj (2008). Å lese fagtekster på andrespråket. I Selj & Ryen (red.), Med språklige minoriteter i klassen. Oslo: Cappelen Akademisk. (s. 107-129) (23 sider)

Ansaldo, Kristina (2012). Språk och ämnesundervisning i det flerspråkiga klassrummet. I Arntzen, Due & Hjelde (red.) Flerspråklig oppvekst i barnehage, førskole og skole. Halden:Høgskolen i Østfold. (s. 85-100) (16 sider)

Mæhlum, Brit (2008). Språk og identitet. I Mæhlum m. fl. (red.), Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. Oslo: Cappelen akademisk forlag. (s. 103-123) (21 sider)

Solheim, Randi, Ann S. Larsen & Anne C. Torvatn (2010). Skrivekulturar på mellomtrinnet - tre døme. I Smidt, Jon (red.), Skriving i alle fag - innsyn og utspill. Trondheim: Tapir akademiske forlag. (s. 39-65) (27 sider)

Stifoss-Hanssen, Astrid (2010). Multimodal tekstskaping. I Tønnessen & Vollan (red.). Begynneropplæring i en sammensatt tekstkultur. Kristiansand: Høgskoleforlaget. (26 sider)

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 13. des. 2019 01:24:11