Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

LMBNOR40317 NOR403 Tekst og tekstkulturar (1-7) (Høst 2021)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Emnet er obligatorisk for studentar som vel norsk som masterfordjuping (150 studiepoeng) i Grunnskolelærarutdanning 1-7.

Forkunnskapskrav utover opptakskrav

  • Bestått praksisperiodar i 4. studieår.
  • Bestått minimum 150 studiepoeng fra 1.-3. studieår. Alle obligatoriske emne må være bestått (90 studiepoeng).
  • Bestått 60 studiepoeng frå masterfordjupingsfaget i 1.-3. studieår.
  • Bestått FoU-oppgåva i 3. studieår.
  • Bestått emnet NOR401 (1-7)

Undervisningssemester

9. semester (haust).

Høgskolen i Østfold tar forbehold om endringer i emnebeskrivelsen før semesterstart.

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om korleis identitet, kulturmøte, barndom og oppvekst blir tematisert i skjønnlitteratur
  • har inngåande kunnskap om barn og unges deltaking i ulike tekstkulturar, både i og utanfor skolen
  • har innsikt i korleis arbeid med tekster i ulike medium og sjangrar kan støtte opp under elevane sitt identitetsarbeid og vere kjelder til barn og unges lærings- og danningsprosessar
  • har inngåande kunnskap om tekstteori generelt, og multimodal analyse spesielt
  • har avansert kunnskap om litteraturteori og litteraturdidaktikk og om praktiske og estetiske arbeidsmåtar i litteraturundervisninga på barnetrinnet
  • har inngåande kunnskap om særmerke ved barne- og ungdomslitteraturen samanlikna med vaksenlitteraturen

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan vurdere og bruke litteraturteori og litterær metode i studium av skjønnlitteratur
  • kan reflektere teoretisk og didaktisk over bruk av litteratur i klasserommet på barnetrinnet
  • kan nytte utforskande og kreative arbeidsmåtar i litteraturundervisninga på barnetrinnet
  • kan analysere og vurdere ulike typar multimodale tekster, og kan arbeide med denne typen tekster i skolen

Generell kompetanse
Kandidaten

  • har ei kritisk tilnærming til tekst- og mediekulturar som barn og unge deltar i
  • kan bidra i faglege diskusjonar som angår barn og unge i spørsmål om literacy, litteratur, læring og multimodalitet
  • kan drøfte korleis skjønnlitteratur kan gi perspektiv på identitetsarbeid i eit samfunn i endring

Innhold

I dette emnet står analyse av tekst i ulike sjangrar, medium og tekstkulturar sentralt. Her blir både skjønnlitterære tekster og barn og unges kvardagstekster behandla teoretisk, tolka og drøfta.

Emnet vidarefører literacy-perspektivet i NOR401 ved at studentane skal analysere og kritisk vurdere ulike tekster som barn produserer og møter i heim og skole. Slike tekster kan til dømes vere bloggar, nettsider, multimodale elevtekster, dataspel, film, digitale læringsressursar og læreverk. Dette skal også sette studentane i stand til å forstå korleis ulike multimodale tekster kan vere kjelder til barns danning, læring og identitetsbygging.

Emnet vil ha ei didaktisk innretting med vekt på korleis denne litteratur og teoriar om litteratur kan trekkast inn i undervisning og anna formidling.

Det skjønnliterære tekstutvalet representerer ulike sjangrar og er valt både frå nordisk og internasjonal litteratur, hovudsakleg frå samtidslitteraturen. Teoripensumet skal bidra til å sette litteraturen inn i teoretiske og didaktiske samanhengar. Studentane skal gjere eit utval av skjønnlitteratur, og i samband med dette velje eit teoripensum som kan kaste lys over denne litteraturen (sjå litteraturlista).

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli lagt opp til varierte undervisningsformer:

- Forelesingar og seminar
- Diskusjonar i grupper og i plenum
- Tekstanalysar i grupper og aleine
- Sjølvstudium og kollokviegrupper

Digitale arbeidsmåtar i emnet er blant anna:
Pensum og arbeidskrav om barn og unges bruk av digitale medium, analysar av multimodale tekster, studentsamarbeid om utvikling av enkle digitale læringsressursar for elevar i skolen.

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Praksis

Det er to veker praksis i 9. semester inkludert skoleovertaking. Sjå nærmare informasjon i programplan for Grunnskolelærarutdanning 1-7 og Plan for praksis (1-7).
NOR403 har hovudansvar for praksis.

Det er knytt arbeidskrav til praksisperioden; sjå pkt. Arbeidskrav.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Individuell fagartikkel på 5-7 sider der ein vurderer ei skjønnlitterær bok ut frå relevante omgrep, t.d. oppbrot, kulturmøte, identitet, danning. Målform: bokmål.

  2. Individuell munnleg framføring på 15 minutt der ein analyserer og drøftar kritisk ei sjølvvald multimodal tekst ut frå sentrale fagomgrep, t.d. literacy, kultur- og situasjonskontekst, diskurs, metafunksjon, spesialisert språk.

  3. Refleksjonsnotat frå skoleovertaking (jf. Plan for praksis)

  4. Praksis må vere bestått (jf. Plan for praksis)

Studenten vil få tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar på arbeidskrava.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell munnleg eksamen. Varigheit ca. 40 minutt.

Eksamen er todelt: Kandidaten skal presentere eit fagleg relevant tema etter eige val. Presentasjonen skal vare i 10 minutt. Deretter vil det vere ein samtale om faglege spørsmål mellom kandidaten og sensorane. Både fagkunnskapar og evne til formidling og munnleg kommunikasjon vil bli vurdert.

Karakterregel A-F.
Intern og ekstern sensor.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane midtvegs/undervegs og sluttevaluering.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 16.08.2016.

Bøker
Andersen, Per T. (2006). Identitetens geografi. Steder i litteraturen fra Hamsun til Naipaul. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 7-20, 138-194) (70 sider)

Maagerø, Eva & Elise S. Tønnessen (2014). Multimodal tekstkompetanse. Kristiansand: Portal Akademisk. (245 sider)

Mizuko, Ito (m.fl.) (2010). Hanging out, messing around and geeking out. Kids living and learning with new media. Cambridge: The MIT Press. (kap. 2 'Friendship' og kap. 5 'Gaming') (s. 79-116, 195-242) (86 sider)

Artiklar og enkeltkapittel
Askeland, Norunn (2006). Metaforar i fagtekstar og lærebøker. I Maagerø, M. & Elise S. Tønnessen. (red.). Å lese i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 89-109) (21 sider)

Askeland, Norunn & Eva Maagerø (2013). Tekstkulturer. I Askeland, Norunn & Benthe Aamotsbakken (red.). Syn for skriving. Om læringsressurser og skriving i skolens tekstkulturer. Oslo: Cappelen Damm akademisk. (s.43-55) (13 sider)

Bakhtin, Mikhail (1991). Epos og roman. Om romanstudiets metodologi. I Kittang, Atle m.fl. (red.). Moderne litteraturteori. En antologi. Oslo: Universitetsforlaget.
(s. 125-148) (24 sider)

Bezemer, Jeff & Gunther Kress (2008). Writing in multimodal texts. A social semiotic account of designs for learning. Written Communication 25(2). (s. 166-195) (28 sider)

Burn, Andrew (2009). Making new media. Creative production and digital literacies. New York: Peter Lang. (kap. 1 'Making New Media: Culture, Semiotics, Digital Lit/Oracy', kap. 6 'Potterliteracy. From Book to Game and Back Again - Literature, Film, Game and Cross Media Literacy' og kap. 8 'Machinima, Second Life and the Pedagogy of Animation') (s. 1-24, 91-110, 133-154) (57 sider)

Daugaard, Line M. & Martin B. Johansen (2012). Tosprogede børns møde med metafiktion i en postmoderne billedbog. Nordic journal of childlit aesthetics 3.
(14 sider) http://www.childlitaesthetics.net/index.php/blft/article/view/18078

Ellingsen, Elisabeth (2007). Skjønnlitterære representasjoner av den Andre i et diskursanalytisk perspektiv. Noen utviklingslinjer i barne- og ungdomslitteraturen. NOA - Norsk som andrespråk 1. (s. 5-36) (32 sider)

Hoover, Stewart M. & Lynn S. Clark (2008). Children and media in the context of the Home and Family. I Drotner, Kirsten & Sonia Livingstone. The international handbook of children, media and culture. London: SAGE. (s. 105-120) (16 sider)

Jewitt, Carey (2006). Technology, literacy and learning. A multimodal approach. London: Routledge. (kap. 5 'Multimodal learning') (s. 77-105) (29 sider)

Kress, Gunther & Theo van Leeuwen (2015). Reading images. The grammar of visual design. London: Routledge. (kap. 2 'Designing social action' og kap. 5 'Modality: designing models of reality') (s. 45-79, 154-175) (55 sider)

Kongslien, Ingeborg (2007). New voices, new themes, new perspectives. Contemporary Scandinavian multicultural literature. Scandinavian studies 79(2). (s. 179-226) (28 sider)

Livingstone, Sonia M. (2009). Children and the Internet. Great expectations, challenging realities. Cambridge: Polity. (kap. 1 'Changing childhood, changing media') (s. 1-32) (32 sider)

Ommundsen, Åse M. (2008). Barndom i et flerkulturelt samfunn? Barndom, senmodernitet og kulturmøter i barnelitteraturen. I Otterstad, Ann Merete (red.). Profesjonsutøvelse og kulturelt mangfold. Fra innsikt til utsikt. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 31-54) (24 sider)

Strand, Torill (2010). Innvandrere i litteraturen - individer eller grupperepresentanter. I Årboka Litteratur for barn og unge. Oslo: Samlaget. (s. 60-70) (11 sider)

Tonne, Ingebjørg & Inger Vederhus (2011). Gjenklang - utforsking av poetiske identitetstekster og lingvistisk kapital i det fleirkulturelle klasserommet. I Smidt, Jon, Elise S. Tønnessen & Bente Aamotsbakken (red.). Tekst og tegn. Lesing, skriving og multimodalitet i skole og samfunn. Trondheim: Tapir. (s. 237-254) (18 sider)

Tønnessen, Elise S. (2007). Generasjon.com. Mediekultur blant barn og unge. Oslo: Universitetsforlaget. (kap. 6 'Lesingens økologi', kap. 7 'Gutter og jenters mediefascinasjoner' og kap. 8 'Skolekultur og fritidskultur') (s. 110-132, 132-153, 155-166) (54 sider)

Litteratur som tematiserer identitet og kulturmøte
(Studentane vel tre vaksenbøker og fem barne- og ungdomsbøker)

Vaksenlitteratur
Abdolah, Kader (2008). Huset ved moskeen. Oslo: Gyldendal.

Blixen, Karen (1937). Den afrikanske farm. København: Gyldendal.

Can, Mustafa (2006). Tätt intill dagarna. Stockholm: Norstedts förlag.

Eggen, Torgrim (2000). Hilal. Oslo: Gyldendal.

Hassan, Yahya (2013). Digte. København: Gyldendal.

Kallifatides, Theodor (2001). Ett nytt land utanför mitt fönster. Stockholm: Bonniers.

Khemiri, Jonas Hassen (2016). Allt jag inte minns. (2015) Stockholm: Albert Bonnier

Al-Kubaisi, Walid (2000). Norske poteter og postmodernistiske negre. Oslo: Kulturbro forlag

Moberg, Vilhelm (1952). Innvandrerne, Nybyggere. Den norske bokklubben.

Mahfouz, Naguib (1998). Arabiske netter. Oslo: Pax forlag.

Rølvåg, Ole Edvart (1924). I de dage. Oslo: Gyldendal.

Said, Kurban (1937/2005). Ali og Nino. Oslo: Gyldendal.

Seierstad, Åsne (2002). Bokhandleren i Kabul: et familiedrama. Oslo: Cappelen

Barne- og ungdomslitteratur
Basso, Aino (2013). Inn i elden. Oslo: Samlaget

Bruheim, Magnhild (2015). På flukt. Oslo: Samlaget

Issak, Esmail I. ((2009). De rømtes rabalder. Månesyke fortellinger. Oslo: Kulturbro forlag

Kahsay, Abiel , von Henting, Urd (1993). Fisken og apen. To fabler fra Eritrea gjenfortalt på norsk, vietnamesisk, tigrinya og urdu. Oslo: Kulturbro.

Khan, Mahmona (2013). Fra Oslo til Lahore. Oslo: Aschehoug.

Koca, Ayse (2014). Yoko Onur - et balleliv. Oslo: Omnipax.

Mirreh, Abdirahman Gaileh, von Hentig, Urd (1996). Nomadens stemme. Fabler og eventyr fra somalifolket, gjenfortalt på norsk, somali og urdu. Oslo: Kulturbro.

Mæhle, Lars (2015). Bouvetøya 2052. Oslo: Samlaget

Poorgholan, Elyas (2008). Faren. Oslo: Kulturbro forlag.

Serup, Martin Glaz, Thau-Jensen, Cato (2009). En spændende historie. København:
Gyldendal.

Skaranger, Maria Navarro (2014). Alle utlendinger har lukka gardiner. Oslo: Oktober.

Sortland, Bjørn (1997). Den solbrente mammaen som blei bytta bort mot ti kamelar. Oslo: Aschehoug forlag.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 11. des. 2019 10:06:38