Fakta om emnet

Studiepoeng:
30
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Emnet er hovedsakelig nettbasert. Se pkt. Undervisnings- og læringsformer.
Undervisningsspråk:
Tysk
Varighet:
½ år

LMUTYS40517 TYS405 Masteroppgave i tysk (5-10) (Vår 2022)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Emnet er obligatorisk for studentar som vel tysk som masterfordjuping (150 studiepoeng) i Grunnskolelærarutdanning 5-10.

Forkunnskapskrav utover opptakskrav

For å starte på emnet/få tildelt rettleiar må studenten ha:

  • Bestått praksisperiodar i 4. studieår.
  • Bestått minimum 150 studiepoeng frå 1.-3. studieår.
  • Bestått 60 studiepoeng frå masterfordjupingsfaget.
  • Bestått emnet VIT404T Vitenskapsteori og metode.

Før studenten kan levere masteroppgåva til sluttvurdering må alle emne og praksisperiodar i studiet vere bestått.

Undervisningssemester

10. semester (vår).

Høgskolen i Østfold tar forbehold om endringer i emnebeskrivelsen før semesterstart.

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert, spesialisert kunnskap innanfor eit avgrensa tyskfagleg eller tyskdidaktisk område
  • har inngåande kunnskap om vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske problem-stillingar med relevans for eiga masteroppgåve og for arbeid med tyskfaget i skolen
  • har inngåande kunnskap om aksepterte normer for vitskapleg framstilling

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan gjennomføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid
  • kan vurdere og bruke relevante metodar for tyskfagleg og tyskdidaktisk forsking på ein sjølvstendig måte
  • kan vurdere relevant forsking, og sjølv bidra med forskingsbasert kunnskap i arbeidet med å vidareutvikle tyskfaget i skolen
  • kan sette seg inn i litteratur som er relevant for å drive forsking innanfor eit avgrensa tyskfagleg eller tyskdidaktisk område

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan reflektere over forskingsetiske spørsmål
  • kan formidle eit omfattande sjølvstendig forskingsarbeid innanfor fagområdet og beherskar fagspråk og fagsjangrar
  • kan bidra til utvikling av tysk som undervisningsfag i skolen

Innhold

Dette emnet består av sjølve masteroppgåva. Studenten skal under rettleiing utforme og gjennomføre eit forskingsprosjekt som blir dokumentert gjennom ei skriftleg oppgåve, masteroppgåva. Studenten vel sjølv tema for oppgåva i samråd med rettleiar. Temaet må vere knytt til det faglege innhaldet i studiet.

Arbeidet med masteroppgåva skal først og fremst gi eiga erfaring med vitskapleg arbeid. I tillegg gir arbeidet med oppgåva erfaring med språkdidaktiske, litteraturdidaktiske eller andre tyskdidaktiske problemstillingar.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er hovedsakelig nettbasert. Det er obligatoriske samlinger på campus i Halden. Veiledning blir gitt på nett og/eller på campus.

Det er fire obligatoriske oppgåveseminar á 5 timar i emnet med lesing av modelltekster, tekster frå medstudentar og drøfting av relevante problemstillingar.

Det blir nytta varierte arbeidsformer og tilnærmingsmåtar:

  •   litteraturstudium
  •   tilbakemelding på andre studentar sine tekster
  •   gruppediskusjonar
  •   datainnsamling
  •   planlegging og gjennomføring av ei større fagleg framstilling
  •   oppgåveseminar
  •   rettleiing

Det blir gitt inntil 15 timar individuell rettleiing. I samarbeid med biblioteket vil det bli undervist i referanseteknikk og avansert litteratursøk.

Studenten må i tillegg delta på annen obligatorisk aktivitet i tråd med programplanen for GLU 5-10, se Programplan generell del og Plan for praksis.

 

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 800 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Praksis

Det er ikke veiledet praksis i 10. semester. Se nærmere informasjon i programplan for Grunnskolelærerutdanning 5-10 og Plan for praksis (5-10).

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Deltaking på profesjonsdagar.
  2. Individuell prosjektbeskriving. Tema og design for masteroppgåva skal godkjennast av rettleiar og fagansvarleg for emnet på bakgrunn av ei prosjektbeskriving som presenterer tema, problemstilling og forslag til teoretisk og metodisk tilnærming.
  3. Deltaking på oppgåveseminar/skriveseminar med obligatorisk tilbakemelding på medstudentar sine skriftlege arbeid. Det er lagt opp til fire seminar á 5 timar. Studentane må vere til stades på minst tre seminar.
  4. Rettleiing er obligatorisk i arbeidet med masteroppgåva. Det skal utarbeidast kontrakt om rettleiing. Studenten skal møte til minimum tre individuelle rettleiingar.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell skriftleg masteroppgåve
Omfang: 60 sider /- 10 %. (Litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg)

Språk: Tysk

Karakterregel: A-F.

Intern og ekstern sensor.

Vurderinga legg vekt på sjølvstende, originalitet, teoretisk forankring, metodisk refleksjon og god skriftleg framstilling i tråd med krava til vitskaplege arbeid.

Oppgåva skal skrivast med 12 pkt. Times New Roman eller tilsvarande, linjeavstand 1 ½. Oppgåva skal leverast både i papirformat og digitalt etter bestemte retningslinjer.

Masteroppgåva skal til elektronisk plagiatkontroll. Plagiering og avskrift av faglitteratur og andre skriftlege arbeid utan korrekt bruk av referansar/kjelder vil bli vurdert som forsøk på fusk.

Ny/utsett eksamen i masteroppgåva er regulert i forskrift om eksamen og studierett ved Høgskolen i Østfold. Ved ikkje greidd resultat kan kandidaten levere omarbeidd oppgåve éin gong. Ved ønske om forbetring av karakter må kandidaten levere ny oppgåve med ny problemstilling. Ved levering av ny oppgåve har ikkje kandidaten krav på ny rettleiing.

Evaluering av emnet

Evaluering av dette emnet skjer i samband med samla evaluering av studiet i siste semester.

Litteratur

Det er ikkje felles litteratur knytt til dette emnet. Studentane vel sjølve relevant faglitteratur til masteroppgåva.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 27. nov. 2020 12:23:16