Fakta om programmet

Studiepoeng:
30
Studiets varighet:
1 år
Undervisningsspråk:
Norsk
Studiested:
Høgskolen i Østfold

Studieplan for Norsk 1 (30 studiepoeng) (2007–2008)

Oppbygging og gjennomføring

Studiets oppbygging og innhold

Norsk 1 byggjer på eit kunnskaps-, innsikts- og dugleiksnivå som svarar til norskfaget ved allmennfagleg studieretning i den vidaregåande skolen. Studentar som er tekne opp på anna grunnlag, må skaffe seg tilsvarande kunnskapar på eiga hand.

Studiet er bygd opp av tre obligatoriske emne. Kvar av desse er på 10 studiepoeng.

Norsk 101 - Språk
Norsk 102 - Barne- og ungdomslitteratur, elevtekstar og skriveopplæring
Norsk 103 - Litteratur

Fagdidaktiske spørsmål, det vil seie korleis den faglege grunnkunnskapen skal omsetjast til undervisningspraksis, vert handsama i alle tre emna.

Progresjon:
Norsk 101 er lagt til haustsemesteret, medan Norsk 102 og 103 går i vårsemesteret. Det er ein fordel å ta Norsk 101 før 102 og 103.


Internasjonalt aspekt

  • studiet gir kunnskapar om andre nordiske språk
  • i studiet vert det lese litteratur på dansk og svensk i original
  • norsk som 2. språk og kontrastiv lingvistikk inngår i studiet


Likestillingsaspekt
Språkskilnader mellom kjønn vert behandla i studiet.

Organisering og læringsformer

Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Undervisningstilbodet kan ikkje dekke alle delar av pensumet. Studentane vil derfor sjølve vere ansvarlege for å skaffe seg innsikt i heile pensumet.

Målform
I norskfaget er det eit krav at studentane beherskar både bokmål og nynorsk som arbeidsspråk. I løpet av studiet Norsk 1 skal studentane nytte både bokmål og nynorsk. Studentane skal skrive eksamen i Norsk 101 på bokmål og Norsk 102 på nynorsk.. Sjå dei einskilde emneskildringane for meir informasjon. 

IKT
Bruken av IKT i studiet er viktig, og ein ventar at studentane lærer seg å bruke denne teknologien til å hente inn informasjon, skrive, publisere tekstar og kommunisere. For å nå ut med informasjon til studentane, vil norskseksjonen i stor grad bruke e-post, heimesider og elektroniske oppslagstavler.

Bibliotek
Biblioteket skal bidra til å auke studentanes informasjonskompetanse, det vil si evna til å søkje etter, finne, evaluere og bruke relevant faglig informasjon. I tillegg til personlig service, får studentane bibliotekundervisning der målsettinga er at dei skal kunne søkje i norske informasjonskjelder, ha kjennskap til internasjonale databasar og kunne vurdere kvalitet på informasjon. Det vil også bli undervist i referanseteknikk. Bibliotekundervisninga vil bestå av to dobbelttimer, ein innføring i informasjonssøking ved studiestart og spesialisert informasjonssøking samt innføring i referanseteknikk for arbeidet med den faglige porteføljen.

Studentane vil ha særlig bruk for dei tilboda biblioteket kan gi i samband med utarbeiding av sjølvvalt pensumliste og obligatoriske arbeidskrav.

Arbeidskrav
Det er obligatoriske arbeidskrav i studiet. Arbeidskrava må være gjennomført og godkjent innan gitte fristar før studenten kan framstilla seg til eksamen. Sjå emneskildringane for Norsk 101, 102 og 103 for meir informasjon om arbeidskrav.

Semesterplan
Ved semesterstart vil det bli gitt ut semesterplanar, og her vil ein m.a. finne informasjon om obligatoriske arbeidsoppgåver, om ulike prosjekt, om skriveverkstader, oppgåveseminar og liknande.

Praksis

Studentar på allmennlærarstudiet følgjer eigen praksisplan. Andre studentar skal ikkje ha praksis.

Tilbakemelding underveis

Det er viktig at studentane får tilbakemelding på innsatsen sin undervegs i studiet. På Norsk 1 vil ein få dette gjennom å ta del i oppgåveseminar og å skrive fagtekstar. I dette tekstarbeidet får studentane tilbakemelding frå både faglærarar og medstudentar.

Vurdering

Arbeidskrav må være godkjent før studenten kan framstilla seg til eksamen. I tillegg kjem eit krav om godkjent prosjektarbeid for studentar som ikkje har obligatorisk praksis.

Vurderingsform
Alle eksamenar på studiet Norsk 1 er individuelle og skjer i form av både individuell skriftlig eksamen, foredrag og munnleg eksaminasjon. Sjå den enkelte emneskildringa for detaljert informasjon.

Karaktersystem
Det blir gitt ein separat karakter for kvart emne. Alle dei tre emna blir vurdert etter ein karakterskala frå A til F der A er beste karakter og F betyr Ikkje bestått.


Studieplanen er godkjent og revidert

Studieplanen er godkjent

Eystein Arntzen 30. mai 2007

Studieprogramansvarlig

Fakultet for lærerutdanninger og språk
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 1. des. 2021 03:13:38