Hva lærer du? (2020–2021)

Studiets læringsutbytte

Gjennom studiet Norsk 2 skal lærarstudentane få eit grundigare innsyn i norskfaget, og dei vil derfor også vere betre rusta for å arbeide som norsklærarar i grunnskolen. Studiet tek òg sikte på å utvikle ein norsklæraridentitet hos den einskilde studenten.

Kunnskap
Kandidaten

  • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk

  • har utvida innsikt i korleis elevar med norsk som andrespråk kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine

  • har inngåande kunnskap om norsk språkhistorie

  • har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid

  • har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag

  • har kjennskap til språk som ungdom brukar

  • har kunnskap om svensk, dansk og samisk og kjennskap til andre nordiske språk og nasjonale minoritetsspråk

  • har utvida innsikt i korleis gutar og jenter på ungdomstrinnet kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk

  • har kunnskapar om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium

  • har utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar i moderne medium og innsikt i korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid

  • har kunnskapar om ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur

  • har god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og kjennskap til teoriar om samansette tekstar

  • har kunnskap om kva som skjer når ein tekst blir overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæring på 5.-10. trinn for elevar med norsk som andrespråk

  • kan legge til rette og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane

  • kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa

  • kan legge til rette for variert grannespråksundervisning

  • kan sette i gang, rettleie og vurdere munnleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomstrinnet og grunngi karakterane som blir sett

  • kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekster, sjå dei i eit historisk perspektiv og sette dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng

  • kan rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale

  • kan samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon

  • kan sette sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar (i omsetting) inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur

  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane

  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget

  • kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskap og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile

  • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing

  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 28. okt. 2020 03:53:21