Oppbygging og gjennomføring (2020–2021)

Studiets oppbygging og innhold

Studiet har to emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei to emna har desse hovudområda:

NOR103 Språkleg mangfald, variasjon og endring:

  • Talemålsvariasjon (dialektologi og sosiolingvistikk)

  • Språkhistorie etter 1800

  • Norsk som andrespråk og fleirspråklegheit generelt

  • Sidemålsdidaktikk

  • Nabospråksdidaktikk


NOR104 Litteraturhistorie og litteraturformidling

  • Tekstlesing i eit litteraturteoretisk og kulturhistorisk perspektiv

  • Tolking og analyse av skjønnlitterære og multimodale tekstar

  • Didaktikk knyttet til skjønnlitteratur og mulitmodale tekstar

  • Litteraturformidling på tvers av medier

Meir detaljert beskriving av innhaldet finst i dei to emnebeskrivingane.

Sjå studiemodell nedanfor.

Undervisnings-, lærings- og vurderingsformer

Undervisnings- og læringsformer
I studiet blir det lagt vekt på at studentane skal møte varierte arbeidsformer som f.eks. forelesingar, didaktisk refleksjon, faglege diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal ha ei utforskande tilnærming til faget og undervisninga i faget. Undervisninga bygger på oppdatert forskingsbasert kunnskap. IKT/digitale arbeidsformer er integrert i studiet.

Andre sentrale område som er integrert i undervisninga er fagdidaktikk, grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering, fleirkulturelle og samiske perspektiv.

Biblioteket skal bidra til å auke studentanes evner til å søke etter, finne, evaluere og bruke relevant fagleg informasjon. Studentane får tilbod om bibliotekundervisning for å lære å søke i norske informasjonskjelder, få kjennskap til internasjonale databasar og kunne vurdere kvalitet på informasjon. Det er også tilbod om kurs i referanseteknikk.

Arbeidskrav
I kvart emne er det obligatoriske arbeidskrav som må vere godkjende for at studenten skal kunne framstille seg til eksamen. Sjå meir informasjon i dei ulike emnebeskrivingane.

Studiet legg opp til samarbeid mellom lærarar og studentar gjennom at studentane gruppevis eller enkeltvis får tilbakemeldingar på eigne arbeid frå lærarar eller medstudentar. Sjå emnebeskrivingane for meir informasjon.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i dei enkelte emna.

Vurderingsformer
Studentane blir prøvd i begge målformer. Det er ikkje høve til fritak frå prøving i ei av målformene.

Studiet har både munnlege og skriftlege eksamensformer. Eksamensform for dei enkelte emna er skildra i emnebeskrivingane.

Det blir nytta bokstavkarakterar A-F.

Internasjonalisering

Ved Avdeling for lærarutdanning blir det lagt vekt på at studentane skal sjå fag og lærararbeid i eit internasjonalt perspektiv. Det inneber at det blir lagt til rette for kontakt med tilsvarande utdanningsinstitusjonar i andre land og for utveksling av lærarar og studentar som ønsker å arbeide spesielt med internasjonale spørsmål knytt til utdanning og læring.

I norskfaget blir det nordiske perspektivet spesielt vektlagt.

Evaluering av studiet

For å kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning av god kvalitet er vi avhengig av at studentane gir tilbakemeldingar og tar del i evaluering av studia.

Det enkelte fagmiljøet har ansvar for å etablere faste rutinar for evaluering på emnenivå (EVA 3). Sjå emnebeskrivingane for detaljar.

Litteratur

Sjå emnebeskrivingane.

Litteraturlister som er publisert for emne som ligg fram i tid, kan bli oppdaterte framfor kvart semester. Oppdaterte litteraturlister vil vere tilgjengelege i emnebeskrivingane ved semesterstart.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 28. okt. 2020 03:53:22