Fakta om programmet
- Studiepoeng:
- 30
- Studiets varighet:
- 1 år
- Undervisningsspråk:
- Norsk
- Studiested:
- Halden
Studieplan for Norsk 2 for grunnskolelærarutdanning 1-7 (30 studiepoeng) (2013–2014)
Informasjon om studiet
Studiet er en påbygging til det obligatoriske Norsk 1 (30 studiepoeng) i Grunnskolelærerutdanningen 1-7 (240 studiepoeng).
Hva lærer du?
Studiets læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten
- har inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
- har kunnskap om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
- har kunnskap om språklege endringsprosessar, i fortid og samtid, om normeringsspørsmål i moderne norsk og om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar
- har utvida kunnskap om munnlege og skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskap om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
- har litteraturhistorisk og litteraturteoretisk oversikt, kunnskap om sentrale verk i nordisk med særlig vekt på norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
- har kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)
Ferdigheiter:
Studenten
- kan organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
- kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
- kan bruke kunnskap om talemål- og skriftspråknormering i skriveopplæringa
- kan vurdere og reflektere omkring ulike slags prøver i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
- kan leggje til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane
- kan rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskap og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan samanlikne tekstar skrivne for barn med omsyn til innhald, form og funksjon
- kan setje sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng, tolke dei og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
- kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
Generell kompetanse:
Studenten
- kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
- har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
- utviklar identiteten sin som norsklærar
Opptak
Bestått obligatorisk Norsk 1 (30 studiepoeng) i Grunnskolelærerutdanningen 1-7 eller tilsvarende.
Oppbygging og gjennomføring
Studiets oppbygging og innhold
Norsk 2 består av emnene
- Norsk 103 Den andre lese- og skriveopplæringa. Skriftleg og munnleg norsk etter 1800 (1-7)
- Norsk 104 Voksenlitteratur og samansette tekstar (1-7)
Se modell under.
Norsk 103 tar for seg desse hovedtema:
- Den andre lese- og skriveopplæringa
- Lesing og skriving i historisk perspektiv, faghistorie
- Språkhistorie, språknormering og talemålsvariasjon
Norsk 104 er konsentrert om desse fagområda:
- Litteratur og litteraturdidaktikk for barnetrinnet
- Generell litteraturforståing og utvalde verk frå vår nordiske litterære kanon
- Samansette tekster
- Tekst og sjanger i ulike medier
Organisering og læringsformer
Studentane skal møte varierte arbeidsformer. Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. I lærerutdanninga speler dessutan praksisperiodene ei viktig rolle, og samarbeid med praksisskolane opnar for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i norskfaget. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi skal også gå inn som ein sentral del av norskstudiet. IKT blir brukt som eit reiskap for læring, rettleiing, samarbeid og dokumentasjon. Norskfaget samarbeider dessutan med høgskolebiblioteket om emne som litteratursøk, referanseteknikk og akademisk skriving.
Praksis
Praksis inngår i studiet og er nærmere beskrevet i studieplan for Grunnskolelærerutdanning 1-7, generell del, og i Plan for praksis (1-7).
Forsknings- og utviklingsarbeid
Studentane skal gjennomføre eit forsknings- og utviklingsarbeid som er relevant for 1.-7. trinn knytt til ein semesteroppgåve. Sjå meir informasjon om FoU for grunnskolelærarstudentar i studieplan for Grunnskolelærerutdanning 1-7, generell del.
Internasjonalisering
Sjå studieplan for Grunnskolelærerutdanning 1-7, generell del.
Evaluering av studiet
For å kunne tilby ein aktuell og relevant utdanning av god kvalitet er vi avhengig av studentanes tilbakemeldinger og at man deltar i evaluering av studiane. Dette studieprogrammet blir jevnleg evaluert for å sikre og utvekle kvaliteten i programmet:
- HiØs utvalg for utdanningskvalitet gjennomfører årleg ein evaluering av studiekvaliteten ved eit utval av høgskolen sine studieprogram (kalt EVA2)
- Utdanningas trinnvise studentevaluering kvart semester (EVA3)
- Det enkelte fagmiljø har ansvar for å etablere faste og allmenn kjende evalueringsrutinar på emnenivå (kalt EVA3).
Tilbakemelding underveis
Studentene får tilbakemelding på arbeidskrav underveis i studiet. Arbeidskrav må være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurdering
Studiet har varierte vurderingsformar, sjå emnebeskrivingar.
Det gis karakterar etter gradert karakterskala A - F , der A er beste og E dårlegste beståttkarakter. F er ikkje bestått.