Programmet tar ikke opp nye studenter

Fakta om programmet

Studiepoeng:
30
Studiets varighet:
1 år
Undervisningsspråk:
Norsk
Studiested:
Halden

Studieplan for Norsk 2 for grunnskolelærarutdanning 1-7 (30 studiepoeng) (2014–2015)

Informasjon om studiet

Norsk 2 for grunnskolelærerutdanning 1-7 (30 studiepoeng) er valfag i Grunnskolelærerutdanning 1-7 (240 studiepoeng) og ein påbygging til det obligatoriske Norsk 1 (30 studiepoeng) i Grunnskolelærerutdanning 1-7 (240 studiepoeng).

Det er krav om politiattest og tuberkulinkontroll til studiet, se nærmere informasjon i studieplan for Grunnskolelærerutdanning 1-7 (240 studiepoeng).

Hva lærer du?

Studiets læringsutbytte

Kunnskap:
Studenten har

  • inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
  • kunnskap om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • kunnskap om språklege endringsprosessar, i fortid og samtid, om normeringsspørsmål i moderne norsk og om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar
  • utvida kunnskap om munnlege og skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskap om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
  • litteraturhistorisk og litteraturteoretisk oversikt, kunnskap om sentrale verk i nordisk med særlig vekt på norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
  • kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)

Ferdigheiter:
Studenten kan

  • organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
  • bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
  • bruke kunnskap om talemål- og skriftspråknormering i skriveopplæringa
  • vurdere og reflektere omkring ulike slags prøver i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
  • leggje til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane
  • rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskap og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • samanlikne tekstar skrivne for barn med omsyn til innhald, form og funksjon
  • setje sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng, tolke dei og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
  • lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng

Generell kompetanse:
Studenten

  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
  • har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
  • utviklar identiteten sin som norsklærar

Opptak

Ingen krav ut over opptakskravet til Grunnskolelærerutdanningen 1-7 (240 studiepoeng).

Oppbygging og gjennomføring

Studiets oppbygging og innhold

Norsk 2 består av emnene

  • Norsk 103 Den andre lese- og skriveopplæringa. Skriftleg og munnleg norsk etter 1800 (1-7)
  • Norsk 104 Voksenlitteratur og samansette tekstar (1-7)

Se modell under.

Norsk 103 tar for seg desse hovedtema:
- Den andre lese- og skriveopplæringa
- Lesing og skriving i historisk perspektiv, faghistorie
- Språkhistorie, språknormering og talemålsvariasjon

Norsk 104 er konsentrert om desse fagområda:
- Litteratur og litteraturdidaktikk for barnetrinnet
- Generell litteraturforståing og utvalde verk frå vår nordiske litterære kanon
- Samansette tekster
- Tekst og sjanger i ulike medier

Organisering og læringsformer

Studentane skal møte varierte arbeidsformer. Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. I lærerutdanninga speler dessutan praksisperiodene ei viktig rolle, og samarbeid med praksisskolane opnar for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i norskfaget. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi skal også gå inn som ein sentral del av norskstudiet. IKT blir brukt som eit reiskap for læring, rettleiing, samarbeid og dokumentasjon. Norskfaget samarbeider dessutan med høgskolebiblioteket om emne som litteratursøk, referanseteknikk og akademisk skriving. Undervisninga bygger på oppdatert forskningsbasert kunnskap. Sentrale områder knytta til emna er grunnleggande ferdigheiter, flerkulturelle perspektiv, samiske forhold, tilpassa opplæring, vurdering, praksis og forskning.

Praksis

Praksis inngår i studiet og erfaringar frå praksis vil bli brukt i arbeidet med norskfaget. Se Plan for praksis.

Forsknings- og utviklingsarbeid

Studentane skal gjennomføre eit forsknings- og utviklingsarbeid som er relevant for 1.-7. trinn knytt til ein semesteroppgåve. Sjå meir informasjon om FoU for grunnskolelærarstudentar i studieplan for Grunnskolelærerutdanning 1-7, generell del.

Internasjonalisering

Sjå studieplan for Grunnskolelærerutdanning 1-7, generell del.

Evaluering av studiet

For å kunne tilby ein aktuell og relevant utdanning av god kvalitet er vi avhengig av studentanes tilbakemeldinger og at man deltar i evaluering av studiane. Dette studieprogrammet blir jevnleg evaluert for å sikre og utvekle kvaliteten i programmet:

  • HiØs utvalg for utdanningskvalitet gjennomfører årleg ein evaluering av studiekvaliteten ved eit utval av høgskolen sine studieprogram (kalt EVA2)
  • Utdanningas trinnvise studentevaluering kvart semester (EVA3)
  • Det enkelte fagmiljø har ansvar for å etablere faste og allmenn kjende evalueringsrutinar på emnenivå (kalt EVA3).

Tilbakemelding underveis

Studentane får tilbakemelding på arbeidskrav underveis i studiet. Arbeidskrav må være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurdering

Studiet har varierte vurderingsformar, sjå emnebeskrivingar.

Det gis karakterar etter gradert karakterskala A - F , der A er beste og E dårlegste beståttkarakter. F er ikkje bestått.

Studieplanen er godkjent og revidert

Studieplanen er godkjent

Dekan Eystein Arntzen, 5. juni 2012

Studieplanen er revidert

Studieleder Kjersti Berggarf Jacobsen, 18. juni 2014

Studieplanen gjelder for

2014-2015

Studieprogramansvarlig

Avdeling for lærerutdanning
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 29. mars 2024 03:16:24