Programmet tar ikke opp nye studenter

Fakta om programmet

Studiepoeng:
30
Studiets varighet:
1 år
Undervisningsspråk:
Norsk
Studiested:
Halden

Studieplan for Norsk 2 for grunnskolelærarutdanning 1-7 (30 studiepoeng) (2017–2018)

Informasjon om studiet

Norsk 2 for grunnskolelærarutdanning 1-7 (30 studiepoeng) er valfag i Grunnskolelærerutdanning 1-7 (240 studiepoeng) og ei påbygging til det obligatoriske Norsk 1 (30 studiepoeng) i Grunnskolelærerutdanning 1-7 (240 studiepoeng).

Det er krav om politiattest og tuberkulinkontroll til studiet, sjå nærmare informasjon i studieplan for Grunnskolelærerutdanning 1-7 (240 studiepoeng).

Hva lærer du?

Studiets læringsutbytte

Kunnskap
Studenten

  • har inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
  • har kunnskap om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • har kunnskap om språklege endringsprosessar, i fortid og samtid, om normeringsspørsmål i moderne norsk og om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar
  • har kunnskap om litteraturteori
  • har litteraturhistorisk oversikt
  • har kunnskap om sentrale verk i nordisk fiksjonslitteratur med hovudvekt på litteratur for barn og unge i fortid og samtid
  • har kunnskap om strukturar i og oppbygging av multimodale tekstar og har innsikt i litteraturformidling på tvers av medium
  • har kunnskap om multimodale tekstars plass i skolen og det moderne samfunnet
  • har innsikt i den faglege debatten om litterær kanon, danning og literacy

Ferdigheiter
Studenten

  • kan organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
  • kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
  • kan bruke kunnskap om talemål- og skriftspråknormering i skriveopplæringa
  • kan vurdere og reflektere omkring ulike slags prøver i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
  • kan leggje til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane
  • kan tolke skjønnlitterære tekstar
  • kan sette sentrale nordiske tekstar inn i ein historisk, kulturhistorisk og sosial kontekst
  • kan rettleie elevar i litteraturforståing
  • kan lese og analysere multimodale tekstar og digitalisert litteratur
  • kan samanlikne tekstar laga for barn med omsyn til innhald, form og funksjon
  • kan legge til rette for litteraturundervisning på trinn 1–7

Generell kompetanse
Studenten

  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
  • har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
  • har innsikt i norskfagets idégrunnlag og historie
  • har innsikt i nyare norskfagleg forsking
  • har eit kritisk blikk på norskfagets innhald
  • har forståing for norskfagets plass i skolens samfunnsoppdrag og kan sjå faget i eit større danningsperspektiv
  • kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg, skaffe seg kunnskap og førebu seg for aktiv deltaking i samfunnet
  • utviklar identiteten sin som norsklærar

Opptak

Ingen krav ut over opptakskravet til Grunnskolelærerutdanningen 1-7 (240 studiepoeng).

Oppbygging og gjennomføring

Studiets oppbygging og innhold

Norsk 2 består av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei har desse hovudområda:

NOR103 Den andre lese- og skriveopplæringa. Skriftleg og munnleg norsk etter 1800 (1-7)

  • Den andre lese- og skriveopplæringa
  • Lesing og skriving i historisk perspektiv, faghistorie
  • Språkhistorie, språknormering og talemålsvariasjon

NOR104 Litteraturhistorie og -formidling på tvers av medier (1-7)

  • Tekstlesing i eit litteraturteoretisk og kulturhistorisk perspektiv
  • Tolking og analyse av multimodale tekstar og digitalisert litteratur
  • Fagdidaktikk knytt til skjønnlitteratur, med hovudvekt på barnelitteratur
  • Litteraturformidling på tvers av medium

Meir detaljert beskriving av innhaldet finst i dei to emnebeskrivingane.

Sjå studiemodell nedanfor.

Organisering og læringsformer

Studentane skal møte varierte arbeidsformer. Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. I lærarutdanninga spelar dessutan praksisperiodane ei viktig rolle, og samarbeid med praksisskolane opnar for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i norskfaget. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi skal også gå inn som ein sentral del av norskstudiet. IKT blir brukt som eit reiskap for læring, rettleiing, samarbeid og dokumentasjon. Norskfaget samarbeider dessutan med biblioteket om emne som litteratursøk, referanseteknikk og akademisk skriving. Undervisninga bygger på oppdatert forskingsbasert kunnskap. Sentrale område knytt til emna er grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering, fleirkulturelle og samiske perspektiv.

Praksis

Praksis inngår i studiet og erfaringar frå praksis vil bli brukt i arbeid med norskfaget. Sjå Plan for praksis.

Forsknings- og utviklingsarbeid

Studentane skal gjennomføre eit forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for 1.-7. trinn knytt til ein semesteroppgåve. Sjå meir informasjon om FoU for grunnskolelærarstudentar i generell del av studieplan for Grunnskolelærerutdanning 1-7 (240 studiepoeng).

Internasjonalisering

Ved Avdeling for lærarutdanning blir det lagt vekt på at studentane skal sjå fag og lærararbeid i eit internasjonalt perspektiv. Det inneber at det blir lagt til rette for kontakt med tilsvarande utdanningsinstitusjonar i andre land og for utveksling av lærarar og studentar som ønsker å arbeide spesielt med internasjonale spørsmål knytt til utdanning og læring.

I norskfaget blir det nordiske perspektivet spesielt vektlagt.

Evaluering av studiet

For å kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning av god kvalitet er vi avhengig av at studentane gir tilbakemeldingar og tar del i evaluering av studia.

Det enkelte fagmiljøet har ansvar for å etablere faste rutinar for evaluering på emnenivå (EVA 3). Sjå emnebeskrivingane for detaljar.

Tilbakemelding underveis

Studiet legg opp til samarbeid mellom lærarar og studentar gjennom at studentane gruppevis eller enkeltvis får tilbakemeldingar på eigne arbeid frå lærarar eller medstudentar. Sjå emnebeskrivingane for meir informasjon.

Vurdering

Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i dei enkelte emna.

Studentane blir prøvd i begge målformer. Det er ikkje høve til fritak frå prøving i ei av målformene.

Studiet har både munnlege og skriftlege eksamensformer. Eksamensform for dei enkelte emna er skildra i emnebeskrivingane.

Det blir nytta bokstavkarakterar A-F, der A er beste og E dårlegaste beståtte karakter. Studentar som får karakteren F, har ikkje bestått.

Litteratur

Sjå emnebeskrivingane.

Litteraturlister som er publisert for emne som ligg fram i tid, kan bli oppdaterte framfor kvart semester. Oppdaterte litteraturlister vil vere tilgjengelege i emnebeskrivingane ved semesterstart.

Studieplanen er godkjent og revidert

Studieplanen er godkjent

Fungerende dekan Kjersti Berggraf Jacobsen, 12.desember 2014

Studieplanen er revidert

Studieleder Kjersti Berggraf Jacobsen, 30. juni 2017

Studieplanen gjelder for

2017-2018

Studieprogramansvarlig

Avdeling for lærerutdanning
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 26. mai 2022 03:07:44