Oppbygging og gjennomføring (2013–2014)
Studiets oppbygging og innhold
Innhaldet i studiet skal gje utvida kunnskap om og innsikt i teoriar om lesing og om leseopplæring. Sentralt i studiet er drøfting av ulike måtar å leggje til rette for lesing i alle fag og for alle elevar - majoritetsspråklege og minoritetsspråklege, gutar og jenter. I denne delen av vidareutdanninga vil ein også leggje vekt på vidareformidling av kunnskap om lesing i skolen.
Studiet ser på lesing i eit breitt tekstperspektiv: fagtekstar og skjønnlitterære tekstar. Digitale tekstar (komplekse samansette tekstar) er ein sjølvsagt del av tekstutvalet, og IKT blir brukt både som verktøy og som arena for læring, kommunikasjon og innhenting av informasjon. Samanhengen mellom teori og praksis dannar grunnlaget for studiet, og derfor er ein sentral del av arbeidet knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar og til vidareformidling av slik kunnskap på eigen arbeidsplass.
Se studiemodell under
Organisering og læringsformer
Studiet er samlingsbasert. Det er to samlingar i haustsemesteret og tre samlingar i vårsemesteret. Oppgåver skal leverast i Fronter, og tilbakemelding frå faglærar og faglege ressursar blir også lagt der. I tillegg til undervisning blir samlingane brukt til erfaringsdeling med utgangspunkt i praksisopplegg deltakarane gjennomfører i eigen klasse.
Deltakarane arbeider med fagdidaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane. Oppgåvene knyter saman teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og praksisaktivitetar. Utprøving i eigen arbeidssituasjon og bruk av eigne didaktiske erfaringar er sentrale element.
Gjennom studiet skal studentane utvikle ferdigheitene sine og samhandle med andre deltakarar om sentrale utfordringar i faget. Denne delen av handlingskompetansen til ein lærar kan ein ikkje tileigne seg berre ved lesing, men må opparbeidast i dialog på samlingane og i arbeid med oppgåver mellom samlingane.
Arbeidskrav:
Desse arbeidskrava må vere godkjende før studentane kan framstille seg til eksamen:
- 80 % deltaking på samlingane
- Kvar student eller studentgruppe leverer 4 arbeidskrav til fastsett tid.
Arbeidskrava inkluderer oppgåver knytt til arbeid i skolen, og skal vere leverte/utførte innan fastsette fristar i semesterplanen. Arbeidskrava blir vurdert til "Godkjent" eller "Ikkje godkjent". Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga "Ikkje godkjent", har høve til ei ny innlevering. Studentane må då sjølve avtale ny vurdering av arbeidskravet med den faglæraren som har ansvar for arbeidskravet.
Alle arbeidskrava må vere godkjende seinast tre veker før eksamen for at studenten kan framstille seg til eksamen.
Praksis
Det er ingen praksis i studiet. Men det er ein føresetnad at deltakarane er tilsette i grunnskolen eller har kontakt med ein skole der det er muleg for dei å hente inn materiale og ta del i læringsarbeid.
Evaluering av studiet
For at SKUT skal kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning med god kvalitet, er vi avhengige av tilbakemeldingar frå studentane. Studentane skal derfor ved slutten av studiet gjennomføre evaluering på skjema frå SKUT.
Tilbakemelding underveis
Tilbakemelding på innleverte/utførte arbeidskrav kan vere både frå medstudentar og frå faglærarar. Tilbakemeldingar kjem via e-læringsplattforma Fronter og/eller munnleg på samlingane.
Vurdering
Eksamen er todelt og består av:
Del 1. Individuell, skriftleg heimeoppgåve på 2000 ord etter ei gitt problemstilling.
Oppgåva blir gitt på siste samling, og frist for levering er 8 arbeidsdagar deretter.
Hjelpemiddel er tillatne, og norm for kjelde- og sitatbruk på HIOF sine heimesider (biblioteket) skal nyttast.
Del 2. Individuell, munnleg eksamen, 25 minutt.
Til innleing vil den skriftlege oppgåva vere tema. Deretter vil det vere ein fagleg samtale om tema frå pensum. Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Begge deleksamenar må vere bestått i same semester.
Vurderinga blir gjort av to sensorar, ein intern og ein ekstern, og resultatet ved munnleg eksamen og skriftleg heimeoppgåve blir slått saman med lik vekt på begge. Gradert karakterskala A - F der A er beste karakter, E lågaste beståtte karakter og F betyr ikkje bestått.
Litteratur
Litteraturliste oppdatert 06.09.2013
Felles litteratur:
Fagbøker:
Bråten, Ivar (red.) (2007): Leseforståelse. Lesing i kunnskapssamfunnet - teori og praksis. Oslo:
Cappelen Akademisk Forlag
Elsness, Turid F.(2012): Å lære å lese med transparente skriftspråk. Oslo: Akademika Forlag
Henning, Åsmund (2010): Litterær forståelse. Innføring i litteraturdidaktikk. Kapitlene: «Hvorfor leser
barn og unge litteratur?», «Hvordan leser barn og unge litteratur?», «Leselyst» Oslo: Gyldendal
Kverndokken, Kåre (red.)(2013): Gutter og lesing. Kapitlene: 1, 3, 5 og 10 Bergen: Fagbokforlaget LNU
Kverndokken, Kåre (2012): 101 måter å lese leseleksa på. Kapittel 1 og i tillegg 6 selvvalgte aktiviteter fra
kapittel 2. Bergen: Fagbokforlaget LNU
Mjør, Ingeborg og Tone Birkeland, Tone(2012): i Mjør: Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar.
Kapitlene: «Bildebøker» og «Fagbøker for barn». Cappelen Damm Akademisk
Skjelbred, Dagrun (2010): Fra Fadervår til Facebook. Bergen: Fagbokforlaget LNU
I kompendium (som legges ut i Frontermappe under ARKIV):
Alver, Vigdis og E Selj (2008): «Å lese fagtekster på andrespråket» i E. Selj og E Ryen (red.): Med
språklige minoriteter i klasserommet. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag
Kulbrandstad, Lise Iversen (2003): «Å lese på andrespråket» i Lesing i utvikling. Bergen:
Fagbokforlaget
Nygjordet, Bjørg (2010): «Små barn på nett» i Tønnessen, Elise Seip (red.) Sammensatte tekster: barns
tekstprasis. Oslo: Universitetsforlaget
På internett:
Ansaldo, Kristina (2012): «Språk och ämnesundervisning i det flerspråkiga klassrummet» i Arntzen,
Due og Hjelde: Flerspråklig oppvekst. Høgskolen i Østfold
http://brage.bibsys.no/hiof/handle/urn:nb:no-bibsys_brage_28826
Hvistendahl, Rita og Astrid Roe (2009): «Leseprestasjoner, lesevaner og holdninger til lesing blant
elever fra språklige minoriteter» i Norsk pedagogisk tidsskrift nr 4-2009
www.uv.uio.no/forskning/doktorgrad-karriere/forskerutdanning/kurs/host-2009-ils/npt-2009-4-3-hvistendahl-roe-1.pdf
Karlsson, Anna-Malin og Per Ledin (2000): «Cyber, hyper och multi - några reflektioner kring IT-
ålderens textbegrepp» i Human IT. http://etjenst.hb.se/bhs/ith/23-00/amk.htm
Selvvalgt litteratur (litteraturliste med selvvalgt pensum leveres i Fronter før 15. april)
Bildebøker:
4 av bildebøkene som blir omtalt i undervisningen
Faglitteratur:
Minimum 200 sider relevant faglitteratur (i tillegg til felles pensum) i forbindelse med arbeidskrav. Dette kan være fordelt på flere arbeidskrav.