Programmet tar ikke opp nye studenter

Oppbygging og gjennomføring (2021–2022)

Studiets oppbygging og innhold

Studiet har to emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei to emna har desse hovudområda:

Språkleg mangfald, variasjon og endring:

  • Talemålsvariasjon (dialektologi og sosiolingvistikk)

  • Språkhistorie etter 1800

  • Norsk som andrespråk og fleirspråklighet generelt

  • Sidemålsdidaktikk

  • Nabospråksdidaktikk


Litteraturhistorie og litteraturformidling:

  • Litteraturdidaktikk, lesing og leseopplæring med vekt på ungdomstrinnet

  • Skjønnlitteratur

  • Kultur- og litteraturhistorie

  • Samansette tekster, multimodalitet og tverrestetiske perspektiv

Meir detaljert beskriving av innhaldet i emna går fram av emnebeskrivingane.

Undervisnings-, lærings- og vurderingsformer

Studiet er samlingsbasert med tre samlingar kvart semester. Det blir lagt vekt på at studentane skal møte varierte arbeidsformer som f.eks. forelesingar, didaktisk refleksjon, faglege diskusjonar, gruppearbeid, individuelt arbeid og arbeid med obligatoriske arbeidskrav. Innhaldet i emnet bygger på anerkjent forskingsbasert kunnskap.

Det blir også lagt vekt på at studentane skal ha ei utforskande tilnærming til faget og undervisninga i faget. Studentanes arbeid på eigen skole vil opne for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til både kunnskapsmål, ferdigheitsmål og generell kompetanse i norskfaget. Digitale arbeidsformer inngår som ein sentral del av norskstudiet.

Arbeidskrav
Det er knytt obligatoriske oppgåver til kvart emne. Desse må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.
Studiet legg opp til eit nært samarbeid mellom lærar og student der studentane gruppevis eller enkeltvis får tilbakemelding og rettleiing på eigne arbeid. For meir informasjon, sjå emnebeskrivingane.

Eksamen
Studiet har både munnlege og skriftlege eksamensformer. Studentane blir prøvd i begge målformer. Det er ikkje høve til fritak frå prøving i ei av målformene. Eksamensform for dei enkelte emna kjem fram av emnebeskrivingane.
Det blir brukt bokstavkarakterar A–F, der A er beste og E dårlegaste beståtte karakter. Studentar som får karakteren F, har ikkje bestått.

Plagiatkontroll/fusk
Alle skriftlege arbeidskrav og eksamensoppgåver kan bli plagiatkontrollerte. Plagiering og avskrift av faglitteratur og andre kjelder utan korrekt bruk av referansar, vil bli vurdert som forsøk på fusk. Sjå elles gjeldande forskrift om eksamen, studierett og grader ved Høgskolen i Østfold.

Internasjonalisering

Gjennom dette studiet er det eit mål at studentane ser fag og fagdidaktikk med eit internasjonalt blikk, og i norskfaget blir det særleg lagt vekt på det nordiske perspektivet. Mellom anna vil delar av pensumet vere på svensk og dansk. Dei ansvarlege fagpersonane i studiet har også erfaring og kontaktnett frå internasjonale og nordiske forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Evaluering av studiet

For å kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning med god kvalitet, er vi avhengig av tilbakemelding frå studentane. Evaluering blir gjennomført i samsvar med høgskulens kvalitetssystem. I tillegg vil Utdanningsdirektoratet gjennomføre eigne deltakarundersøkingar.

Litteratur

Litteraturlister for dei to emna på Norsk 2 for trinn 5-10 står i dei ulike emnebeskrivingane.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 16. okt. 2021 03:13:29