Programmet tar ikke opp nye studenter

Fakta om programmet

Studiepoeng:
30
Studiets varighet:
1 år
Undervisningsspråk:
Norsk
Studiested:
Høgskolen i Østfold, studiestad Halden

Kontakt

Studieprogramansvarlig
HiØ VIDERE,
Avdeling for lærerutdanning Studieleder Alf Rolin

Studieplan for Norsk 2: 5.-10. trinn. Kompetanse for kvalitet (30 studiepoeng) (2020–2021)

Informasjon om studiet

Studiet er ei samlingsbasert vidareutdanning med tre to-tre dagars samlingar kvart semester. Det er særleg retta inn mot 5.-10. årstrinn i grunnskolen. Studiet tar utgangspunkt i Kunnskapsdepartementets strategiplan Strategi for videreutdanning for lærere og skoleledere frem mot 2025.

Hva lærer du?

Studiets læringsutbytte

Gjennom studiet Norsk 2 skal studentane få eit grundigare innsyn i norskfaget, og dei vil derfor også vere betre rusta for å arbeide som norsklærarar i grunnskolen. Studiet tek òg sikte på å utvikle ein norsklæraridentitet hos den einskilde studenten.

KUNNSKAP
Kandidaten

  • har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
  • har kunnskap om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår
  • har utvida kunnskap om munnlege og skriftlege sjangrar i tradisjonelle medium og innsikt i korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskap om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
  • har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
  • har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk, dialektologisk og sosiolingvistisk grunnlag
  • har kjennskap til språk som ungdom brukar
  • har inngåande kunnskap om norsk språkhistorie etter 1800 og om gjeldande normering av bokmål og nynorsk
  • har utvida innsikt i korleis gutar og jenter på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • har utvida kunnskap om munnlege og skriftlege sjangrar i moderne medium og innsikt i korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskap om desse og kan bruke dei i eige tekstarbeid
  • har kunnskap om ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur
  • har god litteraturhistorisk oversikt og kunnskap om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
  • har kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)


FERDIGHEITER
Kandidaten

  • kan rettleie elevar i ulike former for skriftleg argumentasjo
  • kan setje i gang, rettleie og vurdere skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
  • kan leggje til rette og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane
  • kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
  • kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
  • kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
  • kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
  • kan rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale
  • kan samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn på innhald, form og funksjon
  • kan setje sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar (i omsetjing) inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur


GENERELL KOMPETANSE

Kandidaten

  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og og norskfaget generelt og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget basert på forsking og faghistorie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
  • kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskap og førebu seg for aktiv deltaking i samfunnslivet
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

Opptak

Bestått lærerutdanning rettet mot skole iht. kap. 14 i forskrift til opplæringslova,
og inkludert eller i tillegg Norsk 1, eller tilsvarende utdanning på minimum 30 studiepoeng.

Det er krav om ansettelse i undervisningsstilling på mellom-/ungdomstrinnet i studietiden.

Oppbygging og gjennomføring

Studiets oppbygging og innhold

Studiet har to emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei to emna har desse hovudområda:

Språkleg mangfald, variasjon og endring:

  • Talemålsvariasjon (dialektologi og sosiolingvistikk)

  • Språkhistorie etter 1800

  • Norsk som andrespråk og fleirspråklighet generelt

  • Sidemålsdidaktikk

  • Nabospråksdidaktikk


Litteraturhistorie og litteraturformidling:

  • Lesing og leseopplæring med vekt på ungdomstrinnet

  • Litteratur

  • Språk og tekst i ulike medium. Adapsjon.

Meir detaljert beskriving av innhaldet i emna går fram av emnebeskrivingane.

Undervisnings-, lærings- og vurderingsformer

Studiet er samlingsbasert med tre samlingar kvart semester. Det blir lagt vekt på at studentane skal møte varierte arbeidsformer som f.eks. forelesingar, didaktisk refleksjon, faglege diskusjonar, gruppearbeid, individuelt arbeid og arbeid med obligatorikse arbeidskrav.

Det blir også lagt vekt på at studentane skal ha ei utforskande tilnærming til faget og undervisninga i faget. Det er svært viktig at deltakarane på dette studiet tek med seg sine eigne erfaringar frå klasserommet og bruker desse i arbeidet med fagstoffet.
Undervisninga byggjer på oppdatert forskningsbasert kunnskap. Bruk av IKT er integrert i studiet. Canvas blir pt. brukt som læringsplattform.

Arbeidskrav
Det er knytt arbeidskrav til det enkelte emne. Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i dei enkelte emna.
Studiet legg opp til eit nært samarbeid mellom lærar og student der studentane gruppevis eller enkeltvis får tilbakemeldingar på eige arbeid eller rettleiing knytt til arbeidskrav m.m. For meir informasjon, sjå emnebeskrivingane.

Eksamen
Studentane blir prøvd i begge målformer. Det er ikkje høve til fritak frå prøving i ei av målformene. Studiet har både munnlege og skriftlege eksamensformer. Eksamensform for dei enkelte emna kjem fram av emnebeskrivingane.
Det blir brukt bokstavkarakterar A-F, der A er beste og E dårlegaste beståtte karakter. Studentar som får karakteren F, har ikkje bestått.

Plagiatkontroll/fusk
Alle skriftlege arbeidskrav og eksamensoppgåver kan plagiatkontrollerast. Plagiering og avskrift av faglitteratur og anna skriftleg arbeid utan korrekt bruk av referanser/kjelder vil vere vurdert som forsøk på fusk. Se elles gjeldende forskrift om eksamen, studierett og grader ved Høgskolen i Østfold.

Internasjonalisering

Gjennom dette studiet er det eit mål at studentane ser fag og lærararbeid i eit internasjonalt perspektiv, og i norskfaget blir det særleg lagt vekt på det nordiske perspektivet. Mellom anna vil delar av pensumet vere på svensk og dansk. Så sant det er ledige plassar, arrangerer Norskseksjonen kvart år ein studietur til Schæffergården for norskstudentar. Det vil bli opna for at også studentar på dette vidareutdanningsstudiet kan melde seg på.

Evaluering av studiet

For å kunne tilby en aktuell og relevant utdanning av god kvalitet er vi avhengig av studentane sine tilbakemeldingar. Studieprogrammet vert jamleg evaluert for å sikre og utvikle kvaliteten i programmet. Evaluering gjennomførast i henhold til høgskulens kvalitetssystem. I tillegg vil Utdanningsdirektoratet gjennomføre sine egne deltakerundersøkelser.

Litteratur

Litteraturlister for dei to emna på Norsk 2 kan finnast i dei ulike emnebeskrivingane.

Jobb og videre studier

Vidareutdanninga Norsk 2 (30 studiepoeng) utgjer saman med Norsk 1 (30 studiepoeng) 60 studiepoeng, som kvalifiserer til undervisning i norsk på mellom-/ungdomstrinnet. 

Studieplanen er godkjent og revidert

Studieplanen er godkjent

Studieleder/prodekan Kjersti Berggraf Jacobsen 20. januar 2015

Studieplanen er revidert

Studieleder Alf Rolin, 12. desember 2020

Studieplanen gjelder for

Studieåret 2020-2021.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 16. okt. 2021 05:21:48