Programmet tar ikke opp nye studenter

Fakta om programmet

Studiepoeng:
30
Studiets varighet:
1 år
Undervisningsspråk:
Norsk
Studiested:
Høgskolen i Østfold, studiestad Halden. Deltid.

Kontakt

Studieprogramansvarlig
HiØ VIDERE,
Avdeling for lærerutdanning Studieleder Alf Rolin

Studieplan for Norsk 2: 5.-10. trinn. Kompetanse for kvalitet (30 studiepoeng) (2021–2022)

Informasjon om studiet

Studiet er ei samlingsbasert vidareutdanning med tre 2-3 dagars samlingar kvart semester. Det er særleg retta inn mot 5.-10. årstrinn i grunnskolen. Studiet tar utgangspunkt i Kunnskapsdepartementets strategiplan Strategi for videreutdanning for lærere og skoleledere frem mot 2025.

Hva lærer du?

Studiets læringsutbytte

Gjennom studiet Norsk 2 skal studentane få eit grundigare innsyn i norskfaget, og dei vil derfor også vere betre rusta for å arbeide som norsklærarar i grunnskolen. Studiet tek òg sikte på å utvikle ein norsklæraridentitet hos den einskilde studenten.

KUNNSKAP
Kandidaten

  • har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk, dialektologisk og sosiolingvistisk grunnlag

  • har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid

  • har brei kunnskap om norsk språkhistorie (etter 1800)

  • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære seg norsk som eit andrespråk

  • har utvida innsikt i korleis elevar med norsk som andrespråk kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine

  • har kunnskap om svensk, dansk og samisk og kjennskap til andre nordiske språk og nasjonale minoritetsspråk

  • har brei kunnskap om nordisk, særleg norsk litteratur, om skjønnlitterære sjangrar og forskjellige samansette kunstnariske uttrykksformer

  • har god litteraturhistorisk oversikt og kunnskap om sentrale verk i nordisk, særleg norsk fiksjonslitteratur og sakprosa

  • har kunnskap om ulike teoretiske retningar og didaktiske perspektiv i arbeidet med litteratur

  • har utvida innsikt i korleis elever på ungdomstrinnet kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar

  • har utvida kunnskap om munnlege og skriftlege sjangrar i digitale tekster og innsikt i korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskap om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid


FERDIGHEITER
Kandidaten

  • kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa

  • kan legge til rette for og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane

  • kan bruke kunnskap om fleirspråklegheit for å legge til rette for god lese- og skriveopplæring på 5.-10. trinn for elevar med norsk som andrespråk

  • kan legge til rette for variert nabospråksundervisning

  • kan lese, analysere, tolke og vurdere litterære tekster, sjå dei i eit historisk perspektiv og sette dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng

  • kan rettleie elever i lesing og analyse av skjønnlitterære tekster

  • kan gjenkjenne særtrekk ved tekster skrivne for ungdom

  • kan sette sentrale nordiske tekster, inkludert eit utval samiske tekster (i omsetting), inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur

  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

 
GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten

  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane

  • har innsikt i norskfagets forsking og faghistorie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget

  • kan rettleie elevar i arbeidet med munnleg og skriftleg formidling slik at dei kan utvikle seg sjølve og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom

  • kan formidle om skjønnlitteratur og nordisk- og særlig norsk litteraturhistorie

  • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing

  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

Opptak

Bestått lærarutdanning retta mot skole i samsvar med kap. 14 i forskrift til opplæringslova,
og inkludert eller i tillegg Norsk 1, eller tilsvarande norskutdanning på minimum 30 studiepoeng.

Det er krav om tilsetting i undervisningsstilling på mellom-/ungdomstrinnet i studietida.

Oppbygging og gjennomføring

Studiets oppbygging og innhold

Studiet har to emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei to emna har desse hovudområda:

Språkleg mangfald, variasjon og endring:

  • Talemålsvariasjon (dialektologi og sosiolingvistikk)

  • Språkhistorie etter 1800

  • Norsk som andrespråk og fleirspråklighet generelt

  • Sidemålsdidaktikk

  • Nabospråksdidaktikk


Litteraturhistorie og litteraturformidling:

  • Litteraturdidaktikk, lesing og leseopplæring med vekt på ungdomstrinnet

  • Skjønnlitteratur

  • Kultur- og litteraturhistorie

  • Samansette tekster, multimodalitet og tverrestetiske perspektiv

Meir detaljert beskriving av innhaldet i emna går fram av emnebeskrivingane.

Undervisnings-, lærings- og vurderingsformer

Studiet er samlingsbasert med tre samlingar kvart semester. Det blir lagt vekt på at studentane skal møte varierte arbeidsformer som f.eks. forelesingar, didaktisk refleksjon, faglege diskusjonar, gruppearbeid, individuelt arbeid og arbeid med obligatoriske arbeidskrav. Innhaldet i emnet bygger på anerkjent forskingsbasert kunnskap.

Det blir også lagt vekt på at studentane skal ha ei utforskande tilnærming til faget og undervisninga i faget. Studentanes arbeid på eigen skole vil opne for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til både kunnskapsmål, ferdigheitsmål og generell kompetanse i norskfaget. Digitale arbeidsformer inngår som ein sentral del av norskstudiet.

Arbeidskrav
Det er knytt obligatoriske oppgåver til kvart emne. Desse må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.
Studiet legg opp til eit nært samarbeid mellom lærar og student der studentane gruppevis eller enkeltvis får tilbakemelding og rettleiing på eigne arbeid. For meir informasjon, sjå emnebeskrivingane.

Eksamen
Studiet har både munnlege og skriftlege eksamensformer. Studentane blir prøvd i begge målformer. Det er ikkje høve til fritak frå prøving i ei av målformene. Eksamensform for dei enkelte emna kjem fram av emnebeskrivingane.
Det blir brukt bokstavkarakterar A–F, der A er beste og E dårlegaste beståtte karakter. Studentar som får karakteren F, har ikkje bestått.

Plagiatkontroll/fusk
Alle skriftlege arbeidskrav og eksamensoppgåver kan bli plagiatkontrollerte. Plagiering og avskrift av faglitteratur og andre kjelder utan korrekt bruk av referansar, vil bli vurdert som forsøk på fusk. Sjå elles gjeldande forskrift om eksamen, studierett og grader ved Høgskolen i Østfold.

Internasjonalisering

Gjennom dette studiet er det eit mål at studentane ser fag og fagdidaktikk med eit internasjonalt blikk, og i norskfaget blir det særleg lagt vekt på det nordiske perspektivet. Mellom anna vil delar av pensumet vere på svensk og dansk. Dei ansvarlege fagpersonane i studiet har også erfaring og kontaktnett frå internasjonale og nordiske forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Evaluering av studiet

For å kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning med god kvalitet, er vi avhengig av tilbakemelding frå studentane. Evaluering blir gjennomført i samsvar med høgskulens kvalitetssystem. I tillegg vil Utdanningsdirektoratet gjennomføre eigne deltakarundersøkingar.

Litteratur

Litteraturlister for dei to emna på Norsk 2 for trinn 5-10 står i dei ulike emnebeskrivingane.

Jobb og videre studier

Vidareutdanninga Norsk 2 (30 studiepoeng) utgjer saman med Norsk 1 (30 studiepoeng) 60 studiepoeng, som kvalifiserer til undervisning i norsk på mellom-/ungdomstrinnet. 

Studieplanen er godkjent og revidert

Studieplanen er godkjent

Studieleder/prodekan Kjersti Berggraf Jacobsen 20. januar 2015

Studieplanen er revidert

Studieleder Alf Rolin, 12. desember 2020

Studieplanen gjelder for

Studieåret 2021-2022.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 16. okt. 2021 04:22:09