Kvifor referera?


Du må referera fordi:

  • Den som les skal sjå kva du har brukt som kjelder i teksten din, frå kven du har henta informasjonen og der lesaren kan finna igjen denne informasjonen. 
  • Du skal gi kreditt til den/dei som eig teksten du brukar i oppgåva di (kjelda). 
  • Det skal vera mogleg å kontrollera fakta og etterprøva det du har skrive, slik at det du har skrive kan kritiserast. 
  • referansane gir moglegheit for fagleg dialog, basert på kunnskap frå kjeldene. 
  • du unngår plagiering og fusk. Les meir om førebygging av plagiering og fusk.

Referansane:

  • gir grunnlag for erfaringsoverføring, diskusjon og kritikk.
  • gjenspeglar omfanget av arbeidet.
  • viser din redelighet i bruk av andres arbeidar.
  • er derfor med på å legga grunnlaget for vurderinga av oppgåva di. (Søk & Skriv 2010)
  • relaterer systematisk teksten din til kva andre forskarar har gjort før. Bygga vidare på eksisterande kunnskap.
  • er ein viktig del av eit akademisk forfattarskap og metode
    • forankring i tidlegare forsking
    • god vitskapleg åtferd
    • identifikasjon, retorikk og forskingsetikk. (Erikson, 2010, s. 18-27)

Referanseliste

Erikson, M. G. (2010). Riktig kildebruk : Kunsten å referere og sitere. Oslo: Gyldendal akademisk.

Hvorfor referere? (2017). Søk og skriv. Hentet fra http://sokogskriv.no/kildebruk-og-referanser/sitering-og-etikk/

Publisert 25. sep. 2019 13:53 - Sist endret 5. des. 2022 15:19