Kronikken drøftar korleis norske kraft- og marknadsreformer, saman med integrasjonen i den europeiske kraftmarknaden, har skapt eit system som er effektivt og marknadslogisk, men politisk sårbart. Høge og ustabile straumprisar blir opplevde som utryggleik og «dårleg styring» for forbrukarane og undergrev tilliten til systemet. Forfattarane viser korleis krava om «noregspris» spring ut av ei oppleving av at staten bør skjerme nasjonale ressursar og garantere «norske prisar», samstundes som Noreg er del av ein integrert europeisk marknad.
Straumprisar, energitryggleik og norsk politikk – ny kronikk i Dag og Tid
Kronikk av Kari Anne Fange og Ann Cecilie Langgård Bergene i Dag og Tid (19.06.2026) om straumprisar, energitryggleik og norsk deltaking i den europeiske kraftmarknaden. Les kronikken hos Dag og Tid her: https://www.dagogtid.no/ordskifte/nar-prisane-blir-politikk/684727
Foto: Wikimedia Commons
Publisert 19. juni 2026 14:25
- Sist endret 26. aug. 2026 10:37