English version of this page

Fagmiljøet i drama og teater

Kjerneområda til fagmiljøet i drama og teater er bruk av drama og scenekunst for og med barn, estetiske (lære)prosessar i barnehage og skole, og tverrkunstneriske tilnærmingar til leik og læring.

Biletet viser frå venstre Gunhild Brænne Bjørnstad, Øystein Elle og Electa Woodbridge Behrens.

Fagmiljøet i drama og teater består av Gunhild Brænne Bjørnstad (t.v.), Øystein Elle og Electa Woodbridge Behrens. Foto: Høgskolen i Østfold

Kontaktpersonen til fagmiljøet

Fagmiljøkoordinator Gunhild Brænne Bjørnstad, e-post: gunhild.b.bjornstad@hiof.no.

Fagmiljøet bidrar gjerne i samarbeid, prosjekt og formidling innan:

Fagspesifikke kjerneområder

Dramapedagogisk virksomhet, elevaktive læringsformer, tverrkunstneriske produksjonar og prosjekt, estetiske læreprosessar, forteljeteknikkar og narrative praksisar, iscenesettingar i og utanfor klasserom, bruk av kunst i læreprosessar, kroppsbevisstheit, dramaturgi og leseforståing osv.

Aktuelle temaområder frå læreplan/rammeplan/samfunnsdebatt o.l.

Barnehage

Arbeid med drama støttar opp om Rammeplan for barnehagen, og verdigrunnlaget til barnehagen (udir.no) generelt. Fagfeltet si breie forankring gjer det mogeleg å kunne jobbe med alle barnehagens formål. Vi vil trekke fram fagområdet Kunst, kultur og kreativitet (udir.no) som spesielt aktuelt.

Grunnskole

Innafor grunnskolen er drama aktuelt både som fag og metode for å støtte opp om verdigrunnlaget i opplæringa (udir.no), med spesielt fokus på Skaparglede, engasjement og utforskartrang (udir.no). Drama eignar seg godt til å jobbe med alle prinsippa for læring, og er særleg aktuelt for arbeid med Tverrfaglege tema (udir.no) på alle nivå i grunnskolen.

I Stortingsmelding 34 (2023-2024) om ein meir praktisk skole (regjeringen.no), vert det etterlyst metodar for å aktivisere elevene samtidig som dei lærer og reflekterer. Her vil drama være en naturleg komponent for å lære både i og utanfor rolle.

Vidaregåane skole

Innafor vidaregåande opplæring inngår drama som studieretning i Musikk, dans og drama (udir.no). Vi tilbyr praktisk pedagogisk utdanning med fagdidaktikk i drama/teater for kandidatar som ønsker å undervise i vidaregåande skole. Denne utdanningen kan også brukast til å undervise i Drama og teater i kulturskoler, noko Stortingsmelding 18 (2020-2021) Oppleve, skape, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge (regjeringen.no), fremmer.

Faglig profil og spesialisering

Fagmiljøet engasjerer seg i forskingsgruppa Kunnskapelser, tverrkunstneriske produksjonar og internasjonale samarbeid. Vi er også medlemmer av nettverket Drama- og Teaterpedagogene.

Fagmiljøet disponerar ein dramasal med lysrigg og eit enkelt lydanlegg. Ved behov samarbeider vi også med fagmiljøa i musikk og kunst & handverk.

Personar i fagmiljøet

Publisert 3. des. 2025 21:16 - Sist endret 1. juli 2026 12:11