Om e-bøker

Du kan søke etter e-bøker i Oria eller du kan søke direkte i e-bokbasane. E-bøkene kan lesast frå HiØs IP-adresser. Viss du sit heime, må du koble deg på HiØs nett ved hjelp av VPN eller logge direkte inn i e-bokbasane med FEIDE.

Søketips: Dei fleste e-bøkene er på engelsk. Derfor lønner det seg å bruke engelske søkeord. Når du har utført eit søk i Oria, kan du avgrense til Materialtype E-bøker i venstre marg.

Ebook Central*

Nesten 140.000 bøker i fulltekst innanfor dei fleste fagområde. Mange titlar har begrensinger når det gjeld talet på samtidige brukarar. Bøkene kan lesast utan registrering, men for å laste ned og lagre til eigen PC/mobil/nettbrett må du opprette eigen brukar i Ebook Central («sign in» øvst til høgre), følg deretter instruksjonane.

Ebsco eBooks Collection*

Samling med ca 1000 utvalde e-bøker innan dei fleste fagområde. Dei fleste titlar har begrensinger når det gjeld talet på samtidige brukarar.

IEEE Xplore*

Fullteksttilgang til tidsskrift og konferansepublikasjonar innan elektro, elektronikk og IT. I tillegg finst ein del e-bøker og standardar. Har moglegheit for siteringssøk.

Digitale læremiddel i grunnskulen og vidaregåande skule

Digital dugnad
I desse tider opnar forlaga fleire av dei digitale ressursane sine, dette gjeld òg digitale lærebøker.

Mer informasjon finnes her:
Brettboka: https://brettboka.no/  (Alle dei store norske lærebokforlaga, og dessutan mange av dei mindre, tilbyr i dag sine lærebøker gjennom Brettboka)
Gyldendal forlag: https://www.spiroo.no/#/login (bruk Feide innlogging)
​Cappelen Damm: Unibok: https://www.unibok.no/ (ein må bestille prøvetilgang sjølv)

Bokhylla

Norske e-bøker frå Nasjonalbiblioteket. Kan lesast online. Ein del eldre bøker kan lastas ned i PDF format.

Bookboon

Gratis e-bøker på engelsk, kan lastas ned i PDF-format.
Ingeniørfag, realfag, IT, ledelse, marknadsføring mm. Finansierast 15% av reklame. Meir om Bookboon

Publisert 3. mai 2018 12:51 - Sist endret 30. nov. 2023 14:45