Kva er ein vitskapleg artikkel?

Ein vitskapleg artikkel er kvalitetsvurdert av fagpersoner og blir publisert i eit vitskapleg tidsskrift (peer-reviewed = fagfellevurdert).

Vitskaplege artiklar kan vera:

Originalartikkel - skildring av ein studie der resultatet frå eit forskingsarbeid blir publisert for første gang.
Oversiktsartikkel (review article) - gjennomgang av fleire studiar som allereie er publiserte.

IMRaD

Dei fleste vitskaplege artiklar er strukturerte etter «IMRaD»-modellen
(Introduction, Methods, Results and Discussion):

  • Innleiing
  • Metode
  • Resultat
  • Diskusjon

I tillegg skal artikkelen ha samandrag, konklusjon og referansar.

Les meir om vitskaplege artiklar

Forskningsartikkel eller fagartikkel?

"Hensikten med en forskningsartikkel er å presentere ny kunnskap, mens en fagartikkel skal gjøre gjeldende kunnskap kjent." (Lerdal, 2012). 

Lerdal, A. (2012) Forskningsartikkel eller fagartikkel? Sykepleien, 100(2), 72-73.
Du kan lese artikkelen i sin helhet her:  doi10.4220/sykepleiens.2012.0018

 

Publisert 25. sep. 2019 12:11 - Sist endret 12. juli 2022 15:04