English version of this page

3 tips for betre søking

1. Bruk litt tid på å tenka gjennom kva du skal søka på.

Finn synonym og omsetjingar til engelsk. Har du lese om det du skal søka på i ei bok eller ein artikkel allereie? Bruk det du har lese, t.d. i pensumlitteraturen, til å få fleire tips til ord som kan beskriva emnet.

2. Finn du for mykje?

  • Bruk fleire ord i søket. Fleire søkeord samtidig vil gi færre treff.
  • Bruk hermeteikn «» når du skal søka på eit samansett omgrep, t.d. «nyutdanna lærarar» eller «høgt blodtrykk».
  • Avgrens søket til dei nyaste publiseringane.

3. Finn du for lite?

  • Sjekk at du har stava søkeordet riktig. Riktig skrivemåte er nødvendig både på norsk og engelsk.
  • Kanskje du søker feil stad? Ein annan database kan gi fleire treff på emnet du søkar etter.
  • Sett ei stjerne * i slutten av eit ord så søkar du på alle moglege endelser av ordet (trunkering). Eit søk på pedagog* gir treff på pedagog, pedagogar, pedagogisk, pedagogiske osb.
  • Bruk færre ord i søket. Mange søkeord i same søk gir få treff.

VideoEnkle tips for gode søkeord

Søketeknikker (lenke til Søk & Skriv)

Publisert 25. sep. 2019 12:11 - Sist endret 28. aug. 2023 11:28