Kunstmøte i lærarutdanninga

Korleis kan Den kulturelle skolesekken bli ein ressurs i utdanninga av lærarar for framtida? Det var eit av spørsmåla som vart drøfta på Kulturtanken si konferanse 19. oktober.

Biletet viser Gunhild Brænne Bjørnstad, Kristine Høeg Karlsen og Mats Andersen.

Gunhild Brænne Bjørnstad, Kristine Høeg Karlsen og Mats Andersen på konferanse i regi av Kulturtanken. Foto: Marte Glanville

Ved Fakultet for lærarutdanningar og språk ved Høgskolen i Østfold har eit knippe lærerutdannere i snart ti år utforska korleis innovative metodar kan brukast til å styrkja grunnskulelærarstudentane si kompetanse innafor tverrsektorielt samarbeid med fokus på Den Kulturelle Skulesekken (DKS). 

Samtaler med leire

Gunhild Brænne Bjørnstad og Kristine Høeg Karlsen var invitert til Kulturtanken si konferanse Løsninger? Den kulturelle skolesekken på lærerutdanningene, for å dele forskningsresultata sine knytt til for å styrkje kunnskapen og ferdigheitene til lærerstudentane i møte med Den Kulturelle Skolesekken (DKS) som ekstern partnar i skulen.

Gunhild B. Bjørnstad og Kristine Høeg Karlsen arbeider med leire.
Gunhild Brænne Bjørnstad og Kristine Høeg Karlsen innviar deltakarane i leire som forskingsdata. Foto: Anne-Lene Løvig Glomsrød

Forskinga har blitt gjort ved Fakultet for lærerutdanninger og språk. I eit tverrsektorielt samarbeid har lærarstudentane fått samarbeide med studentar i dansekunst. - Dei utvikla ei kunsthending i lag, som er ein slags mini DKS-produksjon, fortel Bjørnstad. I den siste publikasjonen til Bjørnstad og Karlsen - "An artful encounter with dance" (i trykk), undersøkjer dei korleis lærarstudentane reflekterer kring samarbeidet.

Heilt konkret samtaler forskarane med lærarstudentane om rolla deira som medskaparar i kunsthendinga med bruk av leire. Karlsen forklarer; - Ved å bruke dette symbolske formspråket, vert lærarstudentane invitert til å uttrykkje opplevingar som det kanskje ikkje er so lett å uttrykkje med ord. Lærarstudentane opplevde ei kjensle av samskaping og stoltheit ved å kunne bruke leire som uttrykksform. Studien konkluderer med at studentane har fått innsikt i korleis dei som framtidige lærarar, kan førebu elevar på kunstmøter som Den kulturelle skolesekken tilbyr.

Å investere i barn si framtid

For nokre elevar kan det vera utfordrande å forstå, og kanskje til og med provoserande, å oppleve den profesjonelle kunsten som Den kulturelle skulesekken byr på. Bjørnstad peikar på at det av den grunn er heilt avgjerande at lærarstudentane, som del av utdanninga, tileignar seg kompetanse som gjer dei i stand til å førebu elevane på slike kunstopplevingar.

Karlsen fortel at det er naturleg for barn å bruka kroppen aktivt i leik og fantasi når dei lærer. - Det at læraren tek del i aktivitetane på denne måten, gjer at barnekulturen blir teken på alvor. Det er god bruk av tida i skulen, og ei viktig investering i framtida til barna, seier ho.

- Lærarstudentane viste eit eigarforhold til kunsthendinga, der dei både var trygge og fokuserte i formidlinga av den. Dette rører meg. 

Kristine Høeg Karlsen, Høgskulen i Østfold

- Døra er vid opa til mitt klasserom

Bjørnstad og Karlsen hadde invitert med seg tidlegare lærarstudent Mats Andre Andersen til konferansen, for å dele sine erfaringer frå lærarutdanninga. Han var med på å utvikle undervisningsopplegget for lærarstudentane, saman med et designteam som besto av lærarar, kunstnarar og lærarutdannarar. I dag arbeidar han som nyutdanna lærar i Fredrikstad, og neste veke skal han for første gong som lærar ta imot kunstnarar fra DKS.

Biletet viser Mats Andre Andersen.
Mats Andre Andersen held innlegg på Kulturtanken si konferanse. Foto: Anne-Lene Løvig Glomsrød

- Eg har óg ein lidenskap for musikk, og i utgangspunktet er døra mi alltid vid opa for kunstnarar som ønskjer å besøkje klassa mi, fortel Andersen. - Det som kanskje overraska meg mest, var reaksjonane frå medstudentane mine, som kanskje ikkje hadde den same forståinga for verdien av kunsten, og kor verdifult dei opplevde undervisninga som ei førebuing til fremtidig samarbeid med kunst- og kultursektoren, legg han til.

Karlsen kan fortelja at ho har trua på at lærarstudentane tar med seg erfaringane inn i skulen som kommande lærarar. - Lærarstudentane viste eit eigarforhold til kunsthendinga, der dei både var trygge og fokuserte i formidlinga av den. Dette rører meg, seier ho.

Biletet viser figurar som er laga av leire. I bakgrunnen kan ein skimte personane som har laga figurane.
På konferansen fikk deltakarane prøve seg som leirekunstnarar og å artikulere gjennom dette formspråket. Skulpturane vart til ein liten kunstinstallasjon. Foto: Kristine Høeg Karlsen  

Hovudsamarbeidspartnar i forskingsprosjekt

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sørgjer for at alle skulebarn opplever eit mangfald av kunst og kultur. DKS er en av hovudsamarbeidspartnaren til forskingsprosjektet pARTiciPED. Med utgangspunkt i dei tverrfaglege temaa i fagfornyelsen 2020, som bærekraftig utvikling, folkehelse og livsmestring, og demokrati og medborgarskap, vert kunsthendingar med undertema knytt til identitet, meistring og speleverda presentert.

pARTiciPED varer frå 2020 til 2024, men var starta opp allereie i 2014. I 2016 mottok prosjektet penger fra Oslofjordfondet og i 2020 fikk det full støtte fra Norges Forskningsråd. Både nasjonale og internasjonale partnarar er involvert. Høgskolen for Dansekunst, NTNU, Universitetet i Agder, Kulturtanken og Københavns Universitet er nokre av disse. Du kan lese meir om forskingsprosjektet pARTiciPED her.

Emneord: Tverrsektorielt samarbeid, dansekunst, DKS, skole og utdanning, grunnskolelærerutdanningen, innovasjon Av Kristine Høeg Karlsen og Irene Felde Olaussen
Publisert 1. nov. 2023 12:38 - Sist endret 1. nov. 2023 13:05