Trash or Treasure?

Trinn: Etter 4. trinn. 

Tema: Bærekraftig utvikling

Kort beskrivelse

Dette tverrfaglige undervisningsopplegget er laga etter 5E-modellen (se figur).  Gjennom denne metoden skal elevane få høve til og utforske, forklare og utvide kunnskapen og forståinga si. Motivasjonen ligg i å bygge vidare på dei forkunnskapa elevane har. Læraren er rettleiar og legg til rette for at ulike metodar for å finne ny kunnskap er tilstade. Elevane får angripe stoffet på mange ulike måtar slik at prosessen blir spanande, utviklande og ikkje minst motiverande. Opplegget har utgangspunkt i kompetansemåla i læreplana etter 4. trinn, i både naturfag og engelsk. 

Kompetansemål

Engelsk
Språklæring

  • identifisere situasjonar der det kan vere nyttig eller naudsynt å kunne engelsk
  • samtale om eige arbeid med å lære engelsk
  • finne likskapar mellom ord og uttrykksmåtar i engelsk og eige morsmål
  • bruke digitale ressursar og andre hjelpemiddel i utforsking av språket

Munnleg kommunikasjon

  • lytte til og forstå tydinga av ord og uttrykk ut frå samanhengen dei er brukt i
  • forstå og bruke engelske ord, uttrykk og setningsmønster knytt til eigne behov og kjensler, daglegliv, fritid og interesser

Skriftleg kommunikasjon

  • forstå samanhengen mellom engelske språklydar og bokstavar og trekke lydar saman til ord
  • forstå tydinga av ord og uttrykk ut frå samanhengen dei er brukt i
  • lese, forstå og skrive engelske ord og uttrykk knytt til eigne behov og kjensler, daglegliv, fritid og interesser
  • forstå hovudinnhaldet i enkle tekstar om kjende emne
  • skrive korte tekstar som uttrykkjer meiningar og interesser, og som beskriv, fortel og spør
  • bruke nokre vanlege småord og enkle stave- og setningsmønster
  • bruke digitale verktøy for å hente informasjon og eksperimentere med å skape tekst

Naturfag
Forskerspira

  • bruke naturfaglige omgrep til å beskrive og presentere eigne observasjonar, foreslå og samtale om moglege forklaringar på det ein har observert

Mangfald i naturen

  • praktisere kjeldesortering og diskutere kvifor kjeldesortering er viktig
  • beskrive kva ein kan gjere for å ta vare på naturen i nærområdet, og argumentere for omsorgsfull framferd i naturen

Læringsmål

Bevisstgjering om miljøvern

  • Elevane skal lære om kva tiltak som ein gjer både heime, på skulen og i nærmiljøet
  • Elevane skal lære å bruke ulike metodar for å få svar på hypotesane sine
  • Elevane skal auke ordforrådet og kunne uttrykke seg med enkle setningar på engelsk, både skriftleg og munnleg
  • Elevane skal bli medvetne om omgrepet berekraftig utvikling og kva ting i kvardagen dei kan gjere for å bidra til ei berekraftig utvikling.

Ressursar

Vedlegg
Vedlegg 1: Bilete som lærar klipper opp som puslespelbitar (PDF)
Vedlegg 2: Berekraftig utvikling (plakat med bilete av omgrep) (PDF)
Vedlegg 3: Ordbank til omgrepsplakaten (PDF)
Vedlegg 4: Mal for å lage utbrettshistorie med engelsk tekst (PDF)

Lenker
Spel med avfallssortering
Teiknefilm som beskriv menneska si rovdrift av jordkloden (YouTube)
Gratis program som elevane kan lage digitale fortellingar av bileta sine (Photo Story)

Førebuingar

Skriv ut og klipp til puslespelbitane (sjå vedlegg)

Skriv ut omgrepsplakaten. Saman med elevane bretter ein arket som ein skal bruks til utbrettshistoria.

Plan for opplegget

ENGASJERE/VURDERE
Læraren finn ut kva forkunnskap elevane har. Gjennom denne kartlegginga skapar ein nysgjerrigheit og nye læringsbehov.

  • Læraren har på førehand laga ferdig puslespela (sjå Ressursar, vedlegg 1) med ulike bilete som representerer temaet som dei skal jobbe med. Alle brikkane vert godt blanda og kvar elev får kvar sin brikke. No må elevane prøve å finne kven som har bitar til same puslespel og kva bilete handlar om.
  • Kvar gruppe fortel dei andre elevane om kva bilete dei har. Beskrivinga kan ein gjere på norsk, men om elevane har nokre engelske omgrep på plass, må dei gjerne bruke desse.
  • Sjå filmsnutten frå  YouTube (sjå Ressursar).  Elevane vil kjenne att bilete sine i videoen. Diskuter i klassen om dei forstår kva videoen  syner:  korleis menneske har  negativ innverknad på jordkloden.
  • Elevane arbeider med omgrepsplakaten og orda som høyrer til (Sjå Ressursar, vedlegg 2 og 3).  La elevane anten skrive eller lime på omgrepa på dei riktige bileta innanfor dei 4 kategoriane.
  • Kvar og ein kartlegg kva dei gjer av miljøvennlege tiltak heime hos seg sjølv.
  • Kva gjer kommunen? Kva gjer skulen?
  • Lage ein ordbank med viktige omgrep på engelsk. Sidan elevane meist truleg manglar dei engelske omgrepa, må læraren delta aktivt i denne prosessen med å finne dei naudsynte engelske omgrepa ( bruk omgrepsplakaten som støtte).

UTFORSKE/VURDERE
Læraren legg til rette for at elevane kan få utforske gjennom ulike metodar.

  • Bruk mobilkamera/kamera til å dokumentere miljøtiltak både heime, på skolen og nærmiljøet.
  • Kva leverer vi til gjenvinning?
  • La elevane få bruke internett for å søke etter kunnskap.
  • Finst det eit miljøanlegg/miljøstasjon i kommunen? Ein ekskursjon til eit miljøanlegg for å få ny kunnskap om miljøvern er kanskje ein idé?
  • La elevane lage ei Photo Story av bileta som dei har samla inn. Her kan dei lage digitale forteljingar og spele inn lydfilar med engelsk tale, gjerne i par/små grupper.

FORKLARE/VURDERE
Læraren legg til rette for at eleven får kommunisert den nye kunnskapen sin.

  • Elevane teiknar og fortel om ein gjenvinningsprosess i gjennom ei utbrettshistorie, ved bruke ein enkel spå (sjå Ressursar, vedlegg 4). Med utgangspunkt i ordbanken skal dei lage enkle setningar til bileta dei har teikna.
  • Elevane kan presentere dei digitale forteljingane sine frå Photo Story for klassen. Kanskje kan ein vise desse på et foreldremøte òg?

UTVIDE/VURDERE
Få elevane til å utvikle djupare og breiare forståing med utgangspunkt i sin eigen forkunnskap:

  • Diskusjonar i klassen rundt temaet miljøvern. Elevane samanliknar dei funna dei har gjort gjennom prosessen

Refleksjon og vurdering

Læraren må hjelpe elevane til å halde fokus på læringsmåla undervegs i prosessen. Eleven er avhengig av konstruktive tilbakemeldingar på arbeidet sitt, for å kunne drive dette prosjektet fram. Elevane skal sitte igjen med at det er dei sjølve som har utforma prosjektet og dermed få et eigarskap til opplegget.

Oppfølging

Opplegget kan vere en døropnar til vidare jobbing med temaet berekraftig utvikling. Filmsnutten frå YouTube (sjå Ressursar.)

Idé og utarbeidelse

Katrine Kjæreng Kolstad, Framandspråksenteret

Publisert 19. feb. 2020 10:49 - Sist endret 18. feb. 2021 14:06