Om Framandspråksenteret

Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa (Framandspråksenteret), er eitt av fleire nasjonale senter oppretta av Kunnskapsdepartementet

Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa skal:

  • bidra til at barn, unge og vaksne kan få ein likeverdig og tilpassa opplæring av høg kvalitet i eit inkluderande fellesskap.
  • bidra til auka kvalitet i fremmedspråkopplæringen og til auka motivasjon og interesse for fremmedspråk
  • vidareføra arbeidet med forskningsformidling og praksisnær aktivitet og bistand basert på relevant forsking. Aktuelle målgrupper for arbeidet er lærarutdanningane, skule- og barnehageeigarar, leiarar og tilsette i barnehagar og skular og PP-tjenesten.
  • bidra til at barnehagar og skular får auka kompetanse til å tolka og operasjonalisera rammeplan og læreplanverket.
  • støtte andre institusjonar og særleg lærarutdanningane i arbeidet deira med kompetanseutvikling i skulane og barnehagane.

Ved behov skal Framandspråksenteret òg vera rådgivar for nasjonale utdanningsmyndar innanfor framandspråk. I tillegg skal Framandspråksenteret vidareføra innsatsen på det internasjonale området og vareta oppgåvene sine overfor aktuelle samarbeidspartnarar.

Mandato en español / Mandat en françaisMandate in English / Mandat på nynorsk / 关于外语中心 / Mandat auf Deutsch / Мандат на русском

Samarbeidspartnarar

Med samarbeidspartnarar meiner vi dei vi har inngått ein intensjonsavtale med./Partners with whom we have signed a memorandum of understanding.

Årsplanar og årsrapportar

Les meir om arbeidet vårt i våre årsplanar og årsrapportar

Nasjonale sentre

Det er elleve nasjonale senter, som på ulike satsingsområde har nøkkelroller for å utvikla kvaliteten på opplæringa.