Mandat nynorsk

Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa skal:

  • bidra til at barn, unge og vaksne kan få ei likeverdig og tilpassa opplæring av høg kvalitet i eit inkluderande fellesskap
  • bidra til auka kvalitet i framandspråkopplæringa og til auka motivasjon og interesse for framandspråk
  • føre vidare arbeidet med forskingsformidling og praksisnær aktivitet og bistand basert på relevant forsking. Aktuelle målgrupper for arbeidet er lærarutdanningane, skule- og barnehageeigarar, leiarar og tilsette i barnehagar og skular og PP-tenesta
  • bidra til at barnehagar og skular får auka kompetanse til å tolke og operasjonalisere rammeplana og læreplanverket
  • støtte andre institusjonar og særleg lærarutdanningane i deira arbeid med kompetanseutvikling i skulane og barnehagane
  • Ved behov skal Framandspråksenteret òg vere rådgjevar for nasjonale utdanningsmyndigheiter innanfor framandspråk. I tillegg skal Framandspråksenteret vidareføre innsatsen på det internasjonale området og ta i vare oppgåvene sine overfor aktuelle samarbeidspartnarar.
Publisert 9. mars 2020 15:35 - Sist endret 9. mars 2020 15:35