Les, hugs og teikn!

I denne aktiviteten nyttar ein strategiar som å skanne ein tekst for informasjon og memorere det ein har lest med spesielt fokus på å hugse ord, frasar og korte setningar. Det er hovudsakleg dei reseptive ferdigheitene ein øver her, men i prosessen med å overføre informasjon frå eitt format til eit anna trenar ein òg dei produktive ferdigheitene.

Læraren lagar ein tekst med ei beskriving av til dømes ein person (“Missing person!” eller “Vermisst!”). Han/ho skriv teksten på ein plakat og heng denne framme i klasserommet med teksten snudd innover. Det må vere like mange plakatar som det er grupper i klassen.

Éin elev frå kvar gruppe startar med å springe fram, snu plakaten og lese raskt gjennom teksten. Læraren tek tida, for dei får berre så og så mange sekund på seg (til dømes 10 sekund). Eleven snur plakaten igjen og vender så tilbake til gruppa og fortel kva han/ho las. Informasjonen skal eleven overføre til ei teikning, i tillegg til at vesentlege fakta skal skrivast i ein kort informasjonsboks under teikninga. På førehand kan gruppa ha fått utlevert ei form for mal, til dømes eit ark med ein stor oval sirkel som indikerer eit ansikt, for å unngå at dei teiknar for smått, og med rom for tekstskriving nedanfor. Elevane får litt tid til å planleggje den vidare taktikken. Så spring nestemann fram, les teksten og returnerer til gruppa med ny informasjon, deretter er det elev nummer tre sin tur, og så vidare. Avhengig av kor vanskeleg teksten er, og språknivået til elevane, kan ein vurdere å gjenta prosedyren éin eller fleire gonger. Det kan vere nødvendig – og til god hjelp – å stoppe elevane undervegs for å høyre om dei kan gjere greie for kva strategiar dei bruker for å hugse, om dei planlegg kva dei skal sjå etter (heilskapen først og deretter detaljane?), og om dei har tankar om korleis dei skal gå vidare. På den måten kan elevane få tips frå kvarandre.

Etterpå viser elevane fram og diskuterer resultatet opp mot opplysningane i originalteksten og strategiane dei tok i bruk for å hugse og overføre informasjon frå eitt format til eit anna. Det kan òg vere ein god idé å la teikningane sirkulere i klassen, slik at elevane kan diskutere løysingane til kvarandre.

Dømet ovanfor passar godt når ein arbeider med personbeskrivingar. Andre idear kan vere å beskrive ein bil eller eit hus som skal seljast, ei grønsaksbu på torget med prisar på varene, eit rom i eit hus o.l. 

Førebuingar

Læraren må på førehand lage ein eigna tekst og eventuelt ein enkel mal til teikneoppgåva og utstyre seg med ei klokke som viser sekund.

Publisert 15. sep. 2020 13:21 - Sist endret 14. okt. 2020 07:53