Seie, klapse og hugse

I denne aktiviteten er det fokus på stavingar. Gjennom klappeøvingar blir elevane bevisste på den relativt abstrakte prosessen det er å bevege seg frå tydinga til eit ord til korleis det lyder – og kva lydar som er med i ordet når du seier det. Når vi lærer eit framandspråk, er trykk og inndeling i stavingane i orda ein viktig del av det å lære uttalen til språket. Alle, og spesielt elevar med fonologiske vanskar, vil ha utbyte av den taktile tilnærminga til aktiviteten.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren modellerer ved å vise ein presentasjon med ord og klappar stavingane i ordet slik: stort klapp ved trykktung staving, lite klapp ved trykklett staving
  • Elevane følgjer rørslene til læraren
  • Elevane dannar grupper på tre
  • Kvar gruppe får utlevert eit sett med lappar. Elevane trekkjer lapp etter tur
  • Dei skal no gå på oppdagingsferd og finne ut kor mange klapp (stavingar) det er i orda, og kva for nokre som er trykktunge/trykklette. Ordet skal «framførast» med store/små klapp for dei andre i gruppa. Deretter skal ordet seiast med klapp av alle i gruppa

Førebuingar

  • Lage ein presentasjon med utvalde ord og tilhøyrande biletstøtte for innføring i aktiviteten
  • Klargjere lappar med ord og tilhøyrande biletstøtte på elevane sitt nivå
Publisert 2. okt. 2020 06:45 - Sist endret 14. okt. 2020 07:51