Mi ciudad

Trinn: Nivå I. Tema: Bybeskrivingar. Tid: 3–4 timer (sjå kommentarar)

Kort beskrivelse

Dette opplegget tek utgangspunkt i ei lydfil på nivå I som beskriv nokre byar på spansk. I dette opplegget har vi valt å jobbe berre med den første byen som blir presentert, Málaga. Opplegget er delt i aktivitetar som gjeld før lytting, under lytting og etter lytting. Målet er at elevane skal forstå lytteteksten og klare å skrive ferdig eit skjema som beskriv deira eigen by, og til slutt presentere det munnleg.

Kompetansemål

Kommunikasjon

  • Skrive tekstar som fortel, beskriv eller informerer
  • Presentere ulike emne munnleg
  • Bruke lytte-, tale-, lese- og skrivestrategiar som er tilpassa formålet

Språk, kultur og samfunn

  • Samanlikne nokre sider ved tradisjonar, skikkar og levemåtar i språkområdet og i Noreg

Læringsmål

  • Elevane skal vere i stand til å beskrive sin eigen by ved hjelp av ein mal.
  • Dei må kunne presentere denne teksten munnleg.
  • Dei må forstå ein lyttetekst for å kunne jobbe med det same temaet etterpå.
  • Elevane skal samanlikne nokre geografiske aspekt ved den spanske byen Málaga og byen/staden i Noreg som dei sjølve har valt.

Ressursar

Lenkjer

Vedlegg

Kommentar

Vi har laga ein lydfiltranskripsjon for høyrselshemma elevar.
Lærarar som ønskjer få ein kopi av den, kan ta kontakt med natali.s.schimpke@fremmedspraksenteret.no.

Førbuingar

Elevar

Opplegget er tenkt å vere eit supplement til kapitla om by- og stadbeskrivingar i læreverk for nivå I.

Elevane må kunne litt om verba estar (plassering), ser (eigenskapar) og hay («det finst»).

Lærar

Høyre på lydfila.

Plan for opplegget/sekvensen

Før lytting

  • Læraren informerer elevane om at dei skal høyre ein lyttetekst som beskriv ein spansk by på spansk.
  • Læraren introduserer nokre ord som elevane vil høyre i lydfila. Når det gjeld plassering, storleik, turistattraksjonar og årstider, er tanken at bileta frå vedlegg 1 skal vere så sjølvforklarande at læraren ikkje treng å omsetje dei. Læraren kan stille nokre enkle spørsmål der elevane må bruke dei nye orda.
    - ¿Dónde está Tromsø?
    - ¿Nueva York es una ciudad grande, pequeña o mediana?
    - ¿En Oslo hay un teatro romano?
    - ¿En Oslo hay un museo?
    Osv.
  • Når det gjeld å introdusere vokabular om kva ein kan gjere om dagen, og kva ein kan gjere om kvelden, skal elevane jobbe med tankekart. Læraren skriv først ordet PLAYA med store bokstavar på tavla. Elevane skal komme med forslag til ting ein kan gjere når ein er på stranda. Dersom elevane ikkje nemner dei aktivitetane som kjem fram i lydfila (bañarse, tomar el sol), bør læraren føye dei til sjølv.
  • Deretter skriv læraren ordet CIUDAD med store bokstavar på tavla. Elevane skal komme med forslag til ting ein kan gjere når ein er i byen om kvelden. Dersom elevane ikkje nemner dei aktivitetane som kjem fram i lydfila (cenar en un restaurante, comer tapas, bailar en discotecas), bør læraren skrive dei sjølv.
  • Læraren kan «teste» kva elevane hugsar, ved å spørje om alle dei nye orda.

Under lytting

  • Elevane får utdelt arka med spørsmål frå vedlegg 2 før dei lyttar på lydfila.
  • Ta opp eventuelle spørsmål.
  • Kvar elev bør laste ned lydfila og bruke hovudtelefonar, slik at han/ho kan høyre på lydfila så mange gonger han/ho ønskjer.
  • Lydfila varer eitt og eit halvt minutt, så elevane bør klare å svare på spørsmåla på under ein halv time.
  • Læraren kan gi fasiten i plenum eller dele han ut, slik at elevane kan rette sine eigne svar.

Etter lytting

  • Etter at elevane har høyrt på lydfila og løyst oppgåvene, skal dei bruke orda og strukturane dei har lært, for å beskrive ein annan by i vedlegg 3.
  • Elevane skal gjere dette gradvis, og den siste oppgåva skal vere å presentere byen dei har valt, munnleg.
  • I denne delen av opplegget skal elevane òg jobbe med rekneferdigheiter ved å finne ut gjennomsnittleg temperatur.

Kommentar

Alle elevane bør jobbe med alle oppgåvene bortsett frå oppgåve 4.3 (vedlegg 3). 
Denne oppgåva er tenkt for dei elevane som vil jobbe litt ekstra med stoffet.

Refleksjon og vurdering

Refleksjon

  • Elevane kan samanlikne korleis ein bruker svært enkle setningsstrukturar for å beskrive ein by på morsmålet og på målspråket. Fordi oppgåvene er bygde opp gradvis, kan elevane undersøkje undervegs kva som er likt og ulikt mellom morsmålet og det nye språket, og utnytte det i språklæringa.

Vurdering

  • Elevane kan vurdere sjølve korleis dei har løyst oppgåvene til lytteforståinga, etter at de har retta dei i plenum.
  • Når det gjeld den munnlege presentasjonen, kan læraren vurdere denne med karakter.

Oppfølging

Dette opplegget kan brukast som førebuing til munnleg eksamen om det same temaet. Eit døme på det kan vere å bruke dei andre bybeskrivingane frå den same lydfila.

Kommentarer

Dette opplegget kan ta 3–4 timar (avhengig av nivået til elevane). Måten det er delt opp (før, under og etter lytting), gjer det enklare for læraren å planleggje og strukturere undervisninga.

Idé og utarbeiding

Natali Seguí Schimpke, © Fremmedspråksenteret

Emneord: Kommunikasjon S1, Språklæring og flerspråklighet S1
Publisert 4. feb. 2020 14:52 - Sist endret 30. mars 2021 07:55