Nyhetsbrev 3 - 2025

Språknytt

  • Hjelp ein - hjelp alle!
    Tidlegare U.s.-Norway Fulbright Østfold Rover, Elizabeth Grassi samarbeider med to forskarar frå Høgskolen i Østfold om eit spennande prosjekt som involverer norske språklærarar. Forskarteamet har fått med seg lærarar frå fleire skular på laget, og prøver ut forskingsbaserte strategiar frå USA i dette prosjektet. Resultat frå prosjektet vil bli presentert ved internasjonale lærarkonferansar i 2025.
  • Tindlund ungdomsskule vann bøker i omsetjingskonkurranse
    Framandspråksenteret støttar leselyst og engasjement blant ungdommar på Tindlund ungdomsskule gjennom økonomisk støtte og skulebesøk.
  • Bøkene har nådd hyllene!
    Som ei støtte til Regjeringas lesesatsing lyste Framandspråksenteret i september 2025 ut midlar til bokinnkjøp til engelsk og framandspråk. Bøkene har no nådd bokhyller på skular rundt om i landet! 
  • Treng vi ein ny kurs for framandspråk?
    Gerard Doetjes og Fredrik Mathiassen Bovim svarer "Ja!" på dette spørsmålet i artikkelen sin i Nordic Journal of Language Teaching and Learning ( NJLTL).
  • Wir folgen der Tradition und machen es so wie immer?
    I denne artikkelen ser Karen Bauer og Beate Lindemann på situasjonen for utdanninga av tysklærarar i Noreg. Studien fokuserer på innhaldet i utdanninga, dens relevans for seinare praksis som tysklærar, og dessutan i kva grad studentane oppnår dei tiltenkte delkompetansane. Forfattarane tek også for seg kva reformer som er nødvendige for å utdanna tysklærarar med dei nødvendige språklege og faglege kompetansane.

Dysleksi og språk

  • Har du spørsmål rundt dysleksi og tysk som framandspråk?
    På nettsida deutsch.info finst ein eigen modul om dysleksi og tysk som framandspråk: Deutschunterricht für Lernende mit Legasthenie. Den inneheld velgrunna råd for lærarar (“Leitlinien”) og undervisningsmateriell i form av arbeidsheft med tekst og input, flashkort og interaktive vokabularøvingar. 
  • Dysleksivennlig undervisning i engelsk på 6. trinn
    Filmkompagniet er ein dansk leverandør av ulike filmar som viser eksemplarisk undervisning. På nettsida deira finst mellom anna ein interessant film om tilrettelegging av engelskundervisning for elevar med lese- og skrivevanskar på 6. trinn. Innhaldet kan også vera relevant for framandspråk.
  • Korleis ser dysleksivennleg undervisning ut på Furnes?
    I samband med 20-årsjubileumet for dysleksivennleg skule-prosjektet, har Dysleksi Norge delt ein video frå Furnes ungdomsskule som gir ørsmå glimt inn i eit engelsk- og eit spanskklasserom. Tilpassingsgrep som blir nemnt er variasjon, engasjement, fantasi og kreativitet, samlesing, lydstøtte, struktur, løpande kursing i digitale hjelpemiddel, m.m.

Tips til deg som språklærar

  • Det digitale oppgåvesettet vårt rundt temaet «running» finst no for fransk, spansk og tysk!
    Målet med desse oppgåvene er at elevane skal få trening i vurderingsforma dei møter til ny skriftleg eksamensform. Elevane får omgåande tilbakemelding på rett/feil på oppgåvene undervegs.
  • ZUM Deutsch Lernen
    Nettsia “ZUM Deutsch Lernen” fra Zentrale für Unterrichtsmedien inneheld eit vell av undervisningstips og -materiell. Ta ein titt på menyen og vel mellom bl.a. DaF-Glossar, Methoden, Lernpfade, Grammatik, Interaktive Übungen, m.m.
  • NTNU tilbyr nå fleksibel master i fransk og tysk
    Har du behov for å styrkja kunnskapane dine i fransk eller tysk med ei master, men ikkje høve til å delta på fysiske forelesingar på grunn av jobb eller andre forpliktingar? NTNU tilbyr no fleksibelt masterstudium som inkluderer digitale/hybride forelesingar og seminar!
    Søknadsfrist: 15. april
  • Nettstudium ved UiB 
    Universitetet i Bergen tilbyr nettbaserte vidareutdanningar på deltid i mellom anna fransk, spansk, tysk, arabisk og italiensk.
  • Digital kompetanse for undervisning og læring av språk
    E-lang gir språklærarar ressursar som fremjar bruken av «verkelege oppgåver» i ei pedagogisk tilnærming som fullt ut integrerer sosiale interaksjonar. E-lang støttar til slutt elevar i å bli kompetente og sjølvstendige språkbrukarar og dessutan digitale borgarar.

Publisert 3. apr. 2025 07:15 - Sist endret 22. jan. 2026 06:33