KRONIKK: Når prisane bli politikk

Debatten om straumprisar handlar om mykje meir enn kraftkablar, Acer og noregspris. Han avslører eit politisk paradoks: Vi har valt å vere ein del av ein integrert europeisk kraftmarknad, men held fram som om staten kan garantere stabile og «norske» prisar.

Bildet viser et vannkraftverk der en foss er lagt i store rør som sees i en fjellside.

Illustrasjonsbilde: Colourbox

Kronikken sto først på trykk i Dag og Tid 19.juni 2026.

Gjennom marknadsreformer og europeisk integrasjon har vi bygd opp eit system som skal gjere kraftforsyninga meir effektiv, klimavennleg og robust.

No har vi fått erfare at dette systemet er politisk sårbart. Når prisane «eksploderer», hjelper det lite at både ingeniørar og økonomar forklarar at systemet «fungerer etter hensikta».

Noreg var tidleg ute. På 1990-talet gjekk vi frå lokale energiverk – ofte (fylkes)kommunale selskap som både produserte, transporterte og selde straum i tillegg til å regulere prisar – til eit marknadsbasert system der energi blir prisa gjennom auksjon. Føremålet med reforma var mellom anna at straumen skulle flyte dit han har høgast verdi, og at prisane skulle gi tydelegare signal til både produsentar og forbrukarar. Den same logikken blei seinare bygd inn i den integrerte europeiske kraftmarknadsarkitekturen. Ideen var tilsynelatande enkel: Når land blir kopla saman, vil alle tene på betre utnytting av ressursane, og forsyningstryggleiken aukar.

Energitryggleik vart i mange år først og fremst forstått som fysisk tilgang og robuste nett. Så kom 2021–2022, med priseksplosjon i Europa, noko vi òg fekk oppleve gjekk ut over tryggleikskjensla. Når forbrukarane opplever utryggleik på grunn av høge straumprisar, undergrev det tilliten og legitimiteten til systemet. Noregspris er eit siste uttrykk for denne gryande mistilliten til systemet blant folk.

Frå ein økonomisk ståstad er likevel prisar eit viktig signal. Høge prisar fortel at det er knappleik, og at ein bør investere i produksjon og nettkapasitet. Slik sett gjer systemet «akkurat det det skal». Men for forbrukarane er dette ei mager trøyst, og dei høge prisane blir opplevde som utryggleik og «dårleg styring».

Og det er nettopp her noregspris som slagord og politisk løysing hentar krafta si. Det lovar ei slags nasjonal «trygg hamn» i ein uroleg europeisk marknad, tufta på ei forteljing om at «staten Noreg» kan ta tilbake kontrollen og tilby trygge «norske prisar» basert på «norske» ressursar. Dette er ikkje vanskelege idear å selje. Dei appellerer til ei intuitiv rettferdskjensle: «Dette er vår kraft, vi bør ha våre prisar.»

Problemet er ikkje primært at marknaden finst, men at konsekvensane slår skeivt ut.

Marknad eller stat er ikkje det sentrale spørsmålet på det noverande tidspunktet. Dette hadde vi svar på allereie då Noreg reformerte kraftsektoren: Vi treng begge, men i ulike roller. Den verkelege utfordringa no er å byggje institusjonar som toler neste krise gjennom å kombinere marknadsmessig effektivitet med energitryggleik, akseptable prisar og demokratisk legitimitet. Det tvingar oss til å svare på eit vanskeleg spørsmål: Korleis kan vi skape energitryggleik på ein måte som både økonomar kan forsvare og veljarane kan leve med?

For det første gjeld det å vere ærleg. Vi er no ein del av eit europeisk system. Sjølv om det å kople oss frå kan gi kortsiktig politisk gevinst, vil det samstundes gjere systemet mindre effektivt og meir sårbart – både for oss og for Europa. Den integrerte europeiske kraftmarknadsmodellen gjer det mogleg å utnytte norsk vasskraft betre gjennom året og mellom år med ulik nedbør. Han aukar forsyningstryggleiken ved at vi kan importere når vi har knapp ressurs, og eksportere når vi har overskot. Og han bidreg til å integrere meir fornybar kraft på tvers av grenser.

Prisane vil dermed aldri bli berre «norske» igjen. Å late som vi kan få full integrasjon i gode tider og full skjerming i dårlege, er uærlegdom. 

For det andre kan vi dempe utryggleiken for forbrukarane gjennom målretta fordelingspolitikk framfor å forstyrre marknadssignala. Problemet er ikkje primært at marknaden finst, men at konsekvensane slår skeivt ut. Det tilseier meir målretta støtteordningar og omfordeling i tillegg til enklare fastprisordningar.

For det tredje bør vi erkjenne at straummarknaden faktisk er ein politisk institusjon som fordeler kostnader, risiko og gevinstar. Dette krev openheit, forståelege reglar og tydeleg ansvarsfordeling. 

Dessutan finst det alternativ til anten full marknads- og integrasjonsoptimisme eller full nasjonal tilbaketrekking. Vi kan òg leggje betre til rette for lokale energifellesskap. Poenget er då ikkje å melde seg ut av den europeiske marknaden, men å byggje lokal kapasitet innanfor han. Både kommunar, burettslag, bedrifter og næringsparkar kan spele ei langt større rolle, både gjennom eigen produksjon, deling av energi, felles investeringar og fleksibilitet på forbrukssida. Det kan handle om lokalt eigarskap, deltaking og kontroll. I Noreg er slike energifellesskap framleis i ein tidleg fase, dominert av pilotar og enkeltprosjekt, medan ein i fleire europeiske regionar, mellom anna i Italia, allereie har energifellesskap som er tydeleg forankra i eigne reglar for lokal energideling.

Energitryggleik handlar med andre ord om noko meir enn nasjonal suverenitet – det handlar òg om kva slags institusjonar vi byggjer, og korleis dei fordeler makt, risiko og gevinstar mellom ulike aktørar.

Forfattere: førsteamanuensis Kari Anne Fange og professor Ann Cecilie Langgård Bergene ved Høgskolen i Østfold. 

 

Publisert 22. juni 2026 14:54 - Sist endret 24. juni 2026 14:21